Ville ikkje ta Klopp i handa: – Det er litt feigt

Diego Simeone sprang rett inn i garderoben etter 2-3-tapet mot Liverpool, utan å ta Jürgen Klopp i handa.

Klopp

Det blei eit ellevilt oppgjer mellom Atlético Madrid og Liverpool. Heimelaget fekk raudt kort og omgjort eit straffespark etter VAR-sjekk.

Da kampen var ferdig stod Klopp utanfor spelartunnelen og vinka, tydeleg misfornøgd med at Simeone ikkje tok han i handa.

– Me likar ikkje det, men ja, situasjonen er klar. Eg ville ta han i handa. Reaksjonen hans, saman med min, var ikkje så kul, seier Klopp til BT Sport etter kampen.

Fotballekspertane i BT Sport-studioet var ikkje nådige i sin dom.

Simeone

SKUFFA OG IRRITERT: Atlético Madrid-manager Diego Simeone var oppgjeven etter kampen.

Foto: Javier Soriano / AFP

– Eg respekterer Simeone så mykje som manager, men ved å ikkje ta han i handa, så skuffar han seg sjølv, seier Peter Crouch.

– Det er litt feigt, etter mi meining, seier Joleon Lescott.

Enkelte påpeikar at Simeone har for vane å gjere dette, og at det ikkje er vondt meint. Klopp påstår at han ikkje tar det ille opp.

– Neste gong me ser kvarandre vil me definitivt ta kvarandre i handa. Det er ingenting. Han var openbert sint, ikkje på meg, men på kampen. Det er ikkje noko meir enn det, seier Klopp.

Det er kanskje ikkje rart det gjekk ei kule varmt, for denne kampen hadde det meste.

To perler og drøymestart

Allereie sju minuttar ut i kampen leverte Mohamed Salah nok ein gong frå øvste hylle. Han dribla vekk tre mann før han banka til mot mål.

– Han er ustoppeleg om dagen, sa TV 2-kommentator Øyvind Alsaker.

Champions League - Group B - Atletico Madrid v Liverpool
Foto: Sergio Perez / Reuters

Reprisen viste at James Milner styrte skotet i hjørnet.

Liverpool heldt fram med å presse. Berre fem minuttar seinare banka Naby Keita inn 2–0.

– Ny drøymescoring, braut Alsaker ut.

– Herleg skotteknikk, la fotballekspert i TV 2, Brede Hangeland til.

Heilomvending

Liverpool såg overlegne ut innleiingsvis, men like før det var spelt tjue minutt vakna heimelaget. Skot for styring var vegen å gå. Antoine Griezmann var sist på ballen.

– For ein kamp me er i ferd med å få, sa Alsaker.

Og betre skulle den bli. Klopp som kritiserte spelestilen til Atletico sist laga møttest må nok vedkjenne at utlikna til heimelaget var av det vakre slaget. João Félix med flott forarbeid og spelar til Griezmann som set inn utlikninga.

Champions League - Group B - Atletico Madrid v Liverpool

TOMÅLSSCORAR: Antoine Griezmann kunne juble for sitt andre.

Foto: Sergio Perez / Reuters

– Jürgen Klopp fortviler, ser laget kaste bort eit drøymeresultat på Metropolitano, sa Alsaker.

– Ein thriller av ein omgang, kunne Alsaker med god grunn seie, da laga gjekk inn til pause.

Grisetakling frå Griezmann

Om første omgang var fin så starta andre omgang stygt. Tomålsscorar Griezmann gjekk etter ballen, men i prosessen køyrde han støvlane inn i andletet til Roberto Firmino. Dommaren gav raudt kort til tomålsscoraren.

Champions League - Group B - Atletico Madrid v Liverpool

STYGG SMELL: Roberto Firmino fekk kjenne på støvlane til Antoine Griezmann.

Foto: Juan Medina / Reuters

– Det er stygt, sjølvsagt ikkje tilsikta, men set Firmino i stor fare der, sa Hangeland.

Atlético Madrid heldt fram med å øydelegge for seg sjølv. Med eit kvarter igjen feller Mario Hermoso, Diogo Jota i straffefeltet, og Liverpool fekk straffespark.

– Det er håplaust individuelt forsvarsspel, kva tenker du på i den situasjonen, spør Hangeland seg sjølv.

