Rugby-VM utsett til neste år
VM i rugby league er utsett i eitt år som følgje av at både Australia og New Zealand har trekt seg. Dei vil ikkje reise til England på grunn av pandemien.
Det er dei engelske arrangørane som melder dette i dag. Dei tek ikkje sjanse på å gjennomføre eit VM utan dei to rugby-stormaktene. Australia er regjerande verdsmeister.
VM skulle etter planen vore arrangert i England i oktober-november i år, med 16 deltakande nasjonar.
NB: Rugby league må ikkje forvekslast med rugby union. Det er to ulike organisasjonar og led litt ulike reglar. Rugby union skal ikkje ha VM før i 2023.