Hopp til innhold

Russisk president heldt tilbake pengepremiar: – Fullstendig latterleg

Då den russiske presidenten i Det internasjonale skyttarforbundet tapte valet, slo han seg vrang og betala ikkje ut premiepengar. Skivebom, meiner den norske leiren.

Lisin og Claussen

OMSTRIDD: Vladimir Lisin (til venstre) tok uvanleg grep etter å ha tapt valkamp i Det internasjonale skyttarforbundet.

Foto: Sergej Karpukhin / EIRIK PESSL-KLEIVEN / Reuters / NRK

– Det heile blir jo fullstendig latterleg når han bruker pengar som eit så tydeleg pressmiddel. Viss han ikkje får det som han vil, så trekker han dei lova økonomiske bidraga. Det er trist, seier skyttaren Simon Kolstad Claussen til NRK.

Den russiske presidenten for Det internasjonale skyttarforbundet (ISSF) Vladimir Lisin gjekk ikkje stille i korridorane då han tapte presidentvalet i november.

Han tapte valet for den italienske kandidaten Luciano Rossi, og det betyr at ein svært mektig russisk oligark ikkje lenger er ein del av forbundet.

OL-klare skyttere

TORNAR: Simon Kolstad Claussen er ikkje imponert over åtferda til tidlegare president.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Utruleg kjedeleg

Han blir omtalt som Russlands rikaste, noko som har gjort godt for ein elles ganske marginal idrett.

Men då turneringa som blir kalla President's Cup fann stad, slo Lisin seg plutseleg vrang, og skal ha nekta å betale ut dei avtalte pengepremiane til utøvarane.

– Det er sjølvsagt veldig kjedeleg – vi er ikkje vant til å ha premiepengar. Det er litt (premiepengar) i EM, men også i denne President's Cup som han har konstruert. Det er utruleg kjedeleg at vi ikkje får dei pengane vi vart lova at vi skulle få, seier skyttaresset Jeanette Hegg Duestad til NRK.

– Personleg blir ein ekstremt oppgitt. Det er jo utøvarane dette først og fremst går utover, fortel Claussen.

Både Duestad og Claussen var til stades under arrangementet, men har ikkje sett noko til pengane.

Ifølge Duestad skal pengane ha bli fryst kort tid etter presidentvalet, noko som gjorde at forbundet ikkje hadde moglegheit til å betale ut.

Det skal ikkje vere mogleg at når forbundet skal betale ut pengar, seier ho og sikter til at presidenten skal ha nekta å betale.

Turneringa blir rekna som den mest luksuriøse når det gjeld pengepremiar, og motivasjonen er derfor høg blant utøvarane når denne turneringa går føre seg.

NRK har prøvd å komme i kontakt med ISSF, førebels utan hell.

Jeanette Hegg Duestad

SKUFFA: Han vart ikkje attvald som president to dagar før siste konkurranse. Då vart ikkje desse pengane betalt ut. Det skal ikkje vere mogleg at når forbundet skal betale ut pengar, så kan han fryse det, seier Duestad.

Foto: NRK

– Ikkje fått 300 000 kroner

Duestad meiner eit presidentskifte har lege i lufta lenge, og påpeikar at Lisins mest positive bidrag har vore pengane.

– Når det kom eit skifte var vi ikkje sikre på om pengane skulle komme. Så det er ikkje ei overrasking, men vi hadde håpa at han skulle gi det han lova. Å avslutte sin periode på ein litt betre måte hadde kanskje vore eit sjakktrekk, meiner ho.

Begge skyttarane er glade for presidentskifte.

– Det at vi no har fått ein ny president og ei ny leiing er veldig bra, men det er mykje for dei å rydde opp frå forgjengarane, påpeikar Claussen.

– Eg trur det er sunt med eit skifte og det er veldig bra at dei har bytt ut presidenten, men også mykje det internasjonale forbundet. Det håpar eg og trur kan bli veldig positivt for sporten framover, seier Duestad.

FILE PHOTO: Chairman of board of directors of NLMK Lisin attends session during Week of Russian Business in Moscow

UPOPULÆR: Vladimir Lisin får passet påskriven av fleire etter hans presidentavgang.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

Skyttarforbundet opplyser om at dei norske hadde krav på omkring 180 000 norske kroner, medan Duestad påstår at beløpet var over 300 000 kroner fordelte på dei fem norske deltakarane i turneringa.

– Då utøvarane reiste ned var planen at presidenten skulle dekke opphald og reise. Vi er spent på om vi får det refundert, seier president i skyttarforbundet Bjørn Harald Vik.

– Handlar om makt

Men dette er ikkje einaste gong det har vore bråk rundt pengepremiane. For noko liknande skjedde under EM på Hamar i mars. Det var like etter Russland invaderte Ukraina, og då bestemde det norske forbundet seg for at han og generalsekretær Alexander Ratner ikkje var velkomne.

Då tok Lisin grep igjen, og heldt tilbake premiane. Det heile enda med at Noregs Skytterforbund måtte dekke kostnadene, som hamna på rundt ein halv million.

Vik fortel at det var tvil rundt kvar pengane kom frå, og han seier at dei norske hadde bestemt seg for å ikkje ta imot pengane heller.

– Då bestemde vi (skyttarforbundet) oss for å gi premiar til både parautøvarar og funksjonsfriske. Det meste av overskotet frå meisterskapen vart brukt til det, fortel han.

– Kor frustrerande er det for de at Lisin oppfører seg sånn?

– Sånn som han har oppført seg har han vist sitt sanne eg. Sporten er ikkje viktig for han, det handlar om å utøve makt og det gjer han med pengane sine, seier Vik.

VM skyting

LAGKAMERATAR: Duestad og Claussen seier dei set ekstra pris på premiepengane ein får. Frå før er dei avhengig av støtte frå foreldre, og sponsorar ved sida av støtta ein får frå Forbund og Olympiatoppen.

Foto: Norges Skytterforbund / NTB

Full forvirring

Sidan Lisins nederlag vart eit faktum, har det oppstått fleire problem under overtakinga. Det har vore problem med å komme inn på Twitter-kontoar til det internasjonale forbundet og det har vore uvisse rundt nøklar og korleis dei skal komme seg inn på kontora.

Det har vore så å seie heilt stille frå Lisin også, og det skal ha vore lite kommunikasjon med miljøet sidan leiarskiftet.

– Det er heilt håplaust det som har skjedd. Lisin hadde ein russisk organisasjon rundt seg, og Rossi måtte berre starte på nytt. Dei sleppte alt dei hadde ut av hendene, og dei la ikkje ut ei nyheit om presidentvalet eingong – det er heilt vilt. Sånn skal det ikkje vere, seier sportssjef i Noregs Skytterforbund Tor Idar Aune.

OL-klare skyttere

REAGERER: Sportssjef Tor Idar Aune.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han følgde utøvarane på nært hald i den noko ustabile situasjonen, og han fortel at mange av dei takla situasjonen på ein god måte. Han seier vidare at dei skjønner at dei er ein del av eit spel.

– Det er synd på utøvarane som opplever dette. Dei har liten økonomi og vil bli best i verda. Økonomien til utøvarane er den største utfordringa i sporten, og vi jobbar kvar dag for at dei kan oppfylle draumane sine, seier Aune.

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal