- Følg:
– Førebels jobbar vi med at jentene skal etablere seg blant dei beste.
– Sjølv om jentene våre har underprestert litt i fartsøvingane (utfor, super-G og superkombinasjonen) her i Shcladming, så viser dei stor framgang, seier Ryste til NTB.
Han seier framgangen har vore spesielt synleg i europacupen, men også i verdscupen har ein sett gode resultat.
– Målet er difor å ha med jenter på OL-laget i Sotsji. Men det er ikkje før i VM om to år, i Vali/Beaver Creek, vi kan håpe at dei skal vere med og kjempe om medaljar.
Claus J. Ryste fortel at det blir satsa hardt for at alpinjentene skal kome seg heilt opp i verdstoppen.
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpixHåper på større breidde
Sportssjef Claus J. Ryste meiner han allereie leiar verdas beste alpinlag på gutesida, med Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud på topp.
No vil ha altså få jentene opp på same toppen.
– Det langsiktige målet vårt er å få større breidde på alle nivå, og det kjem vi til å få. Vi ser frå Europacupen at det er mange som kjem bakfrå.
Ryste trur ein får med fleire i dei tekniske greinene (slalåm og storslalåm) på herresida allereie i Sotsji.
– Mot Vali/Beaver Creek skal vi ha med fleire i alle disiplinar, også i utfor og super-G.
– Redusert til éinmannslag
Ryste seier til NTB at han hadde eit personleg mål om to norske medaljar i Schladming. Det innfridde Aksel Lund Svindal med gull og bronse i utfor og super-G.
– Eg kan ikkje seie anna enn at det som raskt blei redusert til eit éinmannslag, på grunn av kneskaden til Kjetil Jansrud, har levert så til dei grader.
Særleg utforgullet var kjekt å vere med på, seier sportssjefen.
– Derfor er eg kjempefornøgd med gutane før dei tekniske øvingane startar. På kvinnesida har vi ikkje hatt medaljekandidatar, men til no har det vore litt stong ut.
Saka held fram under bildet.
I lagkonkurransen stilte Noreg med fleire av dei unge og talentfulle. Leif Kristian Haugen (t.v.), Nina Løseth, Mona Løseth og Henrik Kristoffersen representerte Noreg i konkurransen.
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpixSårbar tropp
Sjølv om medaljemålet er nådd har VM i Schladming òg vist at den vesle norske troppa er veldig sårbar.
– Særleg med tanke på skader er vi sårbare. Det såg vi då Jansrud fell og øydela kneet. Plutseleg var vårt herrelag redusert med 50 prosent, og det er ikkje til å kome frå at det har prega oss.
Men det har vore klart mest positivt så langt i VM.
– Så fram mot OL i Sotsji og VM i Vali/Beaver Creek kjem det ikkje til å bli behov for store endringar i opplegget.
– Det kjem nok til å bli snakk om visse justeringar, men dei økonomiske ramme er stabile så vi kjem nok til å køyre vidare i same spor som i dag, avsluttar Ryste.
I Schladming blir det i dag torsdag køyrt storslalåm for kvinner, der heile troppa er med (Lotte Smiseth Sejersted, Ragnhild Mowinckel, Nina Løseth og Mona Løseth). Fredag er det storslalåm for menn, medan slalåmdisiplinane for kvinner og menn går til helga.
(NTB/NRK)