Ruud tapte og krangla med dommaren
Casper Ruud tapte semifinalen i tennisturneringa i München så klart som 1-6, 2-6 for Nikoloz Basilashvili frå Georgia.
Det var overraskande, for Ruud var den best rangerte av semifinalistane i turneringa, etter at Alexander Zverev tapte i kvartfinalen.
Både Ruud og Basilashvili spela semifinale etter å ha avslutta kvartfinalene sine berre få timar tidlegare. Dei blei avbrotne av regn i går.
I første settet brukte Ruud fleire minutt på å krangle med dommaren etter at ein ball blei dømd ut. Nordmannen skal spel ny grusturnering i Madrid neste veke.