NRK Meny
Normal

Runar Kristinsson får halde fram

Lillestrøm-trenar Runar Kristinsson får halde fram i jobben. Klubbstyret har framleis tillit til islendingen.

Kristinsson

HAR TILLIT: Runar Kristinsson får lov å halde fram som Lillestrøm-trenar

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

LSK hadde styremøte i kveld, og for andre gong på tre veker fekk Kristinsson lov å halde fram, trass svake resultat.

Lillestrøm ligg like over nedrykksstreken, og tapte i går kveld 2-4 for Odd heime på Åråsen. Sju serierundar står att. Lillestrøm har vore i øvste divisjon samanhengande sidan 1975.

Det var ikkje votering over temaet i styret i kveld.

– Slik vi ser det i dag, er Kristinsson trygg ut sesongen, seier styreleiar Owe Halvorsen til TV2.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal