NRK Meny
Normal

Denne sjansen plaga «Bolli»

(Sogndal–Tromsø 2–2 (1-1):) Rune «Bolli» Bolseth (32) fekk ikkje den returen han hadde håpa på i Sogndal-trøya.

Rune Bolseth

LITE TRENING: Rune Bolseth har trent lite på avslutningar med pannebrasken. Det vart han straffa for mot Tromsø.

Foto: NRK

Etter tre sesongar med Hønefoss, var glopparen igjen å finne i lagoppstillinga til Sogndal då sesongen 2013 vart sparka i gang med 2–2 heime mot Tromsø.

– Det var kjekt å vere tilbake, men eg skulle helst ha starta med siger. Det vart eit poeng, så vi får ta med oss det. Sjølv om eg tykkjer at vi va, seier Rune Bolseth tydeleg skuffa.

– Trefte litt for godt

Bolseth spelte heile kampen frå start og kjempa i kjent stil på midtbana til Sogndal. Framfor 2.718 tilskodarar, av desse 2.700 Sogndal-supporterar, kunne 32-åringen endåtil fått den ultimate returen.

Ulrik Flo hadde nett gjeve Sogndal 2–1 då Gustav Valsvik stussa ein ball inn i feltet framfor gjestenes mål. Bolseth stupheadar, men får berre styrt ballen rett på Marcus Sahlman.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ulrik Flo, Jonas Olsson og Erik Dahlin om poengdeling mot Tromsø i seriestarten på Fosshaugane.

SJÅ: Ulrik Flo, Jonas Olsson og Erik Dahlin om 2-2 heime mot Tromsø i seriepremiera.

– Eg blir jo overraska. Ballen går forbi alle, og plutseleg må «vi» handle. Eg prøver berre å heade på mål og treff kanskje litt for bra. Den går jo midt på mål, seier han.

– Gigasjanse

– Hadde eg scora på den gigasjansen, så hadde vi vunne. Den sit litt i bakhovudet. Hovudspel framfor mål er ikkje det eg har brukt mest tid på opp igjennom åra. Det burde eg vel gjort i dag, seier Bolseth og får støtte frå trenar Jonas Olsson.

– Sahlman gjer ei fantastisk redning der. Hadde vi fått 3-1, så trur eg Tromsø hadde fått problem, seier svensken.

Kjent stil

Glopparen viste i alle høve gong på gong at rutinen hans kan bli god å ha på eit ungt Sogndal-lag. Gjentekne gonger vann han ballen i kjent stil og starta fleire overgangar for heimelaget.

– Jaudå, kroppen kjennest bra ut og det var ein brukbar kamp. Uansett, så er det kjekt å vere i gang att, seier han.

Trenar Olsson meiner Bolseth vil spele ei viktig rolle på Sogndal denne sesongen. Laget har mista både Henrik Furebotn og Stephané Diarra Badji.

(Artikkelen held fram under videoen)

Målscorar Thomas Kind Bendiksen og trenar Agnar Christensen oppsummerer serieopninga mellom Sogndal og Tromsø.

SJÅ: Thomas Kind Bendiksen fortel om perlemålet som sytte for poengdeling på Fosshaugane.

«Bolli» blir viktig

Mot Tromsø var det Bolseth, populært kalla «Bolli», som i tospann med nysigneringa Sidy Sagna, utgjorde Sogndal sine sentrale midtbanespelarar.

– Rune er viktig for oss. Vi har eit ungt lag, men han har rutine. Både måten han står fram som leiar og som spelar vil vere viktig for oss, seier Olsson.

Bolseth var ikkje sjølv nøgd med «berre» eitt poeng mot Tromsø.

– Tromsø heime og borte er to ulike lag. Heime er dei blant Norges beste, men borte har dei ikkje vore så gode. Vi gjekk for tre poeng i dag, men det vart eitt. Sikkert greitt nok, seier han.

Frisparkperle

Dagens perle var det Thomas Kind Bendiksen som stod for, då han sette inn Tromsø si andre scoring med ei frisparkperle frå kring 25 meter.

Med kort tilløp slo han ballen elegant over muren og i næraste vinkel. Sogndal-debutant Erik Dahlin strekte så lang han var, utan å kunne hindre 23-åringen si første scoring for sesongen.

– Ein skal ikkje klage på dommaren, men eg tykte frisparket var av det billege slaget. Men for all del, det var eit bra frispark og ikkje så mykje å gjere med. Eg prøvde å kaste meg, men hadde vel kunne tatt det om eg var nokre centimeter høgare, seier svensken.

Siste nytt

  • Toronto sikret kamp syv

    Toronto Maple Leafs slo Boston Bruins 3–1 i den sjette kampen i NHL-sluttspillet, og utlignet til 3–3 i kamper.

    Den syvende og avgjørende sluttspillkampen spilles i Boston i morgen.

    Toronto Maple Leafs
    Foto: Frank Gunn / AP
  • NFL-stjerne satser videre

    Den amerikanske quarterbacken Tom Brady (40) tar en ny sesong med New England Patriots i amerikansk fotball. Det melder hans agent til ESPN. Brady har vært proff i 18 år og har de fleste rekordene i NFL, blant annet med flest Super Bowl-seire (fem).

    SPO-FBN-SUPER-BOWL-LII---PHILADELPHIA-EAGLES-V-NEW-ENGLAND-PATRI
    Foto: Patrick Smith / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Mesterligaen: Semifinale Liverpool - Roma