Aldri før har Ruud møtt nokon som er så høgt på verdsrankingen. Diego Schwartzman (25) frå Argentina er nummer 12. Ruud er nummer 141. Likevel makta den norske 19-åringen å tvinge argentinaren til tre sett i førsterundekampen i German Open.
Det er ein ATP500-turnering, der Ruud fekk delta via eit wild card.
Maratonkamp
Kampen på centrecourten i Hamburg varte i over to timar.
Ruud tapte eit jamt førstesett med 6-4, etter å ha gitt frå seg ei leiing på 3-1.
Men han rysta Schwartzman med 6–2 i det andre. Schwartzman vann første gamet, men så slo Ruud knallhardt tilbake og vann fire strake til leiing 4-1. Det makta ikkje Schwartzman å ta igjen.
Dermed måtte det eit tredje sett til. Der tapte Ruud sitt første servegame, og han makta aldri å bryte tilbake, trass i at Schwartzman måtte ta ein pause på grunn av ei vond skulder.
Ruud tapte eit servegame til, men nekta å gi opp. På stillinga 5–2 til Schwartzmann hadde han tre break-ballar, men fekk ikkje utteljing på nokon av dei. Til slutt viste argentinaren som den sterkaste, og vann siste settet med 6–2.
Tredje tapet
Dei to møttest også i Australian Open i januar i år. Då vann Schwartzman nokså lett i tre strake sett, trass i at han ikkje var like høgt oppe på verdsrakningen den gongen.
Litt seinare møttest dei igjen i Rio. Men då skadde Ruud seg tidleg i kampen og måtte trekke seg.