Sportsnyheter

Disse 32 sekundene opprørte politiet i Qatar

Bildene fra innsiden av en migrantleir ledet trolig til at NRK-journalistene Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani ble arrestert i Qatar.

Siste nytt

  • Det stoppa på 10-0

    Det blei berre ei scoring då VM-kvalifiseringskampen mellom Armenia og Norge blei avslutta onsdag morgon.

    Ingrid Syrstad Engen scora på straffe etter at ho sjølv var felt. Dermed blei det endelege resultatet 10-0 til Norge.

    Norge leier gruppa med 16 poeng på seks kampar og 34-0 i målskilnad. Gruppevinnaren går til VM i Australia og New Zealand i 2023.

    Kvalifiseringa held fram i april.

    Kampen blei avbroten tysdag, fordi skodda blei for tjukk. Då var det 20 minutt att, og Norge leia 9-0. Derfor måtte resten av kampen i Jerevan spelast onsdag, nærmast som eit pliktløp.

    Ingrid Syrstad Engen
    Foto: Hakob Berberyan / AP
  • Deilas New York City til semifinale

    New York City, med Ronny Deila om trenar, er klare for semifinale i MLS-sluttspelet etter kvartfinalesiger over topprangerte New England Revolution på bortebane. Så langt har New York-klubben aldri nådd før.

    Kampen enda 2-2 etter ekstraomgangar. Det stod 1-1 etter 90 minutt. New York tok leiinga tidleg i andre ekstraomgang, men heimelaget utlikna i nest siste minutt.

    Deilas menn var stødigast i straffesparkkonkurransen, som dei vann 5-3.

    I semifinalen - som også er kampen om meisterskapet i Eastern Conference - skal New York møte Phladelphia Union, der Jakob Glesnes spelar. Den kampen går komande søndag.

    I den andre semifinalen skal Portland Timbers møte Real Salt Lake.

    New York City-jubel
    Foto: David Butler II / Reuters
  • Mowinckel langt bak på trening

    Ragnhild Mowinckel, som er eneste norske deltaker i helgens fartsrenn i alpint for kvinner, var langt bak de beste på første utfortrening i Lake Louise.

    Sofia Goggia fra Italia kjørte inn til bestetid tre tidels sekund foran slovenske Ilka Stuhec og 58 hundredeler foran sveitsiske Joana Hählen.

    Mowinckel startet som nummer fire, men måtte se den ene løperen etter den andre slå hennes tid. Hun var hele 3,60 sekunder bak Goggia.

    Det skal avvikles verdenscuprenn fredag og lørdag, mens det er super-G søndag.

    Ragnhild Mowinckel
    Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal