Hopp til innhold

Russland vil premiere utestengde OL-utøvarar

Statsminister Dmitrij Medvedev har ønska den innskrenka russiske OL-troppen velkomen heim igjen i Russland, og vil gi pengepremiar til dei som ikkje fekk reise til Rio.

RUSSIA-OLY-RIO-2016-DOPING-POLITICS

VIL LØNNE DEI UTESTENGDE: Dimitrij Medvedev tok i mot dei russiske OL-utøvarane i Moskva, og hadde ein glad-beskjed til alle som ikkje kom seg til Rio.

Foto: YEKATERINA SHTUKINA / Afp

Det er det russiske fondet for støtte til russiske olympiarar som vil finne økonomiske middel til dei utøvararne som vart utestengd frå OL i Rio de Janeiro.

Den russiske statsministeren Dimitrij Medvedev bekrefta dette i eit møte med det russiske OL-laget, i følge Tass.ru.

Offroad-bilar til medaljevinnarane

Men dei som var med i OL og vann medalje, skal også bli rikelig lønna. Medvedev har gitt samlege medaljevinnarane nøklar til splitter nye BMW offroad-bilar.

– Dette er so fantastisk at de tok landet vårt til fjerdeplass på medaljestatistikken, og med det kopierte resultatet frå OL i London, skal Medvedev ha sagt til utøvarane, ifølge det russiske nyheitsbyrået.

Statsministeren tok også opp den vanskelege situasjonen Russlands OL-lag har vore i etter at Wada-rapporten som avslørte systematisk doping i landet, blei lagt fram tidlegare i sommar.

– De har prestert dette trass i dei utruleg vanskeleg tilhøva, og under stort press på heile landslaget, heile sporten, og heile nasjonen, sa han til utøvarane.

– Den rette avgjerda

Medvedev poengterer at ingen russarar skulle ha vore utestengd frå leikane, og at å gje dei kompenasjon for dette er det einaste rette å gjere.

– Utan denne urettferdige utestenginga, hadde dei teke mange medaljar i Rio. Å gje dei pengar er den einaste rette avgjerda.

Russland tok totalt 56 medaljar i OL, derav 19 gull. Heile den russiske friidrettstroppen med unntak av Darja Klisjina vart utestengd. Totalt 271 russiske utøvarar stilte til start i Rio, medan 118 vart utestengde.

Jelena Isinbajeva

IKKJE TIL OL: Jelena Isinbajeva fekk ikkje reise til OL, men kan bli belønna av Russland.

Foto: Jamie Squire / Getty Images

Den russiske statsministeren hylla alle dei russiske utøvarane som kom til Rio, og meiner at resultata i OL distanserar dei frå dopinganklagane.

– Resultata deira viser at våre sigrar ikkje har noko med doping eller andre synder, som nokon heile tida prøver å tillegge oss.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal