Den pensjonerte NRK-medarbeidaren kommenterte ein tredel av dei 370 engelske tippekampane NRK sende frå 29. november 1969 til 8. april 1995.
Vi har bedt han setje opp sitt drøymelag frå tippekampane.
– Vi kjem ikkje bort frå at det blir mykje Liverpool. Frå midten av 70-talet til rundt 1990 var det Liverpool som var det store laget, og det var midt i den perioden tippekampen var stor i Noreg, seier Arne Scheie.
– Derfor er det naturleg å ta nokre av dei beste derfrå.
Liverpool var med i 56 av tippekampane. Det var to færre enn Manchester United og like mange som Arsenal. Men i dei første åra kom kampane berre frå Midt-England, og storlaga frå London, Manchester og Liverpool var berre med som «tilfeldige» bortelag.
Her er Arne Scheies tippekamp-lag:
Målvakt: Peter Shilton.
– Han er sjølvskriven, seier Scheie.
Shilton var aktiv under heile den nesten 26 år lange tippekamp-perioden, og var på skjermen for både Leicester, Stoke, Nottingham, Southampton og Derby. Totalt spela han 1005 ligakampar, ingen andre er i nærleiken av det. 125 landskampar fekk han også.
Høgreback: Phil Neal.
Neal var ein av forsvarskrumtappane på Liverpools store lag frå mdten av 70-talet til midten av 80-talet. Han kom frå Northampton i 1974, og i løpet av dei ti neste sesongane mista han berre ein ligakamp. Totalt spela han 650 kampar for klubben. Han blei også kjend gjennom radioreporter Bjørge Lilleliens engasjerte rop «Phil Gris Neal» etter ei takling i Englands kamp mot Noreg på Ullevaal i 1981.
Midtstoppar: Alan Hansen.
Den tøffe og kompromisslause skotten var også ein av Liverpool-kjempene på 70- og 80- talet. Han kom frå Partick Thistle i 1977 og fekk med seg åtte ligagull og to sigrar i FA-cupen. I alt spela han 620 kampar for Liverpool. Han hadde kanskje sin største sesong i 1978–79 då Liverpool berre sleppte inn 16 mål på 42 kampar på veg mot poengrekord og suverent ligagull.
Midtstoppar: Tony Adams.
Han spela midtstoppar for Arsenal heile karrieren, frå debuten i januar 1984 til han la opp i 2002, dei fleste åra som kaptein. Han er unik i den forstand at han har løfta ligapokalen som kaptein i tre ulike tiår (80-, 90- og 00-talet), og er blant klubbfansen rekna som ein av dei aller største i klubbhistoria. 672 kampar blei det for London-klubben, med fire ligameisterskap, tre FA-cupmeisterskap og to sigrar i ligacupen. Han fekk 66 landskampar for England. Fun fact: I sommar blei han vald til president i The Rugby Football League.
Venstreback: Kenny Sansom.
Sansom hadde også heile sin 21 år lange karriere innanfor tippekamp-perioden. Han slo gjennom i Crystal Palace på nivå 3 i 1975 og følgde dei opp til toppdivisjonen. Sine beste år hadde han i Arsenal, der han spela frå 1980 til 1988. Deretter gjekk ferda vidare til Newcastle, QPR, Coventry, Everton og Brentford. For Arsenal spela han 404 kampar.
Midtbane: Bryan Robson.
Han slo gjennom i West Bromwich, som han var med på å ta til tredjeplass i ligaen i 1978-79, etter mellom anna 5–3 over Manchester United på Old Trafford i det som mange meiner er tidenes tippekamp. Det var nettopp Manchester United han gjekk til i 1981, der han var kaptein og midtpunkt. Han fekk også med seg to Premier League-meisterskap mot slutten av United-karrieren, etter totalt 465 kampar for klubben. Han avslutta med tre sesongar i Middlesbrough, der han heldt fram karrieren som manager fram til 2001.
Midtbane: Graeme Souness.
Endå ein av dei som sette sitt preg på Liverpool i klubbens store periode. Skotten ligadebuterte for Middlesbrough i 1973, og blei kjøpt av Liverpool i 1978. Der fekk han fem ligameisterskap i løpet av sine sju sesongar før han reiste vidare til italienske Sampdoria og skotske Rangers. Han kom tilbake til Liverpool som manager frå 1991 til 1994.
Høgrekant: Peter Lorimer.
Han var kjend for sine ekstremt harde langskot på Leeds sitt storlag under manager Don Revie som blei ligameister i 1969 og 1974, og elles stort sett blei nummer to. Men dei vann cupfinalen mot Arsenal i 1972. Peter Lorimer fekk 707 kampar i løpet av 16 sesongar, og scora 238 mål. Han fekk berre 21 landskampar for Skottland, og scora fire mål.
Spiss: Kevin Keegan.
– Han var kanskje den spelaren som mest av alt bidrog til at tippekampane blei så populære som dei blei utover 70-talet, seier Scheie.
Keegan hadde «berre» seks sesongar i klubben, men dei gav tre meisterskap, to andreplassar og ein tredjeplass. Så gjekk han til tyske Hamburg, før han returnerte til Southampton og Newcastle. For Liverpool blei det 323 kampar og 100 mål mellom 1971 og 1977. For leiar-personlegdomen Keegan var det naturleg å bli manager etterpå. Han fekk aldri leie Liverpool, men tok Newcastle til andreplass i Premier League i 1996 og 1997.
Spiss: Kenny Dalglish.
Skotten blei innkjøpt til Liverpool frå Celtic i 1977 for å erstatte Keegan, og blei ein suksess. Han var aktiv i klubben fram til 1991, dei seks siste åra som spelande manager. På dei 13 sesongane spela han 515 kampar og scora 172 mål. Det gav åtte ligagull, to sigrar i FA-cupen og to europacup-sigrar. Seinare var han også manager i Liverpool i to periodar, men utan tilsvarande suksess. Det hadde han derimot i Blackburn, som han leia til ligagull i 1995.
Venstrekant: Chris Waddle.
I motsetnad til dei fleste andre på Scheies lag, var Chris Waddle nærmast ein klubbnomade. Han er mest kjend for åra i Tottenham frå 1985 til 1989, men var også tippekamp-aktuell i Newcastle (1980–85) og Sheffield Wednesday (1992-96). I mellomtida var han tre år i franske Marseille, der han blei ligameister i tre år på rad. Men Waddle vann aldri noko med sine engelske klubblag. Det nærmaste var cupfinalen med Tottenham mot Coventry i 1987, der Tottenham tapte 2–3 etter ekstraomgangar.
Fram til utpå 80-talet var det ikkje lov med meir enn ein innbytar på benken. Vi har derfor også bedt Scheie om å plukke ut ein.
– Det må vere ein skikkeleg allrounder, seier Scheie og tenkjer seg godt om.
Så har han kandidaten:
Reserve: Trevor Brooking.
Han var fødd i London, og spela for London-klubben West Ham heile karrieren, frå 1966 til 1984–643 kampar alt i alt. Han var i utgangspunktet midtbanespelar, men var brukt på dei fleste posisjonar. To cupmeisterskap–i 1975 og 1980–fekk han med seg. 47 kampar og 5 mål blei det på landslaget.