Hopp til innhold

Ruud utslått i semifinalen

Det blir ingen finale på Casper Ruud i ATP1000-turneringa i Montreal. Han tapte 2-1 for polske Hubert Hurkacz i semifinalen laurdag kveld.

Ruud kom godt i gang, braut polakkens serve på 5-5, og vann første sett 7-5.

Men i andre settet var det Hurkacz sitt brot som blei avgjerande, og han tok settet med 6-3.

I det tredje avgjorde polakken med å bryte begge Ruuds første servegame, og vann med 6-2.

Casper Ruud
Foto: Paul Chiasson / AP

Siste nytt

  • Treigt dansk billettsal til fotball-VM

    Det danske herrelandslaget i fotball er populært, men førebels er det berre selt 2000 billettar til danske fans før det omstridde VM-sluttspelet i Qatar.

    Det gir eit snitt på færre enn 700 billettar fordelt på dei tre gruppespelkampane til Danmark. Direktør Jakob Jensen i Det danske fotballforbundet (DBU) opplyser om billettsalet til Ekstra Bladet.

    – Vi gir gjerne danskane rettleiing om opphaldet, men vi arrangerer ingen fanzoner eller har andre aktivitetar i Qatar, for vi ønsker ikkje å støtte opp om landet, seier Jensen til avisa.

    Det er under to månader til fotball-VM. Kritikken av Qatar, i tillegg til dyre hotellprisar, har vore med på å skremme vekk danske supporterar, skriv nyheitsbyrået Ritzau.

    Ifølge Ekstra Bladet kan danske supporterar i teorien legge beslag på mellom 3000 og 5000 billettar til kvar kamp. DBU har fråssagt seg rettane til å distribuere billettane.

    Danmark jubler
    Foto: RITZAU SCANPIX DENMARK / Reuters
  • Vil ha bandy-VM utan Russland

    Sverige håpar å arrangere eit etterlengta VM i bandy i 2023. Det blir i så fall utan russisk deltaking.

    VM i bandy for menn har ikkje vore avvikla sidan i 2019. Pandemien og Russlands krigføring i Ukraina har stoppa arrangementet dei siste åra.

    No jobbar Sverige med å arrangere eit VM i 2023. Til den meisterskapen blir likevel ikkje regjerande meister Russland invitert, skriv SVT. Planen er i staden at Finland, Noreg, Kasakhstan, USA, Tyskland, Estland og Ungarn skal utgjere deltakarnasjonane.

    Helt uproblematisk er det likevel ikkje å arrangere eit VM utan Russland. Landet har lenge hatt mykje å seie i internasjonal bandy, mellom anna i form av fleire styrerepresentantar i Det internasjonale bandyforbundet (Fib).

    Pär Gustafsson, generalsekretær i Det svenske bandyforbundet, seier likevel at eit 2023-VM i Sverige uansett vil få offisiell status.

    – Det blir eit VM akkurat som alle andre, fullt sanksjonert internasjonalt. Det ville bety veldig mykje om VM blir arrangertt, då det vil vise at bandyen fungerer trass i verdssituasjonen, seier han til den svenske allmennkringkastaren.

    Bandy-VM i Irkutsk
    Foto: Terje Lübeck / NTB
  • TV 2: Norsk sykkelstjerne skifter lag

    Den norske sykkelprofilen Carl Fredrik Hagen skal neste sesong sykle for eit nystarta Sveits-registrert lag, melder TV 2.

    Kanalen hevdar å ha kjelder på at Hagen allereie har signert kontrakt med laget som blir styrt av sørafrikanaren Douglas Ryder.

    Hagen har dei siste sesongane vore lagkamerat med blant andre Chris Froome i Israel-Premier Tech. Kontrakten hans der går ut ved nyttår.

    Alt tyder på at Oppegård-gutens nye arbeidsgivar vil bli å finne på nivå to i sykkelsporten neste sesong. Laget skal enno ikkje ha fått noko namn, men ein avtale med ein hovudsponsor blir meldt å vere klar i nærmaste framtid.

    Carl Fredrik Hagen har slite med skadar dei siste sesongane. I 2019 sjokkerte han mange ved å bli nummer åtte samanlagt i Vuelta a Espana.

    Arctic Race of Norway
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 62 klipp
Sport
Spiller nå
Haaland om anklagene mot City-eierne: – Drøye ord 01:20
Neste