NRK Meny
Normal

Rossbach sletta 42 år gamal rekord: – Godt å få det overstått

SOGNDAL (NRK): 696 minutt og seks kampar har Sondre Rossbach halde buret reint. I Sogndal i kveld blei 20-åringen historisk.

Sondre Rossbach

NY SMULTRING: Heller ikkje Sogndal klarte å score mål på Odd-keeper Sondre Rossbach.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er ekstra gøy å ha namnet sitt på ein slik rekord, seier ein heilt fersk rekordinnehavar.

Fleire medium meldte at Sondre Rossbach skulle ha tatt den seigliva keeperrekorden etter 3-0 sigeren mot Start søndag.

Måtte ha 68 mållause minutt

I etterkant viste seg at 20-åringen trong 68 mållause minutt til for å slette den 42 år gamle rekorden.

Men etter kampen mot Sogndal i kveld er det ingen keeperar som har betre statistikk enn 20-år gamle Rossbach.

– Det er godt å få det overstått. Det blir ein del mas når ein begynner å nærme seg ein slik rekord. Eg skal framleis ha fokus på å halde nullen, men nå treng ikkje å vere så opphengt i dei minutta, smiler Rossbach.

Den tidlegare Viking-keeperen Erik Johannesen har hatt rekorden sidan 1974. Johannesen stod 673 minutt utan å sleppe inn mål og hadde det ikkje vore for eitt mål, hadde han spelt 10 kampar på rad, eller 900 minutt utan å sleppe inn mål.

Etter at Jone Samuelsen scora kampens einaste mål og Odd vann 1-0 borte mot Sogndal, har Rossbach spelt heile 696 minutt utan å sleppe inn mål.

Laster Twitter-innhold

På Fosshaugane Campus i kveld blei Rossbach sett på få prøver frå heimelaget. I fyrste omgang var det berre eit par spede skotforsøk frå Sogndals Mahatma Otoo. Ikkje før i det 90 minutt blei Rossbach sett verkeleg på prøve på eit lurt frispark frå Kristian Fardal Opseth.

– Det vanskelegaste er konsentrasjonen i ein slik kamp. Det var jo berre eit par slappe skot før pause, så kom det ikkje ein ordentleg stor sjanse før i det 90 minutt.

Skotet frå Opseth skrudde og det var berre såvidt at Rossbach klarte å bokse ballen over målet.

– Muren var litt i vegen, ballen hadde ein litt ekkel dupp og eg såg den litt seint. Men eg klarte å slå den unna og var veldig letta da.

Bakke meiner straffa var feildømt

Odd leiar nå Eliteserien før Rosenborg og Molde spelar i morgon. Men mot Sogndal i kveld måtte bortelaget ha hjelp av eit tvilsamt straffespark for å få mål.

Sogndal-trenar Eirik Bakke var svært skuffa.

– Me er utruleg skuffa nå, gutane som sit der inn jobbar rævva av seg. Også ligg det ikkje i våre hender, det er ikkje fyrste gongen i år og det er utruleg frustrerande. Dei får straffe, me får ikkje. Eg skjønar det ikkje, eg blir heilt tom når det er sånne situasjonar som avgjer, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • – Emery blir ny Arsenal-trener

    Tidligere PSG-trener Unai Emery kommer til å bli presentert som ny Arsenal-trener, skriver blant andre BBC. Mikel Arteta har vært favoritt til å erstatte Arsène Wenger, men nå skal Arsenal ha ombestemt seg i siste liten. Emery kan bli vist frem som klubbens nye trener innen uken er omme, skriver BBC.

    FBL-FRA-LIGUE1-CAEN-PSG
    Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP
  • Børufsen ordnet kjærkommen seier

    Start gikk aggressivt ut og fikk raskt uttelling mot Bodø/Glimt. Espen Børufsens tidlige scoring holdt til 1-0-seier i lagets første kamp uten Mark Dempsey, som fikk sparken som Start-trener tidligere i uken.

  • Tromsø snudde VIF-trenden

    Tromsø har slitt mot Vålerenga siden 2012, men søndag klaffet det endelig for «gutan». Simo Valakaris mannskap banket VIF med 3-0 på Alfheim. Antonsen, Wangberg og Berntsen skåret målele for Tromsø.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag