Siste nytt

  • Haaland hyller Zlatan

    Erling Braut Haaland (20) sliter med å forstå hvordan Zlatan Ibrahimovic (39) fortsatt herjer på øverste nivå. 18 mål på 26 kamper sier sitt. Mannen som nesten er dobbelt så gammel som Haaland, er igjen blitt en helt sentral spiller på San Siro. – Det er galskap. Zlatan er 39 år gammel, og han er så bra som dette, sier Haaland til ESPN.

    Haaland
    Foto: INA FASSBENDER / AFP
  • Wolves med komfortabel siger

    Wolverhampton vann 2-0 mot Crystal Palace i kveldens oppgjer i Premier League. I sin første kamp frå start sette Rayan Ait-Nouri inn 1-0 etter 18 minuttar. Knappe ti minuttar seinare fekk Daniel Podence si første skåring for sesongen. Like før slutt fekk Crystal Palace-spelar Luka Milivojevic raudt kort etter ein stygg takling på João Moutinho.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Andrew Boyers / AP
  • Tande og Opseth vann NM

    Silje Opseth og Daniel André Tande vann NM i hopp i normalbakken i Midtstubakken. Sjølv om Maren Lundby ikkje deltok la ikkje det nokon dempar på sigersgleda.

    – Det var ingen garanti for at det skulle gå vegen for meg i dag. Det at eg står på toppen i dag smakar godt, sjølv om Maren ikkje var med, seier Opseth med eit stort glis.

    Tande sikra seg sin første kongepokal med sigeren i kveld.

    – Det er ingen Kongsberg-hoppar i historia som har tatt ein kongepokal, så det er godt å endeleg få plassert den pokalen i skihistoria på Kongsberg, seier Tande til NRK.

    Gleda over å få med seg ein kongepokal får derimot ikkje Opseth. For kvinnene får ikkje nokon kongepokal.

    – Eg synest det er litt kjedeleg, seier Opseth til NRK.

    Det er eit krav om at ein må vere over 15 deltakarar for å dele ut ein kongepokal. I årets renn for kvinnene var det 9 som stilte til start.

    – Eg veit ikkje om det er ny rekord i år, men me er vert fall mange fleire enn me har vore tidlegare, og det er positivt. Me tar med oss det, sjølv om me ikkje er mange nok til å få kongepokal, seier Opseth.

    Halvor Egner Granerud tok sylvet og Marius Lindvik tok bronse. Eirin Kvandal kom på plassen bak Opseth, og Anna Odine Strøm tok bronse.

    Arrangementet skulle eigentleg vore i mars, men blei utsett på grunn av koronapandemien.

    NM-hopp kvinner og menn
    Foto: Heiko Junge / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal