Norge kom på pallen, men kunne ikkje hamle opp med Slovenia og Austerrike.
– Eg trøbla med landingane i dag. Eg brukar å vere god til å setje nedslag. Det fekk eg dårleg betalt for i dag, eg kjenner det som at eg øydela for laget, sa Silje Opseth.
Ho gøymde hovudet i hendene og var tydeleg skuffa etter sitt andre hopp. Ho hoppa 99 meter, men blei likevel klart slått av Austerrike og Slovenia.
Ingen av dei norske hopparane svikta, men utanom Thea Bjørseth nådde dei heller ikkje opp mot sitt beste. Dermed blei Norge gjennom andreomgangen meir og meir distansert av dei to andre laga.
Avgjorde i siste hopp
Gullkampen blei utruleg spennande. Slovenia leia heile konkurransen, fram til Marita Kramer avgjorde med eit kjempehopp på 104 meter. Austerrike vann til slutt med 1,4 poeng.
Halvveges var det nesten jamt mellom dei tre laga. Berre 4,4 poeng skilde. Halvveges i omgangen var avstanden over 23 poeng, men Bjørseth og Lundby tok inn nesten heile forspranget.
Men i andre omgang låg Norge heile tida litt etter. Bjørseth var igjen best i si gruppe, men Norge makta aldri å kome heilt i ryggen på dei to andre.
Hoppsjef Clas Brede Bråthen var nøgd med bronsen.
– Det var ein god bronsemedalje, med solid margin til laga bak. Det var litt lenger opp enn det vi trudde det kanskje skulle vere, og dei to laga framfor oss var litt for sterke, sa Bråthen til NRK.
Hoppsjefen: – Vi gleder oss stort over bronsen
– Thea leverte to gode hopp, så var det litt meir blanda drops på resten. Men vi gleder oss stort over bronsen.
Han er veldig godt nøgd med det kvinnene har levert i dei to første konkurransane i VM.
– Det er ikkje for seint å ta gull. Vi har teke medaljar i dei to konkurransane vi var mest usikre på.
Det gjekk ikkje. Silje Opseth og Anna Odine Strøm tapte litt til sine motstandarar. Thea Bjørseth var best i sin pulje i begge omgangar, men avstanden vart for stor til at Maren Lundby greidde å ta det igjen.
– Grunnen til at vi blir nummer tre, er at det manglar litt på fleire av hoppa til resten av jentene (med unntak av Thea). Det er lett å sjå kvar resten av poenga kan hentast, seier Bråthen.
Halvnøgd Lundby
Rutinerte Maren Lundby var litt halvnøgd etter bronsen, og sine hopp på 95,5 og 97,5 meter.
– Vi har alltid lyst på meir. Vi hadde nok meir å gå på, men likevel er vi berre 17 poeng bak. Det skal det vere mogeleg å ta inn neste gong vi stiller i ein lagkonkurranse, seier ho.
Hoppsjef Bråthen legg til:
– Maren kjenner nok på ei utladning frå i går. Det er glimrande at ho har prikka in formen til VM – det vitnar om ei som har god kontroll på det ho driv med. Og Thea tek sin fortente første medalje. Det er stor stas
Thea Bjørseth var nøgd med sine hopp.
– Denne medaljen skal ligge på nattbordet, sa Bjørseth.
– Det er alltid litt ekstra spenning i ein lagkonkurranse. Resultatet avheng av alle. Gjer ein eit dårleg hopp, kan det gå ut over alle saman.
Silje Opseth seier seg også nøgd med bronsen.
– Vi drøymer alltid om å stå på toppen. Men eg trur likevel vi tek med oss dagen i dag som positiv, seier ho.
- Å ta gullet er heilt utruleg
Marita Kramer avgjorde den spennande gullkampen med eit kjempehopp på 104 meter.
– Det er fantastisk. Dei to siste vekene og i går har ikkje vore så enkelt for meg. Å ta gullet i dag er heilt utruleg, seier Kramer.
Slovenias Ema Klinec greidde berre 95,5 meter i konkurransens aller siste hopp. Det var akkurat litt for lite.
– Ja, det var eit veldig tett race. Eg var oppe i bakken då eg såg hoppet til Klinec, og tenkte at «jøss, dette blir tett». Eg er veldig fornøgd med hoppet mitt, og landinga – og veldig glad for at vi tok førsteplassen.