NRK Meny
Normal

Skøytestjerne imponerer i sykkel-VM

Martina Sablikova er mest kjend for stor fart på isen. Men visste du at den tsjekkiske 27-åringen også er ein syklist i verdstoppen?

Martina Sablikova

Verdsmeister på isen: Martina Sablikova siktar seg inn på Rio-OL – som syklist

Foto: MICHAEL KOOREN / Reuters

Heime i Tsjekkia har ho vore i sykkeltoppen i sju år, og er no den dominerande kvinnelege syklisten i landet. I år har ho trent ekstra mykje sykkel under sin trenar Petr Novak. Ifølgje roadcycling.cz er det ikkje usannsynleg at ho kan bli å finne på startstreken under OL i Rio i 2016.

I dag deltok ho på temporittet i sykkel-VM i spanske Ponferrada. Der fekk ho lov å stå på toppen av resultatlista ei stund. Den tsjekkiske 27-åringen leia ei stund kvinnenes fellesstart i sykkel-VM i Ponferrada, men enda til slutt på 12.-plass, 1.25 minutt bak vinnar Lisa Brennauer frå Tyskland.

– Håpa på regn

Ho hadde ein gjennomsnittsfart på 44 kilometer i timen, og leia med eit minutt ved mellomtida. Men det var lenge før dei beste hadde starta.

– Vi håpa å kome blant dei ti beste, men vi er ikkje misnøgde med 12.-plass, sa Novak til idnes.cz .

Han er nøgd på grunn av at løypa var nesten heilt flat. Det er ikkje ideelt for Sablikova, som trivst best når løypa er kupert og ho får bruke kreftene sine.

«Takk for alle lykkønskingar. No håpar eg berre på regn», skreiv ho på Facebook før start.

– Men ho treivst og kosa seg ute i løypa. Dette var bra, sa Novak. Sjølv om det ikkje kom regn.

Sykling som kondisjonstrening

Martina Sablikova

Slik er vi vane til å sjå Martina Sablikova: Jublande etter siger på dei lange skøyteløpa

Foto: Matthias Schrader / Ap

Sablikova begynte å sykle primært for å trene kondisjon i sommarhalvåret. I konkurransar viste ho at ho også kunne kjempe i toppen der.

Heilt sidan 2007 har ho markert seg som syklist i toppklasse. Då tok ho bronse på temporittet i U23-EM i 2007 og vart nummer åtte i same øving for senior i EM året etterpå.

Topp-prestasjonen er nok likevel niandeplassen på tempo i VM i 2012, slått med snaue to minutt av vinnaren Judith Arndt.

Sablikova har delteke i VM dei flste av dei siste åra. Unntaket var 2010. Då gjekk VM i Australia, og ho ville ikkje reise dit av omsyn til skøytesesongen. Den er framleis viktigast.

Heime i Tsjekkia har ho teke The Double tre gonger – ho vann både landeveg og tempo i det tsjekkiske meisterskapet i 2010, 2011 og 2013. Tidlegare i år tok ho andreplass i etapperittet Tsjekkia rundt, der Ingrid Lorvik vart nummer fem.

Gullgrossist på skøyter

På skøytebanen har Sablikova herja på langdistansane sidan ho slo gjennom i 2007. Ho har tre OL-gull, sju VM-gull på enkeltdistansar, tre gull i allround-VM og fire EM-gull.

Og som om ikkje det var nok: I sommarsesongen konkurrerer ho også på inline-skøyter.

Søsken med verdsrekordar

PS: Martina Sablikova og broren Martin Sablik er eit sjeldan eksempel på søsken som har verdsrekrodar i den same idretten på same tid. Då Martina sette sine rekordar på 5000 og 10.000 meter i 2007, hadde samstundes Martin juniorverdsrekorden i lagtempo.

Prestasjonane blir endå større når vi veit at det ikkje finst ei einaste hurtigløpsbane i Tsjekkia. Trenar Petr Novak må dermed finne på andre og meir uortodokse treningsmetodar.

Som til dømes sykling.

Siste nytt

  • Chelsea finaleklare

    Chelsea er klare for finalen i FA-cupen etter å ha slått Southampton 2-0. Olivier Giroud og Álvaro Morata scoret målene. I finalen, 19. mai, møter de Manchester United.

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: Frank Augstein / AP
  • Tok sin første seier

    Vålerenga tok sine første poeng i årets Toppserie da de slo Avaldsnes 3-0 borte. Marte Berget, Victoria Ludvigsen og Isabell Herlovsen scoret. – Det er ikke kult å være spiss og ha måltørke, så at det kommer i dag, betyr mye, sier Herlovsen til NRK.

    Fotball: Toppserien VIF-LSK (0-5)
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sterk sluttspurt i Arsenal-seier

    I det som var Arsenals første kamp etter at manager Arsène Wenger tidligere denne uken annonserte sin avgang ved sesongslutt ble det seier 4–1 over West Ham.

    Seieren satt imidlertid langt inne, men tre mål i de siste ti minuttene ga Arsenal-jubel.

    SOCCER-ENGLAND-ARS-WHU/
    Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsrevyen
4-4-2 Eliteserien: Vålerenga - Molde
Best i verden: Martin Schanche - Rattets Messias