Hopp til innhold

Russiske stjerner manipulerte vekk krigssymbol etter Putin-show: – Taktisk

Tvillingsystrene Dina og Arina Averina gjorde ein spesiell manøver då dei delte bilete frå propagandashowet til Vladimir Putin i førre veke. Ekspertar meiner det kan ha blitt gjort av taktiske grunnar.

Averina med ring

MANIPULERT BILETE: Dette biletet delte tvillingsystrene Dina og Arina Averina på sin Telegram-konto, saman med kunstløparane Nikita Katsalapov og Viktorija Sinitsina. Ser ein nærare etter, er krigssymbolet retusjert vekk. NRK har markert det manipulerte området med kvit ring.

Foto: Telegram/Avershina98

I førre veke stilte fleire av dei russiske OL-heltane på propagandashowet til Vladimir Putin. Det var eit arrangement som skulle feire åtteårsdagen for annekteringa av den ukrainske Krym-halvøya.

Ser ein på bileta tatt av utøvarane frå scena, er det umogleg å ikkje leggje merke til den store og tydelege «Z»-bokstaven på jakka.

Dina og Arina Averina frå Putins seremoni.

TIL STADE: Turnarane Dina og Arina Averina var to av utøvarane som stilte på arrangementet til Putin.

Foto: TASS / SipaUSA

Etter showet delte dei russiske tvillingsystrene, som tok sølv og fjerdeplass i rytmisk gymnastikk i OL i Tokyo, fleire bilete frå kvelden på sin Telegram-profil, og der var det ingen «Z»-bokstav å sjå:

Dina og Arina Averina, sammen med skuespiller Vladimir Masjkov.

POSERER: Her saman med den russiske skodespelaren Vladimir Masjkov, og ikkje noko krigssymbol på brystet.

Foto: @ARISHADINA98/TELEGRAM

Ser ein nærare etter, har sjølve symbolet blitt manipulert vekk.

– Å retusjere på denne måten kan vise fansen at ein er ein del av opposisjonen. Det er òg ein måte å distansere seg frå symbolet på, som fort kan relaterast til svastika eller som eit fascistisk symbol, seier Irina Anisimova, postdoktor i framandspråk ved UiB, til NRK.

Tek avstand

Anisimova, som spesialiserer seg i russisk kultur, meiner det kan tyde på at systrene viser på ein litt «vag» måte at dei tek avstand frå krigen.

– Det russiske samfunnet er ekstremt splitta. Nokre vil nok bli glade for å sjå symbolet, medan andre blir provosert på ein særs negativ måte, seier ho.

Irina Anisimova, pressebilete UiB.

EKSPERT: Irina Anisimova.

Foto: UIO

Ho meiner at brukarar av plattforma Telegram ofte er eit yngre publikum som får tilgang på nyhende internasjonalt, og dermed er ein del av opposisjonen.

– Dei som har tilgang på internett, og som brukar slike plattformer – støttar krigen mindre. Dei er ein del av den yngre, meir urbane og utdanna generasjonen. Ofte er det dei eldre som ser på TV og som får sine nyhende gjennom statskanalane, som er for krigen, seier Anisimova vidare.

Tenkjer taktisk

Kåre Johan Mjør, som er førstelektor på Institutt for framandspråk ved UiB, meiner det kan vere ein taktisk handling av utøvarane.

Kåre Johan Mjør.

OVERSIKT: Kåre Johan Mjør.

Foto: Privat/UiB

– Det kan vere fleire grunnar til at det er blitt retusjert, men generelt er «Z»-bokstaven blitt eit polariserande symbol. Brukar du den kan du bli stigmatisert, og då særleg internasjonalt, seier han og held fram:

– Kanskje tenkjer utøvarane taktisk. Dette er utøvarar som har ein internasjonal karriere, og som vil halde fast og trygge det. Det kan vere kompromitterande for framtida. Det kan òg vere at dei tenkjer at det er polariserande på heimebane – at ungdommen ikkje er så glad i den symbolikken, men det blir spekulasjonar.

– Kan ein seie at dei tek eit visst standpunkt mot krigen når dei gjer dette?

– Det er litt vanskeleg å seie, når dei trass alt stilte på seremonien. Kanskje prøver dei heller å gardere seg. Utøvarane er uansett i ein spesiell situasjon når ein skal opptre på ein slik seanse. Presset vil nok vere der. Det vil koste å seie nei når nokon ber deg om å bruke merket, og då spesielt når presidenten er til stades, seier han vidare.

Les også: Skiskytterprofil ledet Putins propagandashow: – Veldig sjokkerende

Krev tydeleg standpunkt

Anisimova tykkjer likevel at utøvarane bør finne ein annan måte å vise haldninga si på.

– Sjølv om dei har manipulert vekk merket, tek dei ikkje eit openlyst standpunkt. Det ville vore betre om dei sa det offentleg, gjennom ein video eller liknande, seier ho.

Det meiner ho ikkje skjer som følge av økonomiske og nasjonalistiske grunnar.

– Veldig mange russiske utøvarar er avhengige av staten, då dei ikkje har så mange sponsorar, og spesielt ikkje no då mange bedrifter har trekt seg ut av landet. Det er frykteleg tøft å stå imot, og om nokon vel å gjere det – då må dei nok emigrere og starte på nytt ein annan stad.

Mjør tykkjer uansett at dei russiske utøvarane blir sett i ein vanskeleg situasjon.

– Alle som lèt seg bli brukte er synd og trist. Ein veit ikkje kor mykje press som kvilar på deira skuldrer, og det er kanskje ei splitting i synet på krigen. Det som er sikkert, er at det er ei påkjenning å ta eit standpunkt imot, seier han.

NRK har vore i kontakt med Averina-systrene sin manager, Nina Ponomarjova, men ikkje lukkast med å få svar.

Les også: Bolsjunov brukt i propagandashow før Putin-tale: – Står fram som uhyggjeleg

OL-helter før Putin sin tale.
OL-helter før Putin sin tale.

Siste nytt

  • Målløst mellom Brann og Røa

    Etter fem strake seirer i Toppserien ble det stans for Brann hjemme mot Røa onsdag.

    Oppgjøret på Stemmemyren endte 0-0, i en kamp hvor Brann styrte det meste, men uten å få det etterlengtede scoringen.

    Dermed ble det et poengtap for medaljejagende Brann, som er tre poeng bak LSK Kvinner med én kamp mer spilt. Brann har fem kamper igjen i Toppserien i år.

    Toppserien fotball kvinner, Vålerenga - Brann
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Deila bekymret for landslagsuttatte Nusa: – Det ville vært krise

    Ronny Deila er hovedtrener i belgiske Club Brügge, hvor både Hugo Vetlesen og Antonio Nusa spiller. Torsdag skal Brügge spille borte mot Bodø/Glimt i Serieligaen, men Nusa er ikke med i troppen til det belgiske laget i Bodø.

    – Nusa er ikke her fordi han har en belastningsskade i ryggsøylen. Det er det vi kaller en begynnelse på et tretthetsbrudd. Det er jo ikke det, selvfølgelig, men vi må være forsiktige fordi han er ung, i utvikling og har vært gjennom mye belastning. Det er grunnen til at han har fått det, sier Deila.

    Nusa fikk landslagsdebuten i september, hvor han scoret etter allerede ti minutter på banen og ble den nest yngste målscoreren på det norske landslaget gjennom tidene.

    – Han har vært veldig god for Norge og veldig god for oss i år. Han er muligens aktuell til helgen, men han har ikke trent noe på 14 dager. Vi er litt forsiktige og også litt bekymret med tanke på det landslagsgreiene som kommer nå. Det ville vært krise om han kom tilbake fra et landslag og ikke kan prestere i Brügge. Da er alt tapt for alle, sier Deila.

    Den norske Brügge-treneren er klar på at Nusa ikke er uaktuell for landslaget.

    – Jeg har pratet med Ståle og sagt sannheten som den er. Vi vil jo også at han skal spille på landslaget. Samtidig er dette ting du skal være forsiktig med. Det er ikke et overtråkk, det er en overbelastning. Det må vi være veldig nøye med, sier Deila.

    – Hvis han ikke er 100 prosent, så er du ikke god nok til å spille for Norge eller Brügge. Vi får se nå inn mot helgen om han er aktuell og kan få noen minutter. Slik det ser ut nå, så ser det ikke veldig positivt ut for landslagsoppholdet, sier Deila.

    Ståle Solbakken sa følgende på pressekonferansen i forbindelse med tirsdagens landslagsuttak:

    – Vi får håpe han kommer i kamp. Det er jo forhåpninger om at han kan få litt kamptrening. Vi håper at Ronny er litt barmhjertig overfor det norske folk.

    nusa
  • Fifa bekrefter: Åpner dørene for russiske U17-landslag

    Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) opphever deler av suspensjonen mot Russland og tillater deltakelse for russiske U17-landslag.

    Fifa-styret hadde onsdag et digitalt møte. Der ble Russland-spørsmålet et sentralt tema. Lag fra Russland har vært utelukket fra Fifa-turneringer som følge av krigen i Ukraina.

    I forrige uke åpnet Det europeiske fotballforbundet (Uefa) for at Russland kan stille med 17-årslandslag for gutter og jenter i kvalifiseringer. Det er i denne aldersgruppen også Fifa nå åpner opp for en russerretur.

    Uefas beslutning skapte sterke reaksjoner og førte til fordømmelse fra flere hold.

    Styrevedtaket ble begrunnet med at barn ikke skal straffes for handlinger som utelukkende er forårsaket av voksne, og at fotballen «aldri må slutte å sende budskap om fred og håp».

    – Vi var ikke kjent med at saken skulle behandles i Uefa, og vi må kunne forvente en bedre saksbehandling av Uefa i en så viktig sak. Vi står fast ved vår holdning om at norske lag ikke skal spille mot russiske lag så lenge krigen pågår, sa Lise Klaveness, president i Norges Fotballforbund. (NTB)

    2rJA_fLs5ZU
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste