Apellkomiteen i DNT har høyrt partane i saka der den franske hestetrenaren har anka utstenginga på 15 år frå all hestesport i Norge.
Den franske trenaren Fabrice Souloy er tidlegare dømd for å ha dopa fire hestar som deltok i Oslo Grand Prix. All fire var plassert blant dei fem beste.
Det er Souloys advokat Staffan Uvebäck som samanliknar saka med dommen mot Therese Johaug.
– Johaug-dommen slår fast at ho ikkje dopa seg med vilje, men aktlaust, fordi ho leit på sin medisinske rådgjevar. Vår påstand er at det same har også Souloy gjort. Den veterinærmedisnske rådgjevaren har teke på seg alt ansvar. Derfor kan dei to sakene samanliknast, seier Uvebäck til NRK.
Johaug blei dømt til utestenging i 18 månader.
– Det er kanskje rundt der min klient også bør hamne, seier advokaten.
– Søkt samanlikning
– Det er ei heilt søkt samanlikning, seier Nils Kiær, advokat for Det Norske Travselskap (DNT). – I denne saka er det ikkje samsvar mellom veterinærens forklaring og analysesvaret. Derfor er Johaug-saka ikkje relevant, meiner Kiær.
I juni fann DNT Souloy skuldig i å ha medvite dopa fire hestar. Straffa blei sett til 15 års utestenging og ei bot på 500.000 kroner. Souloy og hans advokat anka dommen.
Angrip analysemetodane
Det er i hovudsak analysemetodane som er grunnlaget for anken.
– Analysene av dopingprøvene er gjort med feil metodar. Då skal dei heller ikkje leggast til grunn for ein dopingdom, seier Uvebäck.
– Dei har målt mengda av kobolt i vatn, ikkje i urin eller blod, seier han.
Uvebäck meiner også at kobolt ikkje er prestasjonfremjande.
– Vi har heile tida meint det, og det er ikkje ført noko bevis eller agrument som gjer at vi endrar oppfatning.
– Største dopingsak i norsk travsport
Nils Kiær meiner det ikkje er noko som tyder på at analysemetodane er brukt feil.
– Det er fire vitne på mi side som alle meiner dette er gjort på rett måte. Det er ingen grunn til å så tvil om analysereultata.
– Dette ser vi på som den mest alvorlege dopingsaka vi har hatt i norsk travsport. 15 år er ei rett straff, seier Kiær til NRK.
– Det er vilktig for dyrehelsa, fordi kobolt er giftig. Det er viktiug for travspelet, og for tilliten til at konkurransen er ærleg.
– Er kobolt prestasjonsfremjande?
– Ja, det meiner vi det er ført bevis for.