Roper varsku om fluorjuks: – Kan bli spekulasjon om smøredoping

Sjefen for innføringa av fluorforbodet i skiskyting har ikkje sett testapparatet som skal avsløre fluorjuks. Det bekymrar den norske skiskyttarleiren.

JTB

SER MOT EIN NY SESONG: Johannes Thingnes Bø. Her frå Blinkfestivalen i fjor.

Foto: Carina Johansen / Carina Johansen

– Det verkar som dei har konkludert på eit tynt grunnlag dersom sjefen for kommisjonen eller arbeidsgruppa aldri har sett eller prøvd testapparatet, seier smøresjef Tobias Dahl Fenre.

Allereie under VM i februar sa Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) at dei ville innføre fluorforbod i skiskyting. Tidleg i juni kom styrevedtaket. Om under eit halvt år er det sesongstart.

IBU-styremedlem Max Cobb, som er ansvarleg for arbeidet med fluorforbodet i skiskyting, fortel at han berre har fått rapportar om korleis apparatet fungerer.

– Har du sett testapparatet sjølv?

– Nei, men vi har folk som jobbar tett med laboratoriet. Kvar andre veke får vi oppdateringar og tekniske rapportar. Alt dette er konfidensiell informasjon. Eg kan ikkje gå inn på detaljane, seier Cobb.

– Men alt går som forventa?

– Vi er framleis på eit tidleg stadium. Det gjenstår masse testing, men så langt er alt på stell, seier Cobb.

Fluortest

UROLEG: Smøresjefen i skiskyting, Tobias Dahl Fenre, er bekymra for mangelen på informasjon frå utviklarane av testapparatet som skal avdekke fluorjuks.

Foto: NTBScanpix

Vil utsette i frykt for smøredoping

Den norske smøresjefen klarer likevel ikkje å slappe av med beskjeden om at Cobb har fått tilsendt gode rapportar.

Den uroen deler han også med norske landslagsutøvarar og støtteapparat. Trenar Siegfried Mazet vil utsette forbodet og starte ein testperiode i renn mot slutten av neste sesong.

Deretter kan forbodet tre i kraft, meiner franskmannen.

– Vi bør ha testing av dette dei to siste vekene neste sesong for å få full oversikt over korleis det fungerer. Det er smart om vi tar oss litt tid her, seier Mazet.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er klare på at fluor må vekk av miljøomsyn, men meiner også at den parallelle diskusjonen rundt testsystem blir viktig framover.

Dei ser faren for at metodane som skal stoppe juks, ikkje vil vere sikre nok ved sesongstart.

– Vi veit lite om kva som er testmetoden og kor vanntett den er. Toppidretten er ganske brutal, og opp gjennom historia så har vi svart på kvitt at folk prøver seg og folk juksar. Det trur eg kan skje her og, seier storebror Bø.

– Eg tvilar på at det blir eit fullgodt system heile vinteren. Dei må nok prøve og feile litt først. Eg håpar berre ikkje at det blir så synleg. Og dersom utøvarar plutseleg går veldig fort, kan det bli spekulasjon om smøredoping, seier Thingnes Bø.

Vil hjelpe å avdekke hemmelege metodar

I frykt for synleg kaos og skandalar har Fenre tatt kontakt med forbundet med ønske om samarbeid.

Smøresjefen meiner det er kritisk at smørarane ikkje har jobba tett med utviklarane av apparatet for å finne alle metodar for juks.

– Dei (utviklarane) veit lite om kva vi smørarar gjør. Det er veldig få som veit kva som skjer inni smørebua, kva vi kan gjere der og korleis vi jobbar. Så veit vi lite om korleis dei har tenkt å gjennomføre testing av dette, seier Fenre.

– Eg meiner det vil vere positivt om vi inngjekk eit samarbeid for å unngå at det blir ein konkurranse i kven som er best til å jukse, og ein kamp om å komme nærast mogleg ein grenseverdi, legg han til.

Lovar møte

Det internasjonale skiskyttarforbundet lovar no å komme raskt tilbake til smørarane, men kor tett samarbeidet blir er usikkert.

