– Det er tungt. Det var ein dårleg prestasjon. Mange kom for å sjå Rosenborg underhalde, og så blei det stusslege saker.
Han vedgjekk at han leier eit lag i trøbbel. – Vi heng ikkje saman.
– Kor dramatisk er det?
– Svært.
Rosenborg skulle slå tilbake mot trenar Eirik Hornelands gamle klubb Haugesund etter sin vanskelege sesongstart. Det greidde han ikkje. Haugesund vann 2-0. På sjølvaste Lerkendal 16. mai, framfor 17.700 tilskodarar.
Horneland og Rosenborg har vore i hardt ver denne sesongen, og spenninga knytte seg til om Horneland skulle klare å snu trenden mot klubben han kom frå etter litt kontroversar før denne sesongen.
Det skjedde ikkje. Tvert imot – Rosenborg gjekk på sitt første heimetap i år i Hornelands første møte med sin tidlegare klubb.. Og TV-bileta viste publikum som forlèt stadion i god tid før kampen var over.
Dyster stemning
– Vi kom aldri i gang. Det blir for spedt og statisk, sa ein nokså nedbroten RBK-keeper André Hansen. – Vi hadde eit sterkt trykk på Haugesund, men vi skapte ikkje sjansar, seier Hansen, som legg til at han nesten var arbeidslaus i andre omgang.
– Og når vi får 1-0 i mot rett før pause, er det fort mentale faktorar som spelar inn.
– Korleis er stemninga i garderoben?
– Dyster. Det er ekstra viktig å vinne 16 mai på grunn av det som skjer dagen etter. Realiteten no er at vi er eit botnlag, det må vi erkjenne. Vi har spela nesten ein tredel av serien, og vi ligg der vi ligg.
– Men eg må ha trua på at vi skal snu det, og det har eg. Vi har 22 kampar igjen.
Vil ikkje snakke om Bendtner – enno
Kaptein Mike Jensen vedgjekk at Rosenborg leverte ein dårleg prestasjon.
– Vi treffer ikkje kvarandre med pasningane, vi skaper ikkje mykje, og vi forsvarer oss dårleg, var Jensens korte oppsummering. – Vi har det vanskeleg no.
– Korleis blir det i 17.-mai-toget?
– Ikkje så festleg som det burde.
Stjernespelar Niklas Bendtner var ikkje i troppen. Men det vil ikkje Horneland snakke om.
– Eg vil ikkje diskutere det no.
– Betyr det at han har spela sin siste kamp for Rosenborg?
– Det orkar eg ikkje å snakke om i dag. Det må eg få lov å kome tilbake det.
– Vi fekk kampen dit vi ville
I den andre garderoben var naturleg nok stemninga mykje lettare. Men Haugesund-trenar Jostein Grindhaug tok ikkje av.
– Vi er glade for sigeren, men eg ønskjer ikkje at ein gammal kompis skal ha det vondt, sa Grindhaug, med tanke på Erik Horneland.
– Kva tykkjer du om den situasjonen han og Rosenborg er i?
– Eg har ikkje lyst til å vere med i ein duskusjon om det. Vi har nok med oss sjølve, det har ikkje akkurat regna poeng på Haugesund heller.
Han meiner Haugesund gjorde ein bar kamp, men at dei er på det same nivået dei har vore.
– Vi har berre ikkje klart å omsetje det i nok poeng.
Supporterklubben Kjernen på tribunen reagerte med å snu bannera opp-ned. "Rykkjer ned med Ranheim", ljoma det frå tribunen.
Veteranen Christian Grindheim øydela Rosenborgs pauseprat med si scoring sekund før pause, og Fredrik Pallesen Stølås dobla og øydela heile kvelden eit kvarter ut i andre omgang.
– Vi fekk kampen dit vi ville ha han, med mykje stopp i spelet. Det passar ikkje Rosenborg, sa Grindhaug.
– Og vi fekk første målet, då måtte dei jage. Vi har gode midtstopparar.
Det var nok til at Rosenborg fall ned på nestsisteplass på eliteserietabellen, med berre Tromsø bak seg.
Publikum: – Det gjer vondt
Utanfor Lerkendal var stemninga tung:
– Det er det verste eg nokon gong har sett. Rosenborg er så ræva no, sier Robin Hegglund. – Innsatsen, tælen og viljen er ikkje der.
– Det er gløden som manglar, meiner kompisen Karl Erik Jøssund.
– Det var dritdårleg. Eg skjønner ikkje kva dei held på med. Det gjer vondt, rett og slett. Men slik er det, seier ein resignert Marius Andreassen.
– Elendig, rett og slett, seier Roar Mikalsen om heimelaget sin innsats.
Jan Holmen har følgt RBK i fleire år:
– Eg har vært på mange 16. mai-kampar, men dette er noko av det tristaste eg har vore borti, seier Jan Holmen
Ein mann som gjekk forbi NRKs reporter, og ikkje ville gi namnet sitt, hadde dette å seie:
– Eg synest at haugesundaren kan reise heim saman med resten.