Hopp til innhold

Saudiarabiske planar vekkjer oppsikt: – Dette er perverst

«Absurd», «perverst» og «utanomjordisk». Ekspertane bruker knusande ord for å skildre Saudi-Arabias planar for Dei asiatiske vinterleikane i 2029.

The Line, Neom

VINTERLEIKAR I ØRKENEN: Her skal Neom-byen liggje. Vintersports-arenaene skal liggje i fjella innanfor. Dette redigerede billede viser designplanen for skyskraperne i Neom.

Foto: - / AFP

Eg blir litt himmelfallen, seier Bjørn Olav Utvik til NRK.

Han er professor i Midtausten-studiar ved Universitetet i Oslo (UiO) og kunne tysdag lese at ørkenstaten Saudi-Arabia har fått tildelt Dei asiatiske vinterleikane i 2029.

Bjørn Olav Utvik, UIO

SAUDI-ARABIA-EKSPERT: Professor Bjørn Olav Utvik.

Foto: UiO

Den futuristiske vintersportsbyen har fått namnet Trojena, strekkjer seg over 65 kilometer og er ein del av gigantprosjektet Neom, som skal koste ufattelege 5000 milliardar kroner.

Trojena var den einaste «vertsbyen» som søkte om leikane.

– Dette er ein stor siger for Saudi-nasjonen og golfstatane, sa Prins Abdulaziz, den saudiarabiske idrettsministeren, då tildelinga var offisiell.

– Berre eitt hotell er bygd

Trojena og vintersportsanlegget er altså berre ein liten del av Neom – ein enorm futuristisk og hypermoderne by ved kysten av Raudehavet. Byen skal ha plass til 9 millionar innbyggjarar, ifølgje planane.

Det er i fjellområda i Neom at Trojena skal liggje.

Denne byen har vore planlagd i ein god del år no og har vorte haussa veldig opp. Ein journalist frå The Economist drog dit i år og fann at det stort sett var ørken og berre eitt hotell som var bygd der. Dei hadde ikkje ein gong eit namneskilt. Det betyr ikkje at dei ikkje kan komme i gang. Men det finst ei historie i Gulfen om at det går så som så med megaprosjekt som skal skapast ut av ingenting i ørkenen, seier Utvik.

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Neom skal etter planen romme ni millionar av menneske og har fått namnet «The Line». Alle bilda er planteikningar.

En svær bygning står midt uti en ørken, som er omgitt av hav. Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

To store konstruksjonar som er 500 meter høge står vend mot kvarandre, og skal strekke seg over 170 kilometer.

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Prinsen i Saudi-Arabia har fått tak i verdskjende arkitektar og engasjert eit amerikansk PR-byrå som skal hjelpe med å utvikle «The line».

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Det skal etter planen verken vere bilar eller vegar i den futuristiske byen. 

Saudi Arabias The Line er ein visjon om ein framtidsby.

Prosjektet skal ha ein prislapp på fleire hundre milliarder dollar. Alle bilda er planteikningar.

Byen og anlegga skal liggje på innsida av to 170 kilometer lange parallelle skyskrapar-rekkjer. Rekkja skal gå gjennom både fjell og ørken. Sjølv om temperaturen i Saudi-Arabia sjeldan kjem under ti varmegrader, kan det bli kuldegrader i fjella om vinteren.

I nabolandet Qatar, som arrangerer VM i november, er det bygd enorme air condition-anlegg i stadiona for å få ned temperaturen.

Allereie i 2019 lova Qatar at Khalifa stadion skulle vere klimavennleg før VM i friidrett, men slik blei det altså ikkje.

Dei asiatiske vinterleikane er trass alt mindre enn fotball-VM, men samstundes skal det lagast ein stad der det per dags dato ikkje finst nokon ting. Dei får nok til å arrangere dette, sjølv om det er ganske utfordrande at dei skal ha vinterleikar. Dei må skape kunstig vinter. Samtidig seier dei at dette skal vere klimanøytralt. Det har eg veldig liten tro på, seier Saudi-Arabia-eksperten.

– Sportsvasking i n-te potens

Det er det saudiarabiske investeringsfondet som skal finansiere bygginga av byen. Det er det same fondet som nyleg kjøpte opp den engelske fotballklubben Newcastle United.

«Ørkenane og fjella i Saudi-Arabia vil snart bli ein leikeplass for vintersport», heiter det i ei fråsegn.

– Dette er fjellivet for framtida, skriv arrangørane.

