– Har du jentekjæreste?
– Ja.
Den russiske tennisspelaren Dasja Kasatkina er ein av dei aller første russiske idrettsutøvarane som offentleg fortel at ho er lesbisk. Det gjer ho i eit YouTube-innslag, der ho blir intervjua av den russiske bloggaren Vitya Kravtsjenko. Etter å ha snakka om tennis ei stund, spør Kravtsjenko:
– Har du noko du vil fortellje?
Kasatkina vedgår at ho var litt nervøs for å fortelje det framfor kamera.
– Men no når eg sit her, er eg glad for det, seier ho med ein god latter.
Fotballspelar var først
Kasatkina er rangert som Russlands beste kvinnelege tennisspelar, og kom til semifinalen i French Open i sommar, hennar beste prestasjon i ei grand slam-turnering.
Ho fortel at ho er inspirert av fotballspelaren Nadja Karpova, som i eit intervju med BBC nyleg kom ut av skapet og fortalde at ho er lesbisk.
– Nadja gjorde noko ein russisk utøvar aldri før har gjort, seier Kasatkina.
– Eg er glad på hennar vegne, og også på vegner av andre, Ikkje berre har Nadja hjelpt seg sjølv ved å kome ut, og ved å løfte børa av seg sjølv, men ho har også hjelpt andre.
– Vil aldri bli akseptert i Russland
I Russland er alt omkring homofile og lesbiske tabu. Ho meiner at folk av same kjønn som held kvarandre i handa offentleg, aldri kjem til å bli akseptert i Russland.
– Aldri. Slik retninga er i Russland no, vil det aldri skje. Vi hadde nokre gode tendensar for nokre få år sidan. Då var vi kome nærare Vesten, seier ho.
Kasatkina har også uttalt seg kritisk om Russlands krigføring i Ukraina, ein krig som har resultert i at dei fleste internasjonale idrettsorganisasjonane har utestengt russiske idrettsutøvarar.
– Før hadde vi internasjonale konkurransar på alle nivå. Det har vi ikkje lenger, og konkurransar betyr alt. Dette kan kome til å bety døden for russisk tennis, seier ho.
– Ho risikerer mykje
– Eg kan skjønne at denne tennisspelaren synest at det er veldig ubehageleg å vere homofil i Russland, seier Atle Grønn, professor i russisk ved Universitetet i Oslo.
Han meiner at lovene i Russland er vage rundt kva ein kan ytre som homofil.
– Ho risikerer mykje. Når du uttaler deg om krigen, kan det bli veldig mykje verre. Det kan dei bruke mot henne, seier Grønn.