Ruud tapte semifinalen

Casper Ruud klarte ikkje å ta seg til finalen i Challenger-turneringen i Tsjekkia. Han tapte to strake sett mot spanske Pablo Andujar. Det såg ut til at nordmannen ikkje hadde dagen, og han kom med høglydte mishagsytringar då Andujar vann kampen.

Casper Ruud
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Siste nytt

  • Inter framleis utan poengtap

    Inter tok sin fjerde siger av fire mogelege med 2-0 mot byrival Milan. Marcelo Brozovic og Romelu Lukaku scora i andre omgang. Det er Lukakus tredje mål i Serie A etter overgangen frå Manchester United.

    Inter leier framfor Juventus, som slo Hellas Verona 2-1. Milan er nummer 9.

    Romelu Lukaku
    Foto: Marco Bertorello / AFP
  • Fortvilar etter nytt Barcelona-tap

    Barcelona gjekk på sitt andre tap på dei første fem rundane då Granada vann 2-0 laurdag kveld. Ramon Azez scora etter to minutt, og Alvaro Vadillo dobla på straffe etter 66 minutt.

    Barcelona starta utan Lionel Messi, som kom inn frå start i andre omgang.

    Lionel Messi
    Foto: Marcelo Del Pozo / Reuters
  • Mållaust i Bergen

    Brann hadde ballen klart mest i Bergen mot Haugesund, men det enda med 0-0 framfor 10.000 nokså misnøgde bergensarar.

    Brann hadde klart overtak før pause, men Haugesund var betre med i andre omgang.

    – Siger til oss i dag hadde vore eit ran, sa Haugesunds trenar Jostein Grindhaug til Eurosport.

    – Vi var overraskande bra før pause, og burde hatt mål. Etter pause får vi ikkje i stand same trykketMen vi har eit nykomponert lag og blei slitne mot slutten, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.

    Nilsen snakka med supporterane etter kampen.

    – Eg trur dei forstår at vi har det vanskeleg. Vi må tenkje nytt og mobilisere det vi har. Vi skulle hatt fleire tilgjengelege, men med 5-6 ute er det vanskeleg.

    – Høyrde du ikkje pipinga då de gjekk av bana?

    – Eg er tunghøyrd. Men eg trur publikum forstår at spelarane blødde for drakta og gjorde det dei kunne i dag. Det er frustrerande å ikkje vinne, seier Nilsen, som skal ta laget sitt til Rosenborg på Lerkendal neste helg.

    Lars Arne Nilsen
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal