Hopp til innhold

Scheie heidra med spesiell gåve

Arne Scheie blir 70 år den 7. januar, og kommenterer si 42. og siste Hoppveke. Laurdag blei han heidra som ei legende av arrangør og utøvarar.

Scheie heidra

Arne Scheie mottok enkeltgåver frå skipresidentane i Oberstdorf, Garmishc-Partenkrichen, Innsbruck og Bischofshofen, samt ei minnebok der kolleager, journalistar og skihopparar hadde signert og lagt igjen eigne meldingar. Her saman med pressesjef for den tysk-austerrikske hoppveka, Ingo Jensen.

Foto: Brigitte Waltl-Jensen / OC Four Hills

– Det var ein veldig kjensleladd augneblink for både Arne og arrangøren av hoppveka, fortel Ingo Jensen, pressesjef for Hoppveka.

Scheie heidra

Heider og æra etter snart 42. år som kommentator i Hoppveka. Arne Scheie var rørt etter heidrene han fekk av arrangørane.

Foto: Brigitte Waltl-Jensen / OC Four Hills

Saman med leiarane for skiklubbane i dei fire ulike hoppbakkane og leiar for Hoppveka, Alfons Scranz, heidra han Arne Scheie laurdag.

– Det var uverkeleg. Det var hyggeleg, ei ære, men det var tøft å ta imot. Eg har berre gjort jobben min i alle år. Cupfinalen, dette, fotballfolk og hoppfolk. Det er kjekt at folk set pris på meg, også i utlandet, seier Scheie.

Han fekk eigne gåver av sjefane i Oberstdorf, Garmisch-Partenkirchen, Innsbruck og Bischofshofen.

– Det var forskjellige ting, mellom anna flotte glas og krystall, fortel Scheie.

Mest spesielt var derimot ei stor minnebok.

– Den minneboka var heilt utruleg, med alle dei store nasjonane, hopparane, helsingar, kollegaer i media og alt ein kunne ønskje seg.

Fokus på morgondagen og måndagen

Boka skal få ei verkeleg god plassering i bokhyllene heime i Noreg, fortel NRK-kommentatoren.

– Dette er nokre av dei flottaste minna eg har, slår Scheie fast.

Han har vore med sidan 1. januar 1973, og kommenterer si 42. Hoppveke. Laurdag formiddag blei han altså heidra av arrangørane.

– Eg heldt ein tale på mottakinga og sa at vi er svært stolte over å få heidre Arne Scheie som ei legende av Hoppveka, seier Ingo Jensen til NRK.

Arne Scheie

Her er Scheie framfor Olympiabakken og nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Trass i heider og gode ord, vil derimot Scheie helst ha fokus på utøvarane og hoppinga. At det er hans siste tysk-austerrikske hoppveke som NRK-kommentator tenkjer han lite på.

– Akkurat no tenkjer eg ikkje på det, det blir annleis neste år. No er det fokus på det som skal skje i morgon og i overmorgon. Alt som kjem etter får kome. Mange spør om eg er vemodig, men det er eg ikkje. Eg er glad og takknemleg over mykje moro, og det er få forunnt å få dyrke interesser og hobbyar i jobben sin.

Etter hoppveka blir det renn i mellom anna Polen for Scheie, før det blir avslutta med Planica i mars.

– Men du klarer ikkje halde meg unna fotballbaner og hoppbakkar i åra som kjem - sjølv om eg ikkje er tilsett i NRK, avsluttar Arne Scheie.

Scheie og hopparane

Arne Scheie blei nyttårsaftan heidra med ei eiga hoppdrakt av det norske hopplandslaget under deira tradisjonelle nyttårsmiddag i Garmisch-Partenkirchen tysdag kveld. Her er Scheie saman med Rune Velta (til venstre), Anders Bardal, Anders Jacobsen og Anders Fannemel.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal