Russland ventar å bli utestengd
Russlands antidopingsjef Juri Ganus seier at han reknar med at styret i antidopingorganisasjonen Wada vil følgje rådet dei har fått i ein rapport frå eit utval, og stenge Russland ute frå all idrett dei neste fire åra.
– Det er realiteten. Vi er i ferd med å gå inn i ein heilt ny fase i den rissiske doping-krisa, seier Ganus til nyheitsbyrået AFP.
Styret i Wada skal diskutere rapporten 9. desember.