Rørvik idrettslag havna i dag i hardt vêr etter at det kom fram at handballklubben ikkje godtok at ein seriekamp mot Malvik blei utsett på grunn av dødsfall hos motstandaren.
Det var Trønder-Avisa som fyrst omtala saka.
Ei stor misforståing
Men ifølgje leiar i Rørvik idrettslag er dette ei stor misforståing.
– Det var ikkje eit problem i det heile teke at kampen blei avlyst. Det er utruleg leit at dette har blitt ei så stor sak, seier Frank Arild Hasjord.
Ifølgje Norges handballforbund blei anken begrunna med at dødsfall i eit lagt spelargruppe ikkje gjev heimel for omberamming av kamp. Men ifølgje Hasjord handla ikkje dette om avlysinga, men om den utsette kampen mot Malvik.
Den skulle laget spele på slutten av sesongen i ei helg der dei alt hadde to kampar. Med den omberamma kampen i tillegg blei det tre i løpet av ei helg og to kampar på ein dag.
– Problemet oppstår når me blir pålagt å spele på tre kampar på ei helg. Derfor sendte me inn ei anke godt innanfor fristen på fem dagar, seier leiar Frank Arild Hasfjord.
Ventar på svar frå forbundet
Han har opplevd dagen som svært spesiell.
– Det er ganske spesielt å sjå korleis det har utvikla seg til ei stor sak. Det er storm i eit vassglas. Eg har fått melding frå leiaren i Malvik idrettslag som synest det er like leitt og dei forstår kva me eigentleg meiner. Oss i mellom er alt ok, forklarer Hasjord som seier han avventar svar frå handballforbundet.
– Eg kjenner meg ikkje igjen i kritikken frå handballforbundet i det heile teke.
Hasjord har i kveld sendt ut ei pressemelding der idrettslaget fortel si versjon av saka. NRK har ikkje fått kontakt med Norges handballforbund i kveld.
"Vår anke til NHFs appellutvalg gjelder regionens tolkning av NHF sitt regelverk og håndhevelsen av dette. Vi beklager at vår anke har blitt tolket dithen at vi er uenige i årsaken til avlysningen. Det var – og er – vi selvsagt ikke."
"Region Midt-Norge fastsatte ny dato for kamp, noe som medførte at RIL måtte spille tre kamper i løpet av samme helg, to av disse på samme dag. Regionen påpekte samtidig bøteleggelse av Rørvik Idrettslag dersom klubben ikke stilte til kamp.