Hopp til innhold

Russarane ut mot Noregs korona-val: – Forstår ikkje kva dei er redde for

Jelena Välbe går hardt ut mot at det norske landslaget trekkjer seg frå v-cupavslutninga. Den russiske skipresidenten hevdar dei norske er redde for å tape.

Jelena Välbe

Jelena Välbe har vore skipresident i Russland sidan 2010.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Tysdag kveld kom meldinga om at Skiforbundet trekkjer laget frå verdscupavslutninga i Canada og USA på grunn av koronasmitte.

Det reagerer det russiske landslaget som alt er i Nord-Amerika, kraftig på.

Meiner FIS burde avgjort

– Det at Noreg nektar å reise til USA er deira problem. Eg forstår ikkje kva dei redde for. Eg trur at dei ikkje er vant til å tape. Og her er ein god grunn - koronaviruset, seier Välbe til den russiske nettavisa Sport24.

Skipresidenten siktar nok til at Aleksandr Bolsjunov i praksis avgjorde verdscupen samanlagt da han vann femmila i Holmenkollen, med fire nordmenn bak seg.

Aleksandr Bolsjunov i Kollen

Aleksandr Bolsjunov krona ein svært sterk sesong med femmilssiger i Holmenkollen sist helg. Han har mellom anna tatt 13 verdscupsigrar og tatt sin fyrste siger i Tour de Ski.

Foto: Vidar Ruud / Vidar Ruud

Välbe seier også til avisa Sport Express at ei slik avgjerd ikkje burde kome frå eit forbund, men av det internasjonale Skiforbundet sjølv.

Landslagssjefen er einig i at det er ei smittefare, men meiner det er greitt når FIS har bestemt at det er mogleg å reise til Nord-Amerika.

Den russiske løparen Andrej Larkov blei sendt heim med sjukdom frå Holmenkollen sist helg, og skulle bli testa for korona.

Kommentator: – Usportsleg

Redaktør for Sport Express, Oleg Shamonaev meiner at det norske laget øydelegg Bolsjunovs samanlagtsiger i verdscupen, som er Russlands aller fyrste siger.

– Å gøyme seg bak eit koronavirus er usportsleg, skriv Shamonaev i tittelen.

Han hevdar at det norske laget ikkje vil spele rolla som statistar når Bolsjunov får verdscuptrofeet som verdas beste skiløpar denne sesongen.

Landslagssjef Espen Bjervig seier at valet handlar om at dei set helse framfor prestasjon.

– Det får stå for deira eiga rekning. Dette handlar ikkje om at me ikkje set pris på Bolsjunov som er verdas beste skiløpar i år. Therese Johaug får jo heller ikkje reise over for å ta imot samanlagdsigeren. Me tenkjer på helsa til løparane og ikkje minst familiane deira, seier Bjervig.

Espen Bjervig

Espen Bjervig meiner at Skiforbundet fint kan ta ei slik avgjerd sjølv og ikkje vente på ei eventuell avlysing frå FIS, slik smittesituasjonen er i Noreg nå.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Klæbo kritisk til FIS

Johannes Høsflot Klæbo går glipp av moglegheita til å gje Bolsjunov kamp og kan også kan miste sigeren i sprintcupen. Han støttar valet til Skiforbundet og kjem med eit stikk til FIS.

– Eg synest NSF har tatt ein modig og klok avgjerd, og eg skulle gjerne sett at FIS var like ansvarsfulle, seier Klæbo.

Han får støtte av alpinist Leif Kristian Nestvold-Haugen som meiner det internasjonale Skiforbundet ikkje tek smittefaren alvorleg nok.

Leif Kristian Nestvold-Haugen

Leif Kristian Nestvold-Haugen har dei siste dagane vore kritisk til FIS på sin eigen Instagram. Han seier han uansett vil gå i karantene når han kjem heim frå verdscupen i Slovenia.

Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP

Forutan at det ikkje blir publikum og italienske utøvarar ikkje får stille, går renna i slovenske Kranjska Gora til helga går som normalt.

– Eg meiner ein må sjå på det større bildet her. Det her er eit alvorleg problem, og det er ein grunn til at myndigheitene i så mange land tek såpass sterke tiltak. Kven veit om me får reise heim når me etter planen skal det på måndag? spør Nestvold-Haugen som for tida er i Austerrike og trenar mot dei siste verdscuprenna.

Han er ein av fleire alpinistar som har gått ut mot FIS på sosiale medium dei sista dagane. Italienske Giuliano Razzoli, olympisk meister frå 2010 får ikkje stille til start i Kransjka Gora.

– Eg er veldig overraska over at det internasjonale Skiforbundet framleis har renna i Kransjka Gora på kalenderen. Eg håpar dei ombestemmer seg, for all sport må stanse nå. Punktum! skriv Razzoli på Instagram.

Høyrer på dei lokale myndigheitene

FIS informerer i dag at verdscuprenna i Quebec, Minneapolis og Canmore framleis skal gå som planlagd.

Vegard Ulvang, leiar i langrennskomiteen i FIS, seier han forstår utøvarane godt, men viser til generalsekretær Sarah Lewis for vidare kommentarar.

Lewis har berre høve til å gje ein kort kommentar

– Me steller oss til dei nasjonale myndigheitene sine råd. Me vil ikkje sette utøvarane si helse på spel, seier Lewis til NRK.

NRK har også vore i kontakt med skipresident og Noregs medlem i FIS-styret, Erik Røste som ikkje hadde tid til å gje ein kommentar nå.

Sportsnyheter

Stortalentene fryktet for sesongen – tårene trillet etter medaljeklemmen

Mangekamptalentet Henriette Jæger (18) fikk OL-drømmen knust og har slitt med skader i et helt år. Møtet med venninnen Andrea Rooth (20) etter comebackene ble stort for begge.

Siste nytt

  • Flere utøvere VM-klare

    Norge får stadig flere utøvere klarert til VM i fridrett i Eugene midt i juli. Blant annet er Narve Gilje Nordås inne på ranking på 5000 meter, Beatrice Llano i slegge, Simen Guttormsen i stav og Elisabeth Slettum på 200 meter. Samtidig har Filip Ingebrigtsen, som sliter med en skade, endret oppkjøringsplanene og reiser ikke som planlagt til høydesamling med brødrene i Flagstaff. Senere denne uken avgjøres det om han blir klarert for mesterskapet og reiser på pre-camp til California.

    Sommer-OL i Tokyo 2021
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Bekreftet: King ferdig i Watford

    Watford bekrefter at Joshua King er ferdig i klubben. Han spilte for gultrøyene i én sesong, og det ble fem ligascoringer på 31 kamper.

    Den norske angriperen vil nå se seg etter en ny klubb, noe han antydet overfor TV 2 lørdag.

    I intervjuet med kanalen sa han at det kan komme nyheter i løpet av et par uker.

    Premier League - Watford v Brighton & Hove Albion
    Foto: DAVID KLEIN / Reuters
  • Flymekanikerstreiken gir meir cuptrøbbel

    Flymekanikarstreiken er avblås, men gir likevel stadig meir trøbbel for cuprunden denne veka.

    Sandefjord ber om å få flytta sin kamp mot Byåsen i Trondheim onsdag, fordi flyet deira er innstilt. Skal dei ta buss, vil det ta i overkant av ni timar.

    Vikings kamp mot Kristiansund blei tidlegare onsdag utsett til 19. oktober. Frå før er HamKam - Tromsø og Tromsdalen - Bryne utsett til august.

    Sandefjord
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 43 klipp
Sport
Spiller nå
Ski-VM er endelig tilbake på NRK! 01:00
Neste