Hopp til innhold

Ruud i sluttspelthriller – under hardt press frå tre spelarar

Alle har vunne ei turnering den siste månaden, ingen har vore høgare på rankinga enn det dei er no og alle ønskjer ein plass i det prestisjetunge ATP-sluttspelet i Torino. Casper Ruud har innteke førarsetet i eit heftig tennisdrama.

Tennis

TENNISSTJERNER: Cameron Norrie (f.v.), Hubert Hurkacz, Jannik Sinner og Casper Ruud kjempar om plassane i ATP-sluttspelet i sesongen.

Foto: AFP/AP

Det er berre åtte spelarar som får moglegheita til å kjempe om snautt 25 millionar kroner, 1500 rankingpoeng og ein av dei gjævaste titlane til tennissporten.

Seks av plassane er opptekne. Kampen om dei to siste er vidopne.

Færre enn 200 poeng skil Casper Ruud, Hubert Hurkacz, Jannik Sinner og Cameron Norrie når det står att tre turneringar før deltakarlista til Torino blir ferdigstilt. Maksimalt to av dei nemnde skal dit. I tillegg kan Felix Auger-Aliassime og Aslan Karatsev blande seg inn.

– Casper ligg best an poengmessig. Dei andre må prestere. Casper må i grunn berre prestere om dei andre gjer det, seier Discovery+-kommentator Christer Francke.

Han presiserer likevel at det er stor fare for at dei faktisk presterer.

– Alle tre kan gå forbi

– Jannik Sinner er i form og det same er Norrie. Dei kjem nyleg frå imponerande turneringssigrar og dei er gode innandørsspelarar. Alle dei tre kan gå forbi Casper.

Nøkkelen ligg i å samle flest mogleg av dei 1750 poenga som blir delte ut i Wien (500), Paris (1000) og Stockholm (250) dei neste vekene. Alle turneringane blir spelte innandørs på hardcourt.

– Det er ikkje der Ruud har hatt styrken sin, men han har teke mange steg og brote barrierar gjennom heile sesongen. Det er ikkje utenkjeleg at dette er den neste koden han knekk, seier Discovery+-kommentator Sverre Krogh Sundbø – og siktar til innandørs hardcourt, eit dekke som ofte blir rekna som veldig raskt.

Ruud opna med siger 7–5, 7–5 mot Lloyd Harris i Wien. Hans neste motstandar blir vinnaren av torsdagens oppgjer mellom Lorenzo Sonego og Dominik Koepfer.

Norrie opnar mot Marton Fucsovics i Wien onsdag, medan Sinner innleier mot servekanonen Reilly Opelka torsdag.

Den tidlegare noregsmeisteren Francke meiner det er heilt nødvendig å vinne meir enn éin og to kampar dei neste turneringane. Vinn Ruud to matchar i Wien, er det svært sannsynleg at han møter Sinner i kvartfinalen.

– Casper er betre utandørs, men Sinner er heilt klart ein betre innandørspiller. Det er noko som klikkar for han når han kan gå inn og det er same forhold på begge sider på nettet. Han slår litt flatare og litt meir kontant. Han har perfekt stil for innandørstennis, seier Francke.

Murray med hjelpande hand

– Han slår ballen veldig reint frå djupt i bana. Han flyttar seg veldig bra, er god i returspelet og innandørsbanar ser ut til å passe han. Det verkar som han likar det, sa tennislegenda Andy Murray om italienaren etter å ha slått Hurkacz i 1. runde.

Hurkacz er med andre ord ute av kampen om poeng i den austerrikske hovudstaden. Murray var glad for å kunne gi ei handsrekking til britiske Norrie.

– Hurkacz må finne på noko i Paris. Dei som gjer ei god turnering der, vil ha store sjansar for å knipe ein av dei siste plassane, seier Francke.

Dommen til ekspertane:

Casper Ruud (22)

APTOPIX San Diego Tennis

SAN DIEGO: Casper Ruud tok den femte tittelen i sesongen på USAs vestkyst, den første på hardcourt.

Foto: Derrick Tuskan / AP

Nasjonalitet: Noreg

Ranking: 8

Poeng sidan 1. august: 995

Styrke: – Casper er veldig god til å vinne jamne kampar. Han har vunne veldig mange kampar på tre sett. Han er sterk mentalt og sterk fysisk, meiner Francke.

Svakheit: – Ruud har spelt veldig mange kampar. Det blir spennande å sjå korleis han slår tilbake etter å ha vore i sitt livs form. Spelar ein så mykje tennis, blir det kraftige belastningar, seier Krogh Sundbø.

Høgdepunkt i 2021: Tre turneringssigrar på tre strake helgar i ATP 250-turneringar. Vann tidlegare Genève Open (250). Vann sin første hardcourt-turnering i september, det óg på 250-nivå. Representerte Europa-laget i Laver Cup.

Hubert Hurkacz (24)

HH

METZ: Hubert Hurkacz vann ATP 250-turneringa i Metz i slutten av september. Hans største triumf kom tidleg i sesongen, då han vann Masters 1000-turneringa i Miami føre Jannik Sinner.

Foto: Jean-christophe Verhaegen / AFP

Nasjonalitet: Polen

Ranking: 10

Poeng sidan 1. august: 790

Styrke: – Har potensial til å levere mange serve-ess, men viss han først er sikta inn, så er han òg farleg i dei lengre duellane. Spelar med tyngd, seier Krogh Sundbø.

Svakheit: – Stabiliteten. Han har vore veldig varierande og ustabil i 2021, held kommentatoren fram.

Høgdepunkt i 2021: Siger i Masters 1000-turneringa Miami Open, og dessutan to 250-turneringar. Alle tre på hardcourt.

Jannik Sinner (20)

JS

ANTWERPEN: Jannik Sinner lada opp til Wien med siger i ATP 250-turneringa i Belgia sist veke. Det var den fjerde single-tittelen hans i 2021.

Foto: Kristof Van Accom / AFP

Nasjonalitet: Italia

Ranking: 11

Poeng sidan 1. august: 1380

Styrke: – Han er ein spelar som til tider kan sjå ganske utilnærmeleg ut. Han har teke minst like store steg som Ruud. Det han leverte i Antwerpen var heilt vanvitig, seier Krogh Sundbø.

Svakheit: – Sinner sleit ein periode midtvegs i sesongen med spelarar som legg trykk på han. Det blir interessant å sjå korleis han står i mot når nokon set ekstra tempo på ballen.

Høgdepunkt i 2021: Siger i 500-turneringa i Washington. Tre sigrar i 250-turneringar i Australia, Bulgaria og Belgia, og dessutan eit finaletap i Miami Open (Masters 1000). Alle på hardcourt.

Cameron Norrie (25)

Tennis: BNP Paribas Open-Day 14

INDIAN WELLS: Cameron Norrie har klatra jamt og trutt på rankinga i 2021. Hans definitive gjennombrot kom i Masters 1000-turneringa Indian Wells, der han vann over Nikoloz Basilashvili i finalen. Veka før vart han senka av Ruud i San Diego.

Foto: Jayne Kamin-oncea / Reuters

Nasjonalitet: Storbritannia

Ranking: 14

Poeng sidan 1. august: 1270

Styrke: – Har vunne det som er å vinne den siste tida og er ein strålande hardcourt-spelar, seier Krogh Sundbø.

Svakheit: – Eg er litt meir usikker på Norrie. Han spelar med ein ganske flat backhand som kan vere ganske risky, supplerer Francke.

Høgdepunkt i 2021: Siger i Masters 1000-turneringa i Indian Wells og 250-turneringa i Los Cabos. Begge på hardcourt.

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal