Ruud til semifinalen i Monte Carlo: – Skal drøyme om gode slag i natt

Casper Ruud er klar for semifinalen i tennisturneringa Monte-Carlo Masters etter ein imponerande siger over tittelforsvarar Fabio Fognini. Men draumen om å møte sin læremeister Rafael Nadal glapp.

Monaco Monte Carlo Tennis Masters

SEMIFINALE: Casper Ruud er klar for semifinalen tennisturneringa Monto-Carlo Masters.

Foto: Jean-francois Badias / AP

Spanjolen tapte nemleg sin kvartfinale mot Andrej Rublev fredag kveld, og dermed blir det russisk motstand for Ruud.

– Han er ekstremt god. Gjort det bra på alle underlag og den som har vunne flest kampar i ATP-turneringa. Grunnen til det er at han er veldig god, seier Ruud på ein digital pressekonferanse.

Sjølv om han drøymde om Nadal i semifinalen og kallar det sin største utfordring i karrieren, så blir det ikkje akkurat enklare mot russaren.

Ruud er rangert som nummer 27 på verdsrankinga, medan Rublev ligg på 8.-plass.

Monaco Monte Carlo Tennis Masters

TØFF KAMP: Nadal tapte sin kvartfinale for russiske Andrey Rublev.

Foto: Jean-francois Badias / AP

– Skal prøve og gi han tøff motstand. Eg har tapt mot han to gonger før, så skal prøve og finne ut kvifor det skjedde og kva eg kan gjere betre.

Andrej Rublev trur heller ikkje det blir ein lett kamp mot nordmannen.

– Han speler veldig bra tennis. Eg har kjent han lenge og han er ein fantastisk spelar. Alle mine kampar mot han har bydd på drama og eit høgt nivå, sa russaren på eit intervju med Eurosport.

– Det kjem til å bli supertøft. Han vil vere i god form sidan han avslutta sin kamp tidlegare enn meg, legg han til.

Tøft kampprogram

Ruud har førebels ikkje fått mykje tid til å tenke på korleis han skal førebu seg mentalt på kampen laurdag.

ATP Masters 1000 - Monte Carlo Masters. Casper Ruud

TØFT PROGRAM: Det har vore eit tøft kampprogram for Casper Ruud, men han gleder seg til semifinalen.

Foto: Eric Gaillard / Reuters

– Prøve og tenke riktig i kveld og lade opp best mogeleg. Drøyme om gode slag, at eg kan strekke armane i været i morgon og at eg har vunne, seier han med eit smil.

Tennisproffen har vore gjennom eit tett kampprogram dei siste dagane, men føler at forma framleis er bra.

– Eg tek alle minutt eg kan få med kvile. Det er desse turneringane og resultatet man trenar hardt for. Dess lengre du kjem – tøffare blir det. Du utfordrar kroppen til det ytste kvar dag, men eg gler meg til kampen i morgon.

Slo ut tittelforsvararen

Ruud tok seg til semifinalen fredag ettermiddag etter at han slo ut tittelforsvarar Fabio Fognini.

– Dette er utruleg gøy sjølvsagt. Dette er ein av dei største turneringane vi har. Det var veldig tøft i kvartfinalen, men eg er først og fremt glad for å ha slått ein god motstandar, seier 22-åringen i eit intervju med Eurosport etter kampen.

Tennisproffen frå Snarøya vann kvartfinalen med settsiffera 6-4, 6–3, og det er andre gang Ruud tek seg til ein semifinale i ei ATP 1000.

– Trudde ikkje det ville skje så raskt. Det gir meg ein god sjølvtillit til dei neste turneringane på grus.

Seig Ruud slo tilbake

Ein innbite Ruud kjempa til seg sigeren i første sett. Fleire gonger kom han skeivt ut i eigen serve, men kvar gang slo han tilbake og unngjekk å bli broten.

Takk for kampen.

TITTELFORSVARAR: Italienaren Fabio Fognini takkar Casper Ruud for kampen etter å ha blitt slått ut av turneringa av nordmannen.

Foto: Valery Hache / AFP

Eit tydeleg eksempel på det kom då Ruud overlevde fire breakballar og hala inn 3-2-leiinga i det femte gamet.

Fognini spelte til tider glitrande tennis i opningssettet, men italienaren fekk ikkje utteljing mot ein seig nordmann på motsett banehalvdel.

På tampen avgjorde Ruud settet med ein vellykka bruddball.

Måka ballen i veggen

I sett to var Fognini tydeleg oppgitt. 33-åringen gjorde ein rekke feil og blei broten i sin første serve.

Monaco Monte Carlo Tennis Masters

FRUSTRERT: Fabio Fognini slengde racketen i grusen i rein frustrasjon.

Foto: Jean-francois Badias / AP

I rein frustrasjon måka han ballen i veggen, men fekk ingen straff frå dommaren. Han hadde ein advarsel hengande over seg frå før.

Ruud ville fått sigeren i gamet og gått opp i 4-0-leiing om Fognini sin oppførsel hadde blitt slått ned på. I staden fann italienaren ein veg tilbake og utlikna til 3–3.

Men igjen var det Ruud som hadde den beste stayerevna. Han fauk opp i 5–3 då han for tredje gang i kvartfinalen braut motstandaren sin serve.

Fognini stilte til start som regjerande meister etter triumfen i 2019. Fjorårets utgåve av Monte-Carlo Masters blei avlyst på grunn av koronapandemien.

På verdsrankinga er Fognini rangert som nummer 18 i verda. Ruud ligg på 27.-plass.

Siste nytt

  • OL-drømmen knust for Berge

    Stig-André Berge (37) tapte sin første kamp i OL-kvalifiseringen i bryting 1-4 mot Murad Mammadov fra Aserbajdsjan, og sjansen til OL-opptreden i Tokyo er ute.

    Mammadov fikk det første poenget i kampen i 60-kilosklassen, Berge måtte ned, og Mammadov fikk til en rulle som ga to nye poeng. 26-åringen fra Aserbajdsjan ledet 3-0 til pause.

    Berge fikk motstanderen ned i matta 45 sekunder ut i 2. periode og skaffet seg et poeng, men han lyktes ikke med å få til noe mer. Mammadov gikk opp til 4-1 og fikk dermed kampens siste poeng.

    Stig-André Berge tok bronse i 59-kilosklassen under OL i Rio de Janeiro i 2016.

    Per Anders Kure er også ute av kvalifiseringen i klasse 77 kilo. Han tapte 0-5 for tyrkeren Fatih Cengiz.

    Dermed ble det ingen åttedelsfinale på nordmennene. Kun de to som når helt til finalen i kvalifiseringen får OL-billett.

    Morten Thoresen, Felix Baldauf og Oscar Marvik skal i aksjon for Norge senere lørdag. (NTB)

    Stig André Berge med sin bronsemedalje fra OL i Rio 2016.
    Foto: JACK GUEZ / Afp
  • Ruud: – Ekstremt tøff motstander

    Casper Ruud (22) skal prøve å tukte italieneren Matteo Berrettini i semifinalen i Madrid Open i kveld.

    Ruud storspilte da han slo kasakhstaneren Alexander Bublik 7-5, 6–1 i fredagens kvartfinale i Madrid Open. 22-åringen er i form og har vært det en stund.

    I kveldens semifinale venter en gammel kjenning i form av Berrettini. Tre ganger har de møtt hverandre tidligere. Sist gang var i Roma Masters i 2020. Casper Ruud har vunnet to og tapt ett av møtene.

    – Han er en ekstremt tøff motstander. Vi har hatt noen tøffe kamper. Vi har møtt hverandre tre ganger, og alle har vært harde. Spesielt den siste i Roma i kvartfinalen i fjor. Da ble det 7-6 i siste sett. Det ble så jevnt som man kan få det, og jeg kom til min første semifinale. Jeg må være klar for nye og harde server og tenke på å returnere godt, sa Ruud til NTB etter kvartfinaleseieren mot Bublik.

    ATP Masters 1000 - Madrid Open
    Foto: Sergio Perez / Reuters
  • Ny Zuccarello-assist

    Minnesota Wild trengte overtid for å tukte tabelljumbo Anaheim Ducks 4-3 i nattens NHL-kamp.

    Mats Zuccarello noterte seg for én assist i kampen, hans 22. totalt, og fikk totalt 17.21 minutter på isen.

    Minnesota Wild er allerede klare for sluttspillet.

    zucca
    Foto: Andy Clayton-King / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal