– Eg er overraska over at det ikkje har komme fram tidlegare at det var han, men eg er ikkje overraska over valet, seier NRKs fotballekspert Lise Klaveness.
Meldinga om at Lars Lagerbäck er Norges nye landslagssjef blir godt mottatt i Fotball-Norge.
– Sånn som ting har utvikla seg er dette eit bra val. Mykje tillit gjekk med i Høgmo-perioden med stort apparat og mykje pengar. Då trur eg det er fornuftig å gå for Lagerbäck, som står for ein fotball vi kjenner veldig godt i Norge, som dei fleste vil gjenkjenne som solid defensivt, seier Klaveness.
Lagerbäck har hatt ei rekke toppjobbar i internasjonal fotball. I sommar leia han Island til ein sensasjonell kvartfinale i fotball-EM.
– Han er ingen dristig og visjonær trenar, og sånn sett ikkje eit grensesprengande val. Han liknar Drillo, og det er det vi i Norge har suksess-assosiasjonar til, seier Klaveness.
Ho får støtte av Tom Nordlie.
– Eg er glad for at vi går litt tilbake til røtene og har fokus på å vinne, seier Nordlie.
– Ypperleg alternativ til Bradley
Då Lagerbäck tok over Island låg landslaget på 108.-plass på FIFA-rankinga. Under svenskens leiing klatra dei til ein sterk 21.-plass.
Saka held fram under grafikken:
Island-suksessn blei oppnådd med eit meir begrensa utval av spelarar enn konkurrerande land som kom seg til EM.
NRKs meiner det viser at Lagerbäck også kan gjøre Norges beste spelarar til eit suksesslag.
Klaveness påpeiker at ho trur tidlegare Stabæk-trenar Bob Bradley kunne fått endå meir ut av ei slik gruppe.
– Sidan Bradley tydelegvis ikkje var aktuell er dette eit ypperleg val. Det aller viktigaste er tydelegheit, autoritet og ei evne til å nå inn til spelarane. Då vil alle trenarar på høgt nivå klare å tilpasse seg spelestil ut frå materialet. Bradley hadde vore ypperleg no fordi han har større entusiasme. Lagerbäck er meir jordnær, men valet er trygt og godt, seier Klaveness.
Må gjenreise den norske forsvarsmuren
Klaveness er klar på kva som blir Lagerbäcks viktigaste oppgåve i starten av landslagsperioden.
– Vi får håpe på at han gjenreiser den norske forsvarsmuren. Han må få på plass ein defensiv struktur som gir oss tryggleik i laget. Alle trenarar må jo ha eit større register enn det i dette spelet, men det som kjenneteiknar han er jo ikkje grensesprengande offensivt spel, seier Klaveness.
– Det er openbart at vi treng å utvikle angrepsspelet, men under Høgmo har det på ein eller annan måte skjedd på bekostning av det offensive. Eg er einig i at prioriteringane framover bør vere å få på plass det defensive. Vår fotballkultur er bygd rundt at vi har solide midtstopparar og godt forsvar. Alt anna blir fort sett på som dumt, legg ho til.