Den uttalen gir Jan Petter Saltvedt, NRKs sportskommentator, ein vond smak i munnen.

Jan Petter Saltvedt

SPORTSKOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Dette er fullstendig absurd og perverst. Det er så langt utanfor kva idrett bør vere – idrett på sitt vakraste. Det blir noko utanomjordisk over det heile, seier Saltvedt og held fram:

Som nordmann gjer det meg trist fordi dette også symboliserer kva vinter-OL er på veg til å bli. Det er snart slutt på tida med vinterfestar som vi nordmenn er så glad i. Det vi såg konturane av i Beijing, det er ikkje ein fest, men ein demonstrasjon av styrke og makt på kunstsnø.

Kvifor gjer Saudi-Arabia dette?

Det er styrkedemonstrasjon. Det er sportsvasking i n-te potens. Det er ikkje berre at dei går inn i ein sport, dei gjer noko som er heilt utopisk og bruker sporten til å vise at «vi kan gjere akkurat kva vi vil, fordi vi er så sterke at de må ta omsyn til oss. Vi har komme for å bli – de blir ikkje kvitt oss. Ikkje ein gong på vinteren», svarer Saltvedt.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Den saudiarabiske ambassaden i Oslo, men har førebels ikkje lykkast.

NRK-reporter Yama Wolasmal i Ukraina

NRK-KORRESPONDENT: Yama Wolasmal trur Saudi-Arabia ønsker å ta opp turist-kampen med Dubai.

Foto: NRK

Meiner kronprinsen er populær

NRK-korrespondent Yama Wolasmal er på ingen måte overraska over at ørkenstaten no gjer seg klar for å ta imot vintersports-utøvarar frå heile Asia.

Han fortel at leikane er ein del av kronprins Mohammed bin Salman visjon om å opne opp landet for turistar frå heile verda.

– Dei tenkjer at «viss Dubai klarer å tiltrekkje seg like mange turistar som historiske byar som London og Paris, så klarer vi å slå Dubai». Saudi-Arabia er så ufatteleg mykje rikare enn Dubai. Dei har sett seg som mål om å bli ein «turist-hub». Sett frå saudiarabarane sitt ståstad passar desse vinterleikane heilt perfekt til det dei prøver å få til, seier Wolasmal.

Sjølv om tildelinga av leikane har skapt reaksjonar utanfor Saudi-Arabia, meiner NRK-korrespondenten at både planane om gigantprosjektet Neom og vinterleikane ikkje er kontroversielle blant saudiarabarane.

– Kronprinsen har overraskande stor støtte blant unge saudiarabarar vi snakkar med. Dei utgjer 70 prosent av befolkninga. Dette har vore eit land som har vore hermetisk lukka for omverda – det har ikkje vore mogleg å reise dit som turist. Det har vore kjent for eit brutalt religiøst politi, konservative og strenge levereglar – men alt dette er kronprinsen i ferd med å fjerne. Han vil opne opp landet sitt og sparer ikkje på noko i forsøket på å modernisere eitt av verdas mest konservative land, seier han.

Tar ikkje stilling til Saudi-Arabia som OL-arrangør

Kristin Kloster Aasen er ein del av IOC-styret, som tildeler OL. Ho seier at dei ikkje legg seg borti kva den asiatiske arrangøren vel for De asiatiske vinterleikane.

Idrettsmyndigheiter i Saudi-Arabia har tidlegare uttalt at et OL-arrangement er eit mål for oljestaten, ifølge NTB. Vinterleikane i 2029 kan derfor sees på som eit skritt i retning av ein OL-søknad.

Aasen vil ikkje ta stilling til om Saudi-Arabia er aktuell som OL-arrangør i framtida.

– Eg er oppteken av det vi arbeider med i IOC, og det er at OL blir så bra og så berekraftig som mogleg, og at det toler kritikk og eit søkjelys. Eg håpar det vi gjer smittar over på andre, seier ho til NRK.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. IOC.

IOC-MEDLEM: Kristin Kloster Aasen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ho viser til at det må vere visse kriterium på plass for at eit land skal kunne arrangere OL. Ho seier at det har komme nye kriterium på plass sidan land som Russland og Kina (to gonger) vart tildelt OL.

– Vi må snakke med folk som vil snakke med oss. Men standardane våre, profilar og strategiar på menneskerettar, idrettsutøving, deltaking kjønnsbalanse og kvinner er heilt avgjerande for ein framtidig arrangør, fortel Aasen.

