Førstedivisjonslaget Mjøndalen leia kampen mot toaren i eliteserien ved pause, men Kristoffer Zachariassen og Thomas Heintz snudde kampen i andre omgang.
Dermed enda årets cup i kvartfinalen for Mjøndalen, etter at laget har slått både Strømsgodset og Brann tidlegare.
– Eg har øvd på frispark frå akkurat den vinkelen. I dag sat det, sa Heintze. Han scora sigersmålet på eit velplassert frispark fem minutt før full tid.
Mjøndalen var fullt på høgde med Sarpsborg før pause. Dei var solide defensivt, og skapte fleire sjansar på kontringane.
Vakkert leiarmål
Quint Jansen sende Mjøndalen i leiinga med eit vakkert volley-mål etter 33 minutt.
Men Sarpsborg tok tak i kampen frå avspark i andre omgang. Kristoffer Zachariassen fekk stå heilt åleine og sette inn utlikninga frå kort hald.
Og så kom Heintz' frisparkperle då det nærma seg ekstraomgangar.
– Vi skaper meir trafikk og fleire sjansar etter pause. Og så er det godt å vinne og vite at vi er med når vi ser dei andre spele seinare, seier Sarpsborg-trenar Geir Bakke.
– Vi heldt ikkje heilt inn. Vi kunne fått både eitt og to mål til. Men vi blei slitne og hang ikkje heilt med. I dag hadde vi ikkje flyten seier Mjøndalens trenar Vegard Hansen.
– Men det er surt å ikkje klare det når vi er med så lenge. Det er litt bittert, seier han.
– I andre omgang var det blåmåling over heile linja, seier Lise Klaveness.
– Eg var imponert over den profesjonelle haldninga i andre omgang, og at laget ikkje stressa etter ein litt rufsete førsteomgang. Det svingar skikkeleg når Sarpsborg får det til, det er ei solid gruppe.