Salah sette ballen roleg i mål.

– Rullar den kontrollert i hjørnet, Liverpool er tilbake i leiinga, sa Alsaker.

Dramaet ville ingen ende ta. Fem minuttar etter 3-2-scoringa gjekk supporterane til heimelaget av hengslene da dommaren blåste straffespark til Atletico.

Ein VAR-sjekk gjorde om på avgjersla og Liverpool slapp med skrekken. Bortelaget vann 3–2.

– Det er jo sånn at klisjeen gjerne lyder «denne fotballkampen hadde alt», men i kveld stemmer jo den, sa Alsaker etter kampen.

Liverpool toppar gruppa etter tre kampar.

Sportsnyheter

Denne hendelsen skapte debatt – nå vurderer FIDE å endre regelen

Det vekket oppsikt da Magnus Carlsen tirsdag rørte en brikke uten å flytte den. Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) erkjenner at den omstridte regelen også har blitt diskutert på bakrommet.

Pique

Barcelona-trenaren etter meisterliga-fadesen: – Eg er sint

Det spanske laget skal ikkje spele sluttspel i Meisterligaen for første gong på 17 år. – Vi må starte heilt frå scratch, seier Xavi Hernanez.

Siste nytt

  • Johnsen sluttar i Eik Tønsberg

    Ronny Johnsen har gitt Eik Tønsberg beskjed om at han ikkje vil halde fram som trenar i klubben. Årsaka er at han ikkje vil halde fram i den nye organieringa som styret har vedteke.

    Det melder klubben sjølv på sine nettsider.

    Johnsen har dei to siste åra leia eit trenarteam på tre personar. Styret vil ha ein modell med færre trenarar.

    Han har også vore sentral i prosessen med samanslåing av Eik Tønsberg og FK Tønsberg. Klubben var to poeng unna opprykk til 2. divisjon i år.

    To profilar har dermed forlate Tønsberg-fotballen i løpet av kort tid. Etter sesongslutt måtte John Arne Riise slutte som trenar i Flint.

    Ronny Johnsen
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Tottenhams kamp likevel utsett

    Det var i dag tidleg full forvirring om Tottenhams serieligakamp mot Rennes. Men omsider stadfesta UEFA at kampen er utsett, skriv The Independent.

    Tottenham har minst åtte spelarar ute med koronasmitte, og sende i går kveld ut melding om at kampen var utsett.

    Men det protesterte Rennes sterkt på, og skulda Tottenham for «manglande fair play.»

    UEFA slo i dag tiidleg fast at kampen likevel skal spelast i kveld.

    – Kampen går som planlagt, skreiv UEFA i ei kort melding torsdag morgon.

    Men etter eit par timar kom kontrabeskjeden: Kampen skal likevel utsetjast.

    Det er uklart når kampen kal spelast. Reglementet krev at alle gruppekampane må vere spela seinast 31. desember. Men Tottenham har ikkje ledige datoar før den tid, på grunn av ligacup og det tette juleprogrammet i ligaen.

    Tottenham må vinne for å vere sikker på avansement, medan Birger Melings Rennes allereie er gruppevinnar.

    Tottenham har stengt treningsarenaen inntil vidare, og har også søkt Premier League om å få utsett kampen mot Brighton søndag.

    Tottenham Stadium
    Foto: TONY OBRIEN / Reuters
  • Poengstraff for flaskekasting

    Fotballklubben Lyon blir trekt eitt poeng i den franske toppligaen etter at ein supporter kasta ei flaske på Marseille-spelar Dimitri Payet førre månad.

    Hendinga skjedde berre eitt minutt ut i Ligue 1-oppgjeret mellom Lyon og Marseille. Payet skulle ut for å ta eit hjørnespark då ei flaske trefte han i hovudet.

    Han gjekk deretter i bakken før han vart behandla av medisinsk personell. Marseille-spelarane nekta å spele vidare, og kampen vart avbroten.

    Berre dagar seinare vart det stadfesta at kastaren vart dømd til seks månader fengsel på vilkår, i tillegg til at Lyon måtte spele éin kamp for tomme tribunar.

    Onsdag opplyste disiplinærkommisjonen i den franske ligaen at dei trekkjer Lyon eitt poeng.

    Dimitri Payet
    Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal