The Honourable Company of Edinburgh Golfers i Skottland er ein klubb berre for menn. I dag røysta medlemmene over spørsmålet om dei skal sleppe inn kvinner.
Men kvinnene må framleis stå utanfor. Rett nok røysta 387 medlemmer for, berre 219 mot.
Det var ikkje nok. Det trengst to tredels fleirtal for ei slik regelendring, og ja-delen var berre 64 prosent. Det er 2,33 prosentpoeng unna det nødvendige fleirtalet.
Mista «The Open» umiddelbart
Straks resultatet var kjent, kom svaret frå R & A (Royal & Ancient Golf Club of St Andrews), klubben som styrer golfsporten i heile verda utanom USA.
Muirfield er borte frå lista over baner som skal arrangere British Open – oftast omtalt som The Open.
– Vi ønskjer for framtida ikkje å arrangere The Open på ein arena som ikkje aksepterer kvinner som medlemmer, heiter det i twittermeldinga frå R & A.
R & A får ros for å ha reagert så raskt:
The Open er 16 gonger blitt arrangert på Muirfield, seinast i 2013 med Phil Mickelson som vinnar. Turneringa er den einaste av golfens fire major-turneringar som går i Europa.
Resultatet vart kanskje påverka av eit brev 33 medlemmer sende ut til alle andre klubbmedlemmer nyleg. Der vart det åtvara mot å endre det 272 år gamle forbodet mot kvinnelege medlemmer.
I grunngjevinga blir det mellom anna peika på at kvinner heilt sikkert ville kjent seg ukomfortable i klubben, og at dei kunne skapt uro i klubbens lunsjarrangement. Sjå faktaramme.
Reaksjonar
Det mangla ikkje på negative og spydige reaksjonar etterpå:
The Honourable Company of Edinburgh Golfers gjer krav på å vere den eldste golfklubben i verda, med røter tilbake til 1744. Sidan 1891 har dei halde til på Muirfield.
Kvinnene har etter kvart fått lov å spele på bana som gjester, men ikkje å vere medlemmer i klubben.
Det må dei framleis vente på.
PS: På grunn av rotasjonen i arrangementet av The Open kunne Muirfield uansett ikkje fått The Open før i 2022. Og R & A lovar at Muirfield skal kome på lista igjen dersom klubben snur og opnar for kvinner.
PS2: Det er berre to år sidan R&A sjølv aksepterte kvinner som medlem.