I fleire år har det vore ein isfront mellom IBA og IOC. Førstnemnde blei suspendert av IOC i 2019 på bakgrunn av økonomiske utfordringar, etiske problem, korrupsjonsskuldingar og manglande tillit til leiarskapet i forbundet.
No er IBA offisielt ute av den olympiske leiken, etter at IOC vedtok ekskluderinga på ein ekstraordinær kongress i førre veke, med 69 stemmer for og ei (Russland) mot.
Det får forbundet til å trekke ein dramatisk parallell.
– IOC har gjort ein enorm feil ved å trekke tilbake anerkjenninga si av IBA, og avslørte deira sanne politiserte natur. Det er oppsiktsvekkande at nettopp på denne dagen, for 82 år sidan, sette det fascistiske Tyskland i gang eit angrep på dei fredelege innbyggarane i Sovjetunionen, noko som resulterte i ei opptrapping av krigen og ein øydeleggande menneskeleg tragedie, skreiv IBA i ei uttale førre veke.
NRK sin sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner det er ein absurd samanlikning.
– At heile det offisielle kommunikeet til IBA startar med å trekke ein slik absurd historisk linje, illustrerer jo to ting. Først og fremst ein total mangel på vilje til å rette seg etter IOC sitt krav til OL-deltaking. Men det er òg eit uttrykk for den russiske kontroll over forbundet.
SPORTSKOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRK– Det framstår som eit openbert forsøk på å avleie merksemda rundt kva denne saka eigentleg dreier seg om, nemleg at dette er eit forbund gjennomsyra av demokratisk underskot og ukultur, utan reell vilje til endring frå dei som kunne gjort noko med det. For mange nyt fordelane av systemet slik det er i dag – og har derfor trenert heile prosessen opp mot IOC de siste fire åra, meiner Saltvedt.
IBA-PRESIDENT: Russiske Umar Kremlev har leidd IBA sidan 2020.
Foto: Reuters– No er både silkehanskar og boksehanskar av
NRK sin bokseekspert Anders Werner Øfsti, som jobbar som journalist i NRK Trøndelag, blir òg sett ut av samanlikninga mellom IOC-vedtaket og Nazi-invasjonen kjend som Operasjon Barbarossa.
– Det er jo heilt riv ruskande gale. Er det mogleg? Argumentasjonen til IBA-president Umar Kremlev med invasjonen av Sovjetunionen under andre verdskrig høyrer ikkje heime på det nivået her. Han speler på at Thomas Bach er tyskar, og her går det utover Russland, seier Øfsti oppgitt.
EKSPERT: Anders Werner Øfsti.
– No er både silkehanskar og boksehanskar av og det er slåstkamp på tørre nevar. IBA slår i alle moglege retningar, meiner eksperten.
Presidenten i Norges Bokseforbund Odd Haktor Slåke har heller ikkje mykje til overs for IBA sin retorikk:
– Det er jo heilt borti natta. Det er den typen samanlikningar dei gjerne gjer. Dei skuldar jo òg Ukraina for å vere nazistar. Dette seier litt om styresettet i IBA.
Boksing er utelaten frå sommarleikane etter 2028 grunna konflikten. Eit nyoppstarta internasjonalt bokseforbund jobbar no med å bli anerkjent av IOC.
– Katastrofalt for global boksing
Det er første gong i OL-historia at eit særforbund blir ekskludert av IOC. Avgjerda blei tatt på bakgrunn av ein IOC-rapport som har vurdert korleis IBA har følgt opp krava frå IOC om å betre seg.
– IOC har, ut frå rapporten som nå er lagt fram, gjort eit grundig og ikkje minst tolmodig stykke arbeid, i forsøket på å få til eit framtidig samarbeid med IBA, særleg mot OL i 2028. Når de så ope blir motarbeidet, er eksklusjon til slutt den einaste mogleg konsekvens, seier Saltvedt.
– Samanfatta betyr dette spikaren i kista for IBA. Eg kan ikkje sjå det på nokon annan måte, meiner boksepresident Slåke.
Det er Øfsti samd i.
– Eg trur IBA har problem no. Eg kan ikkje sjå korleis dei skal kunne halde fram vidare, seier bokseeksperten.
IBA meiner dei har etterforska problema som førte til suspensjonen frå IOC, og dei skuldar den tidlegare leiaren Wu Ching-kuo for IBA sin kollaps. Dei skriv at dei har lagt fram rapportar for IOC, og stiller ei rekke spørsmål til IOC-president Thomas Bach om alt frå politisk påverking til fråvær av kommunikasjon og sal av olympiske medaljar.
TIDLEGARE PRESIDENT: Wu Ching-kuo har òg vore IOC-medlem.
Foto: Ap– IBA har ikkje vore nokon mønsterelev. Wu heldt på å køyre det heilt i grøfta reint økonomisk, men det var meir ope under Wu. Det som er krangelen mellom IOC og IBA er alt frå økonomi til demokrati. Russiske Kremlev, som har tette band til Putin, blei ikkje valt på vanleg vis – han hadde ingen motkandidatar då han blei valt til president i IBA, forklarer Øfsti og legg til:
– Kremlev er ikkje kjent for å vere nokon stor retorikar heller. Han har mellom anna sagt om forgjengaren sin Wu at sånne som han burde blitt teke ut og skoten.
NRK har spurt IOC om kritikken frå IBA. IOC viser til vedtaket sitt og skriv at dei ikkje har noko dei vil legge til.
NRK har òg sendt fleire spørsmål til IBA utan å få svar.
Tanks til Paris
Russisk og belarusisk deltaking i OL i Paris 2024 har vore heftig debattert den siste tida.
Førre veke stemde Europarådet for Linda Hofstad Helleland sitt forslag om å be IOC stenge ute russiske og belarusiske utøvarar så lenge krigen i Ukraina går føre seg. Eitt unntak som blir foreslått er å inkludere utøvarar som har flykta frå heimlandet og teke klar avstand frå krigen.
IOC-president Thomas Bach har gitt tydeleg uttrykk for at han ønsker inkludering, noko fleire nasjonar og forbund har vore kritiske til. Same dag som IBA blei ekskludert frå IOC, kritiserte Bach Ukraina for å ikkje tillate utøvarane sine å konkurrere mot russarar og belarusarar.
Men enn så lenge har ikkje IOC bestemt seg for om russiske og belarusiske utøvarar vil få lov til å delta i OL. Det skaper sterke reaksjonar i Russland.
Den russiske brytepresidenten Mikhail Mamiashvili har gått hardt ut mot IOC.
– Viss dei vil sjå oss i OL i 2024 som eit flyktninglag, må vi dra til Paris i tanks, uttalte den russiske brytepresidenten.
PUTIN-VENN: Mikhail Mamiashvili (andre frå venstre) og Vladimir Putin (til høgre).
Foto: Afp