NFL-eventyret er over for denne gang

Håvard Rugland melder på sin eigen Twitter-profil at han reiser tilbake til Noreg – for no. Han skal nemleg tilbake for å prøva lukka i NFL seinare.

Håvard Rugland

Rogalendingen fekk sjansen i NFL etter ein famøs YouTube-video der han viste seg som ein framifrå kicker.

Foto: Paul Sancya / Ap
Havard Rugland

Her sparkar Rugland inn poeng for Detroits Lions mot New England Patriots i preseason.

Foto: Duane Burleson / Ap

– Etter ei fantastisk tid i USA er det på tide å reise tilbake til Noreg for ei tid. Men eg vil kome tilbake, melder Rugland på Twitter.

Nordmannen blei kjend langt utanfor landegrensene etter at han publiserte ein YouTube-video med namnet «Kickalicious» i september 2012.

Snart eitt år etter at videoen blei publisert har den blitt sett over fem millionar gonger.

Då videoen blåste opp, og blei plukka opp av både norsk og utanlandsk media, enda det opp med at den tidlegare NFL-kickeren Michael Husted inviterte han til USA for å trene.

I desember i fjor fekk han først prøvespele for New York Jets, før han i mars i år fekk trene med både Cleveland Browns og Detroit Lions. I april blei han signert av Lions der han har konkurrert med rutinerte David Akers om kickerplassen.

24. august blei Rugland droppa av Lions. Den siste tida har det blitt spekulert om Green Bay Packers ville signere nordmannen, men i dag melder han altså at han reiser heim til Noreg.

– Eg vil sjå Lions dominere denne sesongen, rundar nordmannen av med på Twitter.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med Håvard Rugland på telefon.

Laster Twitter-innhold
En avdanka fotballspiller fra Ålgård i Rogaland drømmer om å gjøre karriere som kicker i amerikansk fotball. 27 år gamle Håvard Rugland er blitt kontakta av tre universtetslag i USA etter at han la ut skrytevideo på Youtube
Den norske kickerlegenden, Jan Stenerud, har tro på at youtube-sensasjonen Håvard Rugland kan gjøre det bra i NFL.
I sin andre treningskamp for Detroit Lions leverte Håvard Rugland et field goal fra 33 yards, men det endte likevel med tap mot Cleveland. Reporter: Hans Henrik Løken

Siste nytt

  • Olsbu sloknet mot slutten

    Marte Olsbu hang lenge med i teten, men sloknet etter siste skyting og ble nummer ni på damenes jaktstart lørdag. Laura Dahlmeier vant foran Kaisa Mäkäräinen med Eva Puskarcikova på tredje.

    De andre norske skuffet og havnet ikke blant de 30 beste.

    Marte Olsbu intervjues etter jaktstarten i Pokljuka.

Sendeplan

Kl. Program Kanal