Hopp til innhold

Russisk skiskyttarpresident freser etter utestenging: – Det er diskriminering

Det russiske skiskyttarforbundet er inntil vidare utestengde frå internasjonal skiskyting. Det får forbundspresidenten til å sjå raudt.

Italy Biathlon World Cup

FÅR IKKJE DELTA: Dei russiske skiskyttarane er ikkje på start i Holmenkollen i helga.

Foto: Matthias Schrader / AP

I ei pressemelding torsdag opplyste Det internasjonale forbundet (IBU) at det er innleidd ein prosess som skal føre til at det russiske og kviterussiske forbundet blir suspendert.

Tidlegare er det vedteke at russiske og kviterussiske utøvarar ikkje skal få delta i konkurransar i tida som kjem. Men no går sanksjonane på forbundsnivå.

– Det russiske skiskyttarforbundet (RBU) meiner avgjerda frå IBU er partisk og ulovleg. Dette er diskriminering basert på nasjonalitet, seier den russiske skiskyttarpresidenten Viktor Majgurov i ei melding frå RBU på Telegram.

I utsegnet torsdag frå IBU heiter det at det russiske og kviterussiske forbundet ikkje har klart «å halde oppe dei humanitære forpliktingane sine» i IBU-regelverket. Dette er ikkje Majgurov samd i.

– Verken RBU, utøvarar eller trenarar har brote nokre reglar i IBU-regelverket, seier han.

Saknar tydeleg standpunkt

Generalsekretær i IBU, Niklas Carlsson, fortel til NRK at straffa dei no vil innføre mot dei to forbunda er den strengaste IBU kan gi.

Det vi først og fremst byggjer avgjerda på er at dei ikkje har reagert mot regjeringane og statsoverhovuda sine, og at dei ikkje tydeleg har teke standpunkt om at det er feil det dei har gjort, seier svensken.

2020 Biathlon World Championships, day 0, IBU press conference

GENERALSEKRETÆR: Niklas Carlsson i IBU.

Foto: JOEL MARKLUND / BILDBYRÅN

Avgjerda vart teken i eit styremøte i IBU onsdag. Det russiske og kviterussiske forbunda har sju dagar på å svare på avgjerda.

– RBU vil utarbeide eit grunngitt svar frå IBU i god tid, sjølv om vi er klar over at avgjerda om forbundet vårt allereie er teken, seier Majgurov.

– Dei får ta støyten

Noregs skiskyttarstjerne Sturla Holm Lægreid meiner suspensjonen er det einaste rette å gjere.

– Det ser vel ikkje ut som at Putin har nokon omgåande plan om å avslutte krigen, så då synest eg det er rett å ta standpunkt mot Russland og Kviterussland, og vise kvar vi står i den konflikten, seier vinnaren av fredagens sprint i Holmenkollen.

Norges Skiskytterforbund holder mediemøte

RETT: Sturla Holm Lægreid meiner avgjerda er rett.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Sjølvsagt blir utøvarane uskuldig straffa. Dei har ikkje bidrege til krigen, dei, men dei går med flagget på brystet og då representerer dei ein nasjon. Og når leiarane i den nasjonen er som dei er, får dei ta den støyten.

Han får støtte av svenske Sebastian Samuelsson.

– Så lenge krigen held fram, kjennest det rart å invitere dei tilbake. Det må skje noko anna enn det vi ser no.

– Prinsipp

Suspensjonen vil i første omgang gjelde fram til neste IBU-kongress i september. Carlsson seier det er mogleg at utestenginga vil vare i fleire år.

– Det er mogleg. Det er viktig at vi har markert på denne måten. Så finst det ulike nivå på utestenginga vi kan gjere. No har vi bestemt å gjere det på øvste nivå, seier han.

Han fortel at det på kort sikt truleg ikkje vil gi nokon store økonomisk konsekvensar for det internasjonale forbundet, men at dette ikkje er noko dei har gjort djupe analysar av.

– Prinsipp er prinsipp, og då må ein vere førebudd på å ta dei konsekvensane som kan komme, seier Carlsson.

– Først og fremst er spørsmålet kva det vil kosta landa. Vi vil ikkje overføre nokon økonomisk ressursar til dei.

Les også: Det russiske skiskytterlandslaget trekker seg fra resten av sesongen: – Vi er rasende

Italy Biathlon World Cup
Italy Biathlon World Cup

Siste nytt

  • Alonso med formel 1- rekord

    Fernando Alonso vart i Formel 1-løpet i Singapore søndag føraren med flest startar i sportens historie. Han starta i sitt løp nummer 350.

    Spanjolen tok over Kimi Räikkönens elleville rekord på 349.

    – Rekord. Igjen. Gratulerer med ein utruleg prestasjon, skreiv Alonsos Formel 1-lag, Alpine, på Twitter.

    Alonso debuterte i Formel 1-sirkuset heilt tilbake i 2001.41-åringen har vorte verdsmeister to gonger (2005 og 2006) og har representert lag som Minardi, Renault, Ferrari, McLaren og Alpine.

    Spanjolen fylte 41 år 29. juli, men meiner han ikkje har teke noko skade av tida som har gått.

    Neste sesong overtek spanjolen Sebastian Vettels sete i Aston Martin. Laget har ikkje oppgitt kor lenge Alonsos kontrakt varer.

    Fernando Alonso
    Foto: ROSLAN RAHMAN / AFP
  • Ruud faller på ATP-rankingen

    Casper Ruud har falt ned til tredjeplass på ATP-rankingen, og er nå bak spanjolene Rafael Nadal og Carlos Alcaraz.

    Fallet kommer etter at Ruud tidvis fikk kjørt seg kraftig i kvartfinalen mot japanske Yoshihito Nishioka i ATP 250-turneringen i Seoul. Han var førsteseedet i turneringen og storfavoritt til tittelen, men tapte med sifrene 2-6, 6-3, 2-6.

    23-åringen kan likevel se fram mot ATP-sluttspillet som avvikles i Torino mellom 13. og 20. november. Der møtes årets åtte beste spillere.

    South Korea Tennis Korea Open
    Foto: Lee Jin-man / AP
  • Rune trekker seg fra storkampen mot Alcaraz

    Det danske tennistalentet Holger Rune (19) har trukket seg fra ATP-turneringen Astana Open grunnet en skade i kneet.

    Det kommer frem i turneringsprogrammet, der den danske tennisspilleren ikke lenger er oppført.

    Rune skulle møtt verdenséner Carlos Alcaraz (19) i den første runden tirsdag – to dager etter finalenederlaget for sveitsiske Marc-Andrea Hüsler i ATP-turneringen i Sofia.

    Søndag uttalte han at han var i tvil om han ville kunne spille kampen mot tenåringskollegaen.

    – Jeg må ta en avgjørelse. Jeg kjente smerter i høyre kne i dag, så vi får se om jeg blir klar fysisk, sa han ifølge danske BT.

    Astana Open er en ATP 500-turnering. Belgiske David Goffin stepper inn for Rune.

    Bulgaria Denmark Tennis
    Foto: Pavel Danev / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste