Det opplyser den russiske OL-komiteen. Opplysningane er ikkje stadfesta av IOC enno. Derfor er det heller ikkje gitt nokon grunn til at utestenginga no er oppheva.
– Dette betyr at Russland no er fullverdig IOC-medlem igjen, skriv Russlands OL-komité i ei pressemelding.
Russland blei i desember utestengd frå OL i Pyeongchang som følgje av rapportar som stadfesta systematisk dopingjuks under vinter-OL i Sotsji i 2014.
Men 169 russiske utøvarar fekk likevel delta under nøytralt flagg, som "olympiske utøvarar frå Russland", og tok to gull.
To av utøvarane blei tatt for doping under leikane. Derfor fekk ikkje Russland stille med eige flagg under avslutningsseremonien sist søndag, slik dei hadde fått om dei unngjekk dopingsaker.
– Har ikkje gitt etter på noko
IOC fekk mykje kritikk for det mange meiner er ei mild straff etter dopingjukset i Sotsji. Og kritikken blir neppe mindre nå landet no har fått alle rettane sine tilbake.
– Russland har eigentleg ikkje gitt etter på noko som helst i denne saka, seier sportskommentator Andreas Selliaas til NRK.
– Dette er nesten ein parodi, og viser at IOC har bestemt seg for dette for lenge sidan, seier han.
Han poengterer at Russland ikkje har etterkome WADAs krav. WADA er den internasjonale antidoping-organisasjonen, og har mellom anna kravd at Russland vedgår at dopingjukset i 2014 var statleg styrt, og at landet skal beklage dette. Derfor er også Russlands antidopingbyrå suspendert.
– Den paralympiske organisasjonen har framleis utestengt Russland, men no vel altså IOC å ta Russland inn igjen utan at det har kome ei unnskyldning eller ei forklaring. Det viser at dette er politikk, og at Russland på ein eller annan måte har makt over IOC.
Men i Russland er det glede over igjen å vere IOC-medlem. Dei ser ingen grunn til å beklage.
– Eg vil takke våre utøvarar for at dei har prestert så godt som dei har gjort trass i provokasjonane, skriv Russlands OL-president Aleksandr Zjukov.