Hopp til innhold

Røste rasar mot IOC-medlem: – Blir jævla provosert

Den franske IOC-medlemmen Guy Drut vil ha russarar tilbake i idretten. No får han ei skyljebøtte av Erik Røste.

Guy Drut og Erik Røste

ARROGANT: Erik Røste (t.h.) meiner utsegnene til Guy Drut (t.v.) er arrogante.

Foto: Emmanuel Dunad/Annika Byrde / AFP/NTB

Den tidlegare skipresidenten reagerte med sinne og forundring då han las utsegnene Drut nyleg kom med til fransk presse. Der argumenterte IOC-medlemmen med at utøvarar ikkje bør straffast på grunn av dumskap frå dei politiske leiarane deira.

Drut sitt utsegn kjem i kjølvatnet av at den franske presidenten Emmanuel Macron nyleg gjekk ut og åtvara mot å igjen inkludere utøvarar frå Russland og Belarus i OL.

«Kva Emmanuel Macron meiner og kva Anne Hidalgo (ordførar i Paris) meiner er deira problem [ ...] Frankrike arrangerer Dei olympiske leikane på vegne av IOC. Det er framleis IOC som held fram med å vere sjefen for organisasjonen og deltakinga.», sa den franske medlemmen av Den internasjonale olympiske komiteen (IOC), Guy Drut, til France Info.

Det likar Erik Røste, styremedlem i Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS), svært dårleg.

«Blir så jævla provosert av det franske IOC medlemmen (unnskyld uttrykket). Kva er det IOC trur dei er?», spurde Røste i ein tweet laurdag.

Guy Drut andre fra venstre og Anne Hidalgo i hvitt

PARIS-OL 2024: Guy Drut (andre frå venstre) saman med mellom anna Paris' ordførar Anne Hidalgo i kvitt.

Foto: PASCAL LE SEGRETAIN / Afp

– Stormannsgalne

Laurdag ettermiddag sat Røste på fly heim frå VM i alpint, men overfor NRK utdjupar han kva han meiner om Drut sitt utsegn.

– Dette provoserer meg og det er arrogant. IOC kan ikkje heve seg over og meine at idretten lever i si eiga verd. Ei heil verd, i alle fall den vestlege verda, stiller no opp for Ukraina og det ukrainske folket mot det brutale og heilt meiningslause angrepet. Då kan ikkje IOC/idretten seie at ingen andre enn idretten har ei stemme. Sjølvsagt har dei det, skriv Røste i ei tekstmelding til NRK.

Antidoping Norge holder seminar for idrettsledere og media.

JOURNALIST OG KOMMENTATOR: Andreas Selliaas

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Røste får støtte frå Andreas Selliaas, journalist og kommentator i idrettspolitikk.no.

– Eg er samd i det. Det viser kor arrogant IOC er. Eg tek nokre atterhald om omsetjinga av sitata, men viss dei stemmer så er det eit godt døme på arrogansen til ein IOC-medlem, seier han til NRK.

Hans Erik Næss, førsteamanuensis i idrettsleiing ved Høgskolen i Kristiania, stemmer i:

– Drut bevis kor stormannsgalne enkelte i IOC har vorte. Når dei trur at IOC er viktigare enn å få slutt på ein krig, har dei mista kontakten med røyndommen. Det er bra at han kritiserer dumskapane til dei politiske leiarane til utøvarane, men å tru at idrett og politikk kan skiljast i Russland er utruleg naivt, skriv han til NRK.

Hans Erik Næss

EKSPERT PÅ IDRETTSLEIING: Hans Erik Næss

Foto: Haakon Dueland / Høyskolen Kristiania

Nordisk og europeisk front mot IOC

Det har vore mykje skriveri og stor debatt den siste tida etter at IOC uttalte at eit fleirtal av utøvarane ønska russiske og belarusiske utøvarar tilbake i den olympiske varmen. IOC-president Thomas Bach har òg åtvara mot statleg innblanding i idretten og har teke tydeleg til orde for å la alle utøvarar, uavhengig av nasjonalitet få delta i OL.

I ein felles uttale 7. februar følgde dei nordiske landa etter dei baltiske landa og Polen, og skreiv at det er uakseptabelt med russisk og belarusisk deltaking i idretten så lenge krigen i Ukraina går føre seg.

Fredag vedtok EU-parlamentet resolusjonen «One year of Russia's invasion and war of aggression against Ukraine», der dei retta skarp kritikk mot IOC. EU oppmodar medlemsstatane og det internasjonale samfunnet å utøve press mot IOC og ønskjer å reversere standpunktet, som dei kallar «Ein flause for internasjonal idrett».

– Ein lukka prosess

Selliaas forklarer at franskmenn i utgangspunktet vil ha flest mogleg til OL på heimebane og at IOC-representantar ikkje har noko val om ståstaden sin.

– Dei er forplikta til å tale IOC sin sak og fremje dei såkalla olympiske verdiane. Viss du går mot – seier noko anna, blir du du ikkje populær internt og du lagar trøbbel for deg sjølv, seier Selliaas.

Formelt sett er det IOC og idretten som bestemmer kven som skal vere med og kva kriterium som skal gjelde, og ikkje politikarane.

– Men det er jo ikkje forbode å høyre på kva politikarar seier og ta omsyn til alvoret i det som skjer i Ukraina, seier Selliaas og eksemplifiserer:

– Når det gjeld boikott-debatten kan eksempelvis ikkje Trettebergstuen beordre Noreg til å boikotte. Det er idretten som må ta den avgjerda. Men debatten viser kor alvorleg situasjonen er når alle engasjerer seg. Utsegnene til Drut viser jo berre at han og IOC lever i ein heilt eiga verd og det er ikkje første gong vi er vitne til det, meiner mannen bak idrettspolitikk.no.

Thomas Bach, President of the International Olympic Committee (IOC), Guy Drut, IOC member, and Tony Estanguet, President of the Paris Organising Committee of the 2024

VIL HA FLEST MOGLEG TIL OL: Guy Drut (t.v.) saman med IOC-president Thomas Bach og and Tony Estanguet, sjef for OL i Paris 2024.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Han etterlyser òg større openheit rundt debattane internt i IOC.

– Vi har heller ikkje fått høyre argument for og imot russiske og belarusisk deltaking i OL, men berre konklusjonane. Kva taler for, kva talar mot? Kven er for og kven er mot internt i IOC? Det har vore ein lukka prosess og dei opptrer arrogant.

NRK har lagt fram for kritikken ovanfor IOC som i skrivande stund ikkje har svart.

Dobbeltmoralsk

Zohreh Abdollahkhani, doktorgradsstipendiat innanfor sport og likestilling ved Universitetet i Søraust-Noreg og tidlegare isklatrar, meiner IOC sin openheit er fråverande.

– På kva område er IOC transparente? IOC rettferdiggjer alltid avgjerdene sine med politisk nøytralitet. Så det gir sjølvsagt meining at dei held seg til den forklaringa no òg. IOC må vere mykje meir transparente, ikkje berre i denne saka, men generelt, dei burde ikkje gøyme seg bak denne falske nøytraliteten, slik dei alltid gjer, seier Abdollahkhani til NRK.

Ho er likevel samd med IOC i at ikkje idrettsutøvarane burde straffast:

– Som tidlegare utøvar, meiner eg at det ikkje er utøvarar som skal bli fråteke høvet til å delta på grunn av hovudlause regjeringar.

Abdollahkhani stiller òg spørsmål til dobbeltmoralen i debatten.

– Har utøvarar frå USA, Storbritannia og andre land involvert i krigen i Irak nokon gong fått nokon konsekvensar? Det er mange land i verda der maktene deira er skuldige i brot på menneskerettane utanfor (slik som Russland) eller innanfor (slik som Iran) landegrensene deira. Eg ser ingen fordelar ved å forby utøvarar frå desse landa, spesielt når ein forbyr nokre land, men ikkje andre.

IOC har mellom anna vist til at FN meiner dei bryt med menneskerettane ved å stengje ute russiske og belarusiske utøvarar.

Selliaas er derimot skeptisk til korleis IOC skal definere nøytrale utøvarar.

– Å snakke om nøytrale utøvarar er berre tull og er ein konstruksjon som IOC har funne på. Kva kriterium skal gjelde? Det har vi ikkje fått vite. Og med ein gong du slepper til utøvarar frå Russland eller Belarus, vil det brukast politisk i Russland. Det var det som skjedde etter OL i Beijing, like før krigen, seier han og legg til:

– IOC sine haldningar viser òg ei forakt for ukrainarar som i teorien kan komme til å kjempe mot nokon dei er i krig med, viss dei i det heile stiller til konkurranse. Mange ukrainske idrettsutøvarar kjempar som soldatar og ikkje som idrettsutøvarar akkurat no.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal