Hopp til innhold

Sagosen opnar opp om VM-nedturen – meiner Noreg bukka under for presset

Dei fleste ekspertane sette favorittstempelet på Noreg før VM i handball. Det presset var ikkje alle førebudde på, ifølgje Sander Sagosen.

Håndball VM herrer 2021 i Egypt, kvartfinale, Spania - Norge. Norges Sandre Sagosen fortviler på benken. Sluttresultat: 31-26.

FAVORITTSTEMPELET TYNGDE: Det meiner i alle fall Sander Sagosen. Det vart eit skuffande kvartfinaletap for Noreg og Sagosen. Stjernespelaren trur at presset vart for stort for nokre av lagkameratane.

Foto: Petr David Josek / Pool / Ap / NTB

– Vi fekk ikkje ut det vi ville i Egypt. Det kan kome av mykje, seier Sagosen til NRK, men det er spesielt éin ting han trekker fram som ein potensielt utløysande faktor:

– No var vi faktisk gullfavorittar, og vi hadde enorme forventningar til oss sjølve. Det er ikkje alle på laget som er vand til å spele med den typen press i klubblag eller på landslag.

Det vart ikkje den meisterskapen Sagosen og Noreg hadde håpa på. Handballgutane rauk ut i kvartfinalen mot Spania og måtte reise heim tidlegare enn planlagt. Om ikkje lenge vil truleg den same utfordringa møte landslaget.

Favorittar òg i OL

Men sjølv om Noreg ikkje lykkast denne gongen, er ikkje den største stjerna til landslaget i tvil. Viss det blir OL i Tokyo til sommaren, må dei rekne med å ha det same favorittstempelet som i VM.

Sander Sagosen

Sagosen meiner presset vart for tungt for nokre av lagkameratane på landslaget.

Foto: Khaled Elfiqi / AFP

– Vi skal absolutt vere med å spele om gull der. No har vi lært korleis det er å spele med press. Nøkkelen ligg nok i å ikkje bry seg om kva andre seier og berre kose oss med handballen. Får vi til det, kjem vi til å vere med der oppe, seier Sagosen.

NRKs handballekspert, Håvard Tvedten, er samd med Sagosen. I eit eventuelt OL, kjem dei aller fleste i årets VM-tropp til å vere med. I tillegg kan Noreg få tilbake viktige spelarar i Magnus Abelvik Rød og Magnus Gullerud.

– Eg trur at Noreg har potensial til å ta eit OL-gull, viss det blir gjennomført. Det har dei eit godt nok lag til, meiner Tvedten.

– Evalueringa vil gi svar

Landslagstrenar Christian Berge fortel til NRK at spelarane skal gjennom ei evaluering av meisterskapen. Mentalt press kan bli eit tema i framtida dersom det kjem fram i evalueringa at spelarane opplevde det som eit problem i Egypt.

Christian Berge

Landslagstrenar Berge ønskjer ikkje å kommentere moglegheita for å jobbe annleis inn mot OL før han har fått tilbakemeldingar frå spelarane.

Foto: Khaled Elfiqi / AFP

– Til VM førebudde vi oss som vi alltid gjer. Favorittstempelet kjem ikkje frå oss, men andre. Vi var òg klar over Spanias styrker, seier Berge til NRK.

Han vil likevel ikkje svare på korleis forventningspresset eventuelt påverka spelarane. Grunnen er at meisterskapen enno ikkje er evaluert.

På generelt grunnlag trekkjer Berge fram følgande:

– Det er tid og erfaring som vil hjelpe spelarar. Jo fleire gonger ein står i ein situasjon, jo meir komfortabel blir ein i han.

Positive skadenyheiter

Sagosens skade må ta noko av skulda for tapet mot spanjolane. No kan stjernespelaren tryggje alle med at skaden Ikkje er alvorleg.

– Det var ein slagskade, akkurat som vi trudde. Det var ei bløding i ein muskel over hoftekammen, som gjorde det umogleg å spele. Men det er ikkje noko alvorleg, og eg er tilbake i kamp igjen anten torsdag eller til helga, fortel Sagosen.

– Var du redd for at det skulle gå verre?

– Eg har aldri hatt så akutt vondt før. Eg følte meg heilt hjelpelaus og sleit med å stå oppreist og puste. Så med ein gong det skjedde, var eg sikker på at det skulle vere noko alvorleg, ja.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal