Rumpesprøyte redda Eckhoffs sesongstart

HOLMENKOLLEN (NRK): Tiril Eckhoff måtte tappe blod og sette nåler i ein oppsiktsvekkande stor kul for å kunne starte sesongoppkøyringa for fullt.

Tiril Eckhoff

FJERNA BLOD: Tiril Eckhoffs lege måtte tappe blod med sprøyte for å fjerne kulen ho fekk etter eit rulleski-uhell i mai.

Foto: PRIVAT/NTB SCANPIX

– Eg har vore veldig frustrert. Den kulen blei jo hinsides stor. For at den skulle gro måtte eg fjerne gammalt blod, seier Tiril Eckhoff.

I mai tryna ho på rulleski i spurtduell med lagvenninne Thekla Brun-Lie og slo seg høgt oppe på baksida av låret. Konsekvensane blei større enn ho venta.

– Eg hadde indre blødningar mellom hud og muskel. Det påverka kroppen ganske mykje. Det var masse jobb for kroppen å fjerne det blodet, seier Eckhoff.

Tiril Eckhoff

BEHANDLING: Arbeidet for å fjerne kulen var meir omfattande enn Tiril Eckhoff hadde sett for seg. Her får ho behandling med nåler.

Foto: PRIVAT

Lagvenninna har lært av uhellet

Fleire gangar måtte 29-åringen til legen for å sette sprøyte som tappa blod ut frå kulen. Først ein månad etter uhellet kan ho trene hardt igjen.

– Det tok veldig, veldig lang tid, seier Eckhoff.

Lagvenninne Ingrid Landmark Tandrevold meiner skdaen enkelt kan plasserast i kategorien «absurd». har også lært av det Eckhoff har gått gjennom.

– Det blei jo ein Donald-kul av dimensjonar, som levde sitt eige liv. Ho fekk jo ei ekstra hofte! Kulen blei først rød, så blå og så alle mulege fargar. Ein ser jo at den har påverka kroppen hennar. Kanskje meir enn eg tenkte at den skulle gjøre, seier Tandrevold.

– Konsekvensen av uhellet er veldig interessant å ta meg seg vidare om eg går på snørra ein gang. Eg har lært litt av det Tiril måtte ta hensyn til i etterkant, fortel Tandrevold.

Tiril Eckhoff

INDRE BLØDNINGAR: – For at kroppen skulle gro måtte eg fjerne gammalt blod, seier Tiril Eckhoff.

Foto: NTB SCANPIX

– Klønete

Midt i frustrasjonen har Eckhoff i alle fall gitt både lagvenninner og kjærasten spenning i sesongoppkøyringa.

– Eg tok ultralyd av kulen og sendte eit foto til kjærasten min med melding om at eg var gravid. Han blei akutt dårleg, seier Eckhoff lattermildt.

Tiril Eckhoff

TILBAKE I TRENING: Tiril Eckhoff kan endeleg gjennomføre hardøkter på mølle og skyting med høg puls etter uhellet på rulleski.

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

No har kulen krympa frå gigantisk til liten, og bare eit blåmerke er synleg på baksida av låret. Eckhoff er glad for at ho endeleg kan trene hardøkter og skyting med høg puls igjen.

– Eg har jo som mål å gjøre det bra under VM i Anterselva. Då må eg øve på det eg er dårlegast på, og det er å skyte med høg puls. Så eg får sette i gang no, seier Eckhoff.

– Har du fått rulleski-skrekken etter dette?

– Nei, men det var jo litt klønete då. Det er jo meg i eit nøtteskal. Men, men. Eg fekk i alle fall ein roleg start på sesongen, seier Eckhoff.

Siste nytt

  • Ny norsk opptur i curling

    Det ble en ny norsk seier for Team Ulsrud i curling-EM da laget slo England 9-5 søndag. Det norske EM-laget står nå med to seiere og ett tap etter at tre kamper er spilt. For kvinnene ble det 6-5 over Latvia og 3-7-tap for Danmark i EM søndag.

    AFP_10O3Z4
    Foto: WANG ZHAO
  • Tok sitt første ATP-mesterskap

    Den greske tennisspilleren Stefanos Tsitsipas tok sitt første ATP-mesterskap ved å slå østerrikeren Dominic Thiem med 2-1 i sett søndag. Tsitsipas slo ut veteranen Roger Federer i semifinalen og på veien ble også Nadal stoppet.

    Britain Tennis ATP Finals
    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP
  • England med enkel seier mot Kosovo

    England til slutt vant 4-0 mot Kosovo i lagets siste EM-kvalifiseringskamp etter at Harry Winks og Mason Mount fikk sine første landslagsmål. England hadde allerede sikret seg plass i EM, men fikk med seg en siste god opplevelse med 4-0 mot Kosovo.

    Euro 2020 Qualifier - Group A - Kosovo v England
    Foto: Carl Recine / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal