Rosenborg har med eigen politimann til risikokamp i Zagreb

OSLO/ZAGREB (NRK): 600 politifolk skal vere til stades under kampen i Zagreb onsdag kveld, der også UEFA har sendt ekstra tryggingsfolk. Også ved RBK-hotellet er det politivakter.

Rosenborg-trening i Zagreb

TRENAR FØR RISIKOKAMP: Rosenborg blir passa på av både politi og tryggingsfolk før og under kampen i Zagreb

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Tilhengarane til Dinamo Zagreb har rykte som bråkmakarar. Ikkje minst supportergruppa Bad Blue Boys (BBB).

– Vi reknar med det blir mykje kok her i Zagreb. Men vi er her først og fremst for å få eit bilete av kva som kan kome til Trondheim i returkampen, seier politimann Håkon Jørgensen.

Jørgensen har til vanleg jobben med å kontrollere tryggleiken når Rosenborg spelar kampar i Trondheim.

Håkon Jørgensen, politimann

MEDBRINGA POLITI: Håkon Jørgensen skal skaffe informasjon om det kroatiske publikum før returkampen i Trondheim

Foto: Tommy Barstein / NRK

På Lerkendal er det til vanleg fire–fem politifolk til stades. Ved kampen i Zagreb vil det vere 600.

– Vi har høyrt om BBB, og det er berre å gå inn på Youtube, så ser vi litt av kva slag supporterar det er. Så det kjem nok til å koke, ja, seier Jørgensen.

I samband med ein kamp mot Brann i Bergen i 2007 blei 30–40 tilreisande kroatar sende med fly heime igjen.

– Best med bortekamp først

Heime i Noreg kjenner Jørgensen og dei andre til supporterane til klubbane, som stort sett er dei same år etter år. Men i Europa er det meir ukjent.

– Då er det bra om vi kan få kunnskap. Derfor er det godt å få bortekamp først, då kan vi skaffe oss betre kjennskap. Vi kontaktar lokalt politi for informasjon. Det kan vi bygge på til returkampen.

Publikum på Maksimir Stadion i Zagreb

RØYK: Slik såg det ut på Maksimir Stadion i Zagreb under kampen mot Ferencváros i førre runde

Foto: Denis Lovrovic / AFP

Rosenborg har eigen tryggleikssjef som har ansvaret for laget.

– Men vi er med og assisterer, og lokalt politi held vakt utanfor RBK-hotellet i natt.

No vil dei prøve å finne ut kor mange kroatiske supporterar, ikkje minst frå BBB, som kjem til Trondheim.

– Det blir nok litt meir politi enn på vanlege kampar. Det er ingen grunn for det trønderske publikum for å vere redd for å gå på kampen og heie fram Rosenborg til meisterligaspel, seier Jørgensen.

Også UEFA sender tryggingsfolk

Dyrhaug

VENTAR KOK: Rosenborgs daglege leiar Tove Moe Dyrhaug

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Dagleg leiar i Rosenborg Tove Moe Dyrhaug ventar også kok på kampen onsdag.

– Vi tar vanlege tryggingsreglar når vi reiser på kamp. Men vi trur ikkje på bråk.

Dinamo Zagreb har måtta spele fleire kampar for tomme tribunar. Det skjer ikkje onsdag.

– Er det litt ekstra når de skal møte klubbar der publikum har eit så dårleg rykte?

– Det er litt spesielt når UEFA har sett opp ekstra tryggingsdelegatar. Klubben veit kva straff dei kan få om det blir bråk.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Brann uten poeng mot Kristiansund

    Brann måtte dra hjem til Bergen uten poeng etter at Kristiansund slo bergenserne 1-0 i Eliteserien søndag. Det var Amahl Pellegrino som scoret kampens eneste mål. Dermed har begge lag 32 poeng etter 21 kamper. Brann er på 5.-plass på tabellen, mens Kristiansund følger på plassen bak.

    Resultater andre kamper: Bodø/Glimt – Stabæk 3-3, Haugesund – Mjøndalen 0-0, Molde – Tromsø 3-0, Strømsgodset – Ranheim 1-0, Viking – Odd 2-0.

    Eliteserien fotball 2019, Kristiansund - Brann.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Sterk PGA-avslutning av Hovland

    Viktor Hovland avsluttet PGA-turneringen i West Virginia med en knallsterk 64-runde. Det plasserte ham på 5.-plass da han var ferdig med sin runde. Et par timer senere var han nede på delt 8.-plass. Det er flere spillere som ikke er ferdig med sin runde.

    Viktor Hovland
    Foto: Jonathan Ferrey / AFP
  • Stabæk kapret poeng mot Glimt

    Stabæk var heldige og effektive på bortebane i Eliteserien søndag. Det holdt til 3-3 borte mot gulljagende Bodø/Glimt. Ettersom Molde vant hjemme mot Tromsø, ligger Bodø/Glimt nå tre poeng bak serielederen.

     Bodø/Glimts Patrick Berg og Stabæks Emil Bohinen
    Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal