Matchvinnaren var svært roleg etter kampslutt.
– Henrik Haukeland tok alle dei tyske straffene, så det var lite press på meg, sa Bastiansen til NRK. Han scora også 3-2-målet i den ordinære speletida.
– Det er gøy å skyte straffer, sa Bastiansen, som melde seg frivillig til jobben.
Det stadfester landslagssjef Petter Thoresen.
– Eg visste kven som skulle ta dei tre første straffene. Så ropte eg etter ein frivillig til den fjerde. Då melde «Basse» seg med ein gong, sa Thoresen.
– Gjennom heile kampen var vi kvassare enn dei. Vi har ein eigenskap til å ta leiinga og sure det bort, men straffene var rett og slett magiske prestasjonar, sa Mathis Olimb til NRK etter kampslutt.
– «Mishandla» av dommarane
Men Olimb var oppgitt over dommarane.
– Eg prøver alltid å ha ein god dialog med dei. Men i dag synest eg vi blei mishandla av dei, og dei gjer mykje rart. Det er godt vi greier å ikkje bry oss om det og spele vårt eige spel.
Landslagssjefen har ei anna oppfatning av kven som mishandla kven.
– Vi kan heller seie at Olimb-brørne mishandla tyskarane. Dei var veldig gode og spela ein strålande kamp. Vi skal ikkje meine så mykje om dommarane, det får vi ikkje gjort noko med.
Norge mista leiinga tre gonger i den ordinære speletida. Fem minutt tillegg gav berre nesten norsk siger.
Derfor blei kampen avgjort på straffeslag. Det blei norsk storsuksess. Mathias Trettenes, Tobias Lindström og Anders Bastiansen scora. Henrik Haukeland redda alle dei tyske forsøka, og Norge kom frå kampen med to verdfulle poeng.
– Vi krigar på heile kampen. Vi har leiinga heile vegen og mister den fleire gonger. Det er kjipt å ikkje få med tre poeng, men vi er nøgde, seier Jonas Holøs til NRK.
– Magi
Alexander Bonsaksen smilte også breitt etter kampen.
– Men det var litt slitsamt når vi leia tre gonger og dei kom tilbake kvar gong. Då melde tankane seg om at vi heller ikkje i dag skulle greie å dra sigeren i land, seier Bonsaksen til NRK. han referer til kampen mot Latvia i går då Norge tapte etter å ha leia 2-0.
– Men i dag greier vi å snu det og kome tilbake. Vi fortener å vinne, og det er rein magi av straffeskyttarane og av keeper.
Det starta så godt. Eitt sekund ut i undertalsspel tidleg i første periode sette Ken Andre Olimb, og mindre enn seks minutt etterpå dobla Thomas Valkvæ Olsen leiinga.
Fire utvisningar i første periode
Men Tyskland var sterke og Norge fekk fire utvisingar i den første perioden. Patrick Hager og Marc Michaelis utlikna før første pause.
Norge gjekk sterkt ut i andre periode, og etter 1.36 var Norge igjen i leiinga, 3–2 ved Anders Bastiansen. Dessverre heldt det i berre seks minutt, så laga Patrick Hager sitt andre for kampen, og laga var like langt då siste periode tok til.
Så skjedde det same igjen. Litt over midtveges i siste periode blei det norsk 4–3 ved Daniel Sørvik. Men leiinga heldt i berre 25 sekund. Så sette Yannic Seidenberg inn nok ei tysk utlikning.