Føresetnader for natur og noko som nivå idrettsutøvarane i vertslandet er på er også nokre kriterium, forklarer ho.

– Kva nivå er Saudi-Arabias utøvarar på?

– Det aner eg ikkje. Eg veit ikkje om dei har skiløparar.

– Det seier vel ein del?

– Det seier at dei vil komme i ein situasjon der dei må diskutere kva som er føresetnadene deira for å kunne vere ein naturleg arrangør av vinter-OL.

Sportsnyheter

Qatarsk TV hånte Tysklands VM-smell: – Ser ikkje ut som dei bryr seg

Ein seanse frå eit qatarsk VM-program viser fleire personar som morar seg på kostnad av Tysklands VM-exit. Det får ekspertar til å riste på hovudet.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group H - Ghana v Uruguay

Stormet mot dommeren etter VM-exiten: – Totalt uakseptabelt

Sør-Koreas bragd over Portugal sendte Uruguay ut av VM. Da trillet tårene – og raseriet tok overhånd.

Siste nytt

  • Carlsen-advokater slår knallhardt tilbake mot Niemann

    I slutten av oktober ble det kjent at amerikanske Hans Niemann krever én milliard kroner av Magnus Carlsen etter jukseskandalen. Nå har Carlsens amerikanske advokater svart på Niemanns søksmål.

    I rettsdokumentene, som har blitt omtalt av The Wall Street Journal, går advokatene knallhardt ut mot Niemann og kaller søksmålet et «PR-stunt».

    – Etter flere år med forsøk på å skape et rykte som sjakkens «badboy», ønsker saksøker Hans Niemann å tjene penger ved å gi andre skylden for konsekvensene av hans egen erkjennende uredelighet, skriver advokatene.

    De skriver videre at retten må avvise alle Niemanns krav mot den norske sjakkstjernen.

    Carlsen og Niemann har i flere måneder stått i sentrum av en betent sjakkonflikt etter at etter at førstnevnte anklaget tenåringen for omfattende juks under partier.

    Niemann har i ettertid innrømmet at han jukset som 12- og 16-åring på Chess.com. Han avviser imidlertid at han brukte ulovlige midler mot Carlsen.

    Carlsen Niemann
    Foto: NTB
  • Slik spilles åttedelsfinalene

    Gruppespillet i Qatar-VM er ferdig, og allerede lørdag starter utslagsrundene. Nå er det vinn eller forsvinn.

    Den aller første åttedelsfinalen spilles lørdag klokken 16.00 mellom Nederland og USA. Den kampen sender TV 2.

    Klokken 20.00 samme dag kan du følge Lionel Messi og Argentina når de møter overraskelseslaget Australia. Den kampen sendes på NRK.

    Her er alle åttedelsfinalene:

    Lørdag 3. desember: Nederland - USA

    Lørdag 3. desember: Argentina - Australia

    Søndag 4. desember: Frankrike - Polen

    Søndag 4. desember: England - Senegal

    Mandag 5. desember: Japan - Kroatia

    Mandag 5. desember: Brasil - Sør-Korea

    Tirsdag 6. desember: Marokko - Spania

    Tirsdag 6. desember: Portugal - Sveits

    Utslagsrunder
    Foto: NRK
  • Sveits videre i VM etter amper målfest

    Serbia var avhengig av å vinne for å ha en mulighet til å gå videre fra gruppespillet, og kampen mot Sveits ble en thriller med høy temperatur.

    Sveits tok ledelsen med Xherdan Shaqiri i kampens 20. minutt, men Serbia slo raskt tilbake. Spisstjernene Aleksandar Mitrovic og Dushan Vlahovic scoret to raske mål og sendte Serbia ledelsen. Like før pause utlignet imidlertid Breel Embolo til 2-2.

    I den andre omgangen var det igjen Sveits som startet best, og allerede etter tre minutter avsluttet Remo Freuler et sveitsisk drømmeangrep. 3-2, og dermed måtte igjen Serbia snu kampen for å holde liv i VM-håpet.

    Det klarte de ikke, og dermed er Serbia ute, og på slutten var det flere tilløp til slåsskamp ute på banen. I den andre kampen i gruppa vant Kamerun 1-0 mot Brasil etter en overtidsscoring av Vincent Aboubakar. men det var ikke nok til å gå videre fra gruppespillet. Sveits møter Portugal i åttedelsfinalen, mens Brasil møter Sør-Korea.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Er Ola Lunde og fotball den perfekte kombinasjonen? 00:51
Neste