– Vi vil invitere til eit møte med nasjonane ved slutten av månaden der dei kan stille spørsmål og vi kan diskutere. Vi har ikkje hatt sjansen til å dele så mykje informasjon til no, men vi jobbar så raskt vi kan for å få alt på plass, seier Cobb.

Han legg til at eit regelverk for fluorforbodet vil komme på plass i september.

Max Cobb

SJEF: Max Cobb er styremedlem i Det internasjonale skiskyttarforbundet og leier arbeidsgruppa som skal innføre fluorforbod til vinteren.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Vil unngå at media står på døra mi

I mellomtida ventar den norske smøresjefen spent på informasjon som gjør han trygg.

– Dette er ikkje ein prosess som kan gå seg til. Her må alt på plass med ein gang. I forkant må vi inn med masse juss, fagkunnskap på molekylnivå og fagkunnskap på direkte skitesting. Om vi ikkje gjør ting på riktig måte framover, kan det smelle til vinteren, seier Fenre.,

Det verst tenkelege scenarioet er dersom fluortestaren tar feil.

– Det eg vil unngå, er at media står på døra mi og skal ta meg for at testane viser juks der det faktisk kan vere feil. Det er openbart at det kan bli gjort store feil når det er så mykje som skal på plass på så kort tid.

– Og det gjør deg ikkje hundre prosent avslappa?

– Nei, no er eg hundre prosent nervøs fordi eg ikkje har informasjon, seier Fenre.

Sportsnyheter

Newcastle og Tottenham ble avbrutt – drama på tribunen

Premier League-kampen mellom Newcastle og Tottenham måtte stoppes etter en medisinsk nødssituasjon på tribunen. Kampen er nå i gang igjen.

Siste nytt

  • Vålerenga ydmyket Arna-Bjørnar

    Vålerenga knuste Arna-Bjørnar hele 8-0 (!) på bortebane søndag ettermiddag. Synne Jensen og Katie Stengel var Oslo-lagets store spillere med to mål hver. Det var - ikke overraskende - lagets største borteseier i Toppserien denne sesongen, skriver NTB.

    Med seieren har blåtrøyene los på LSK Kvinner på bronseplassen. Det skiller to poeng mellom de to.

    Toppserien fotball 2021: Vålerenga - Arna Bjørnar (2-0)
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Lewandowski likt med Haaland

    Robert Lewandowski scoret de to første målene da Bayern München smadret Bayer Leverkusen 5-1 i søndagens toppkamp i Bundesliga. Med seieren overtok Bayern serieledelsen, ett poeng foran Erling Braut Haalands Borussia Dortmund.

    Med to mål deler nå Lewandowski toppscorertittelen med Haaland. Begge har ni mål på de åtte første serierundene. Haaland har imidlertid stått over to kamper med skade, og har derfor et vesentlig høyere snitt per kamp; 1,50 mot Lewandowskis 1,12.

    Thomas Müller scoret det tredje målet for Bayern Mücnchen, før Serge Gnabry puttet to ganger. Patrik Schick scoret trøstemålet for Leverkusen.

    Robert Lewandowski
    Foto: THILO SCHMUELGEN / Reuters
  • Sandviken tok stort steg mot gull

    Sandviken suser mot seriegull etter at de slo Avaldsnes 1–0 søndag ettermiddag. Innbytter Maria Brochmann ble den store helten da hun kranglet ballen i mål i det 69. minutt.

    – Det er kjempedeilig å komme inn å avgjøre. Nå seiler vi videre mot ... det nærmer seg noe, sier Maria Brochmann til NRK og gliser.

    Bergenserne trenger nå bare å vinne én gang på de to siste kampene for å sikre tittelen. Først venter tabelljumbo Klepp hjemme før sesongen avsluttes borte mot LSK Kvinner 13. november.

    – Nå har vi egentlig begge hendene på «det». Nå er det opp til oss selv. Jeg er så imponert over spillergruppen – den mentaliteten de har kan ta oss hele veien, sier Sandviken-trener Alexander Straus.

Sendeplan

Kl. Program Kanal