Henrik Christiansen avslutta VM med femteplass på 1500 meter fri. No skal han endeleg få feire sølvet på 800 meter tidlegare i veka.
Han er den andre norske mannlege utøvaren med VM-medalje. Den første var Alexander Dale Oen som tok gull i 2011. Året etter døydde han.
– Korleis minnest du den kvelden han tok gull?
– Det er åtte år sidan, det, seier Løvberg lågmælt.
Så får han problem og blir stille. Klumpen i halsen blir for stor.
– Det er tungt å tenke på, får han omsider fram. – Det er ein del år sidan vi opplevde det. Eg er sikker på at han hadde vore stolt over måten norsk symjing har reist seg på, seier han rørt til NRK.
Nordisk rekord
Henrik Christiansen makta ikkje å følgje opp 800-meteren med ny medalje, men er godt nøgd med femteplassen. Den gav nemleg ny norsk og nordisk rekord med sterke 14.45,35. Det er over fire sekund betre enn hans gamle norske rekord, og nesten sekundet betre enn Pål Joensens nordiske.
– Det var tøft, sjølv om eg hadde håpa på 43 eller 42. Men eg merka at eg hadde mange løp tidlegare i VM, seier Christiansen, som også deltok på 400 meter.
Men no er det slutt.
– No kan vi omsider feire sølvet på 800, seier han.
Optimist om OL
NRK-ekspert Alexander Hetland meiner det er meir trening som må til, og er optimist framfor OL i Tokyo neste sommar.
– Henrik har hatt eit år utan skader, der han har fått følgt programmet til punkt og prikke. Om han får eit slikt år til, kan han bli god nok til å tole både 400, 800 og 1500 meter i same meisterskap, seier Hetland.
– Det trengst meir enn eitt år med treningsgrunnlag for å vere botnsolid.
Det er landslagstrenaren samd i.
– Han har hatt eit kjempemeisterskap, og det gir sjølvtillit fram mot OL. Vi skal nok sørgje for at han blir betre, seier Løvberg.
Det var tyske Florian Wellbrock som vann 1500-meteren på 14.36,54. – Han kjenner eg godt. Det er ein flott fyr som eg unner sigeren, sa Henrik Christiansen til SVT.
Mykhailo Romantsjuk frå Ukrina tok sølvet med 14.37,63, og den italienske favoritten Gregorio Paltrinieri bronse med 14.38,75.