– Heisen var på veg opp til toppen, men stansa av eit straumbrot, seier Jørgen Graabak. Han var sjølv ikkje med, men såg at lagkameratane Jan Schmid, Espen Andersen og Jens Lurås Oftebro blei borte i tåka før alt stansa.
– Eg sat heilt åleine i heisen. Dei to andre sat i ein annan heis, fortel Oftebro til NRK.
Han fortel at han var utan straum på mobiltelefonen, og at han derfor ikkje ante kva som skjedde.
– Det var kaldt, og eg fraus. Det var godt då heisen starta igjen, og eg kom til toppen og fekk på meg varmt tøy. No går det bra, seier han.
– I vind og skodde på 3200 meters høgde kan det vere kritisk når heisen stansar og du ikkje er kledd for det, seier Graabak.
– Det kan vere kritisk når det går så lang tid, seier Graabak.
Han gjekk langs med heisen, men såg den ikkje. Skodda var for tett. Men han høyrde det.
– Desperate rop
– Eg høyrde at folk tok til å bli desperate oppe i stolane. Det var ikkje triveleg. Det var litt dårleg stemning der, for å seie det mildt. Det var sinte rop inne i skoddehavet, og ikkje noko triveleg i det heile.
– Det var litt dramatisk før hjelpa kom fram etter nærmare to timar.
Men det gjekk godt. Løparane fekk hjelp, blei tekne hand om og fekk seg varme klede og varm kakao.
– Dei har det etter forholda ganske bra, seier han. – Og det er trass alt det viktigaste.
Graabak sjølv hadde ikkje kome seg så langt som til heisen, og blei dermed ikkje med dei tre andre.
– Det er eg sjølvsagt glad for. Eg tok beina fatt og gjekk opp sjølv.