Det var David mot Goliat. Det var formlag nummer ein og den suverene serieleiaren mot laget som ikkje har vunne på ti kampar og nærmar seg jumboplass.
Cup-semifinalen mellom Rosenborg- Mjøndalen på Lerkendal skulle etter papiret bli overkøyring.
Og av til held det berømte papiret vatn.
– Usympatisk finte
Etter at Mjøndalen faktisk sette eit visst press på heimelaget dei fyrste minutta, tek Rosenborgs store formspelarar over kontrollen. Etter 16 minutt viser Mike Jensen nok ein gong fram sin følsome høgrefot, Fredrik Midtsjø dempar ballen og legger vidare til klubbens storskårar på topp. Alexander Søderlund smeller ballen inn og Rosenborg er i rute.
Drøye ti minutter etter får publikum oppleve kveldens store høgdepunkt. Mannen Lerkendal-publikummet verkeleg har lært seg å elske denne sesongen, slår til igjen. Pål Andre Helland lurer Mjøndalen-forsvaret med overstegsfinter ein sjeldan ser i norsk fotball.
– Ein usympatisk finte, meinte NRKs ekspertkommentator Lise Klaveness.
Usympatisk eller ei, dei åtte-ni overstegsfintene fungerer som berre det, innlegget er godt og i feltet er Yann Erik De Lanlay og headar inn 2-0.
Etter kvart blir det leikestove på Lerkendal. Mike Jensen viser kvifor kommentator Lise Klaveness ser på han som kveldens beste når han på lekkert viss finn Matthias Vilhjalmsson som bankar inn 3-0 til pause.
Gav opp i pausa
Heimelaget kan gå til pause med ei kjensle av å vere eit par steg nærmare ein festdag i november på Ullevaal. Mjøndalen tenkjer også lenger, men på ein litt anna kamp.
– No tenkjer me heller på søndagens kamp, seier ein ærleg Mjøndalen-trenar, Vegard Hansen til NRK i pausa.
Rosenborg held fram det forrykande tempoet etter pause og kjem gang på gang til nye farlege sjansar. Spesielt Pål Andre Helland og Alexander Søderlund er svært farleg frampå, og etter to tre gode skotforsøk sit også kveldens fyrste i nettet for Pål Andre Helland.
Målmaskinen skårar sitt sjette i cupen for året når han uforstyrra får dra til frå ti meters hold.
Rosenborg styrer kampen og fortset tidvis med leikestova. Men fleire mål blir det ikkje.
– Eg synest me blir betre og betre utover kampen og gjer ein solid jobb, seier Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen.
No ventar Stabæk i semifinalen på Lerkendal. I den andre semifinalen møter Viking og Sarpsborg 08 kvarandre.
Pål Andre Helland var godt fornøgd då han høyrte utfallet.
– Strålande. Så lenge me fekk heimekamp er eg godt fornøgd. Heime har me ikkje tapt på over eit år så her skal me vinne og gå til finalen, er Helland klar på.
Det same meiner toppskårar Søderlund.
– Me er glad for heimekamp. Der har me vore gode i heile år, og me veit me skal slå dei, sa Rosenborgs Alexander Søderlund til NRK.