Siste nytt

  • Fortvilar etter nytt Barcelona-tap

    Barcelona gjekk på sitt andre tap på dei første fem serierundane då Granada vann 2-0 laurdag kveld. Ramon Azez scora etter to minutt, og Alvaro Vadillo dobla på straffe etter 66 minutt.

    Barcelona starta utan Lionel Messi, som kom inn frå start i andre omgang.

    Barcelona er nummer sju i La Liga, medan Granada gjekk heilt til topps på tabellen.

    Lionel Messi
    Foto: Marcelo Del Pozo / Reuters
  • Mållaust i Bergen

    Brann hadde ballen klart mest i Bergen mot Haugesund, men det enda med 0-0 framfor 10.000 nokså misnøgde bergensarar.

    Brann hadde klart overtak før pause, men Haugesund var betre med i andre omgang.

    – Siger til oss i dag hadde vore eit ran, sa Haugesunds trenar Jostein Grindhaug til Eurosport.

    – Vi var overraskande bra før pause, og burde hatt mål. Etter pause får vi ikkje i stand same trykketMen vi har eit nykomponert lag og blei slitne mot slutten, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.

    Nilsen snakka med supporterane etter kampen.

    – Eg trur dei forstår at vi har det vanskeleg. Vi må tenkje nytt og mobilisere det vi har. Vi skulle hatt fleire tilgjengelege, men med 5-6 ute er det vanskeleg.

    – Høyrde du ikkje pipinga då de gjekk av bana?

    – Eg er tunghøyrd. Men eg trur publikum forstår at spelarane blødde for drakta og gjorde det dei kunne i dag. Det er frustrerande å ikkje vinne, seier Nilsen, som skal ta laget sitt til Rosenborg på Lerkendal neste helg.

    Lars Arne Nilsen
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • LSK tok nytt steg mot ligagull

    LSK vann toppkampen mot Sandviken med 2-0 etter to mål av Elise Thorsnes.

    Andre resultat laurdag: Arna-Bjørnar - Avaldsnes 0-2, Fart - Røa 1-1, Kolbotn - Stabæk 3-2, Lyn - Klepp 2-1, Vålerenga - Trondheims-Ørn 3-1.

    Elise Thorsnes
    Foto: David Catry / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal