Henrik Kjelsrud Johansen blei matchvinnar eit drygt kvarter før full tid.
– Innlegget er perfekt, og det gjer minn jobb enkelt, seier Johansen til NRK.
Det er 12 år sidan sist Vålerenga vann på Lerkendal. Og det er fire år sidan sist Rosenborg tapte ein cupkamp.
– Vi visste at dei var slitne og at det var sjansar for oss. Sigeren gir sjølvtillit, sa trenar Ronny Deila samstundes som han fekk vite at Sarpsborg 08 blir motstandar på nye Vålerenga stadion i semifinalen 20. eller 21. september.
To gonger mot Sarpsborg
Det er same motstandar som er gjest når Vålerenga opnar si nye bane 10. september.
– Det er bra. Då får vi kjenne litt på dei før semifinalen, seier Deila.
Rosenborgs trenar Kåre Ingebrigtsen var skuffa.
– Vi har eigentleg god kontroll i 2. omgang. Dei har to sjansar og scorer på den eine. Vi hadde sjansar, men vi må score på dei. – Vi får ikkje skapt store nok sjansar ut av speleovertaket, og vi får ikkje sett dei sjansane vi har heller. Det er måla som tel..
– Siger over Ajax for berre tre dagar sidan – var det slitne bein utpå der?
– Vi kjende det nok litt, men det er inga forklaring. Det skal vi klare. Vi kjem rundt på kantane, vi får innlegg som rett nok kunne vore meir presise. Dei skaper nesten ingenting, og der meir slitne ut enn det vi gjer, seier RBK-kaptein Mike Jensen.
Opna sterkt
Rosenborg gjekk sterkt ut, dominerte totalt i opninga, og tok leiinga etter 12 minutt. Milan Jevtovic avslutta eit angrep Rosenborg trekte opp på høgresida og banka ballen i nettet.
Etter kvart slakka Rosenborg litt av på tempoet, og to minutt før pause fekk dei svi for det. Aron Dønnum skaut frå hjørnet av 16-meteren, ballen toucha Birger Meling og gjekk i mål.
Rosenborg hadde også overtaket det meste av andre omgang, men det var Vålerenga som scora. Kvarteret før slutt sette Henrik Kjelsrud hovudet til eit presist innlegg frå Simen Juklerød, og 2–1 til gjestene.
Like etterpå kunne Vålerenga punktert, men Ghayas Zahids lobb gjekk i stolpen og Arild Østbø fekk returen i fanget.
Sluttminutta arta seg som eit einaste køyr mot Vålerengas mål, men RBK kom ikkje nærmare enn Niclas Bendtners offside-annullerte nettkjenning.
Semifinalene skal spelast 20. og 21. september. Finalen på Ullevaal går 3. desember.