– Dette er ein kamp vi må vinne. Det er veldig viktig, sa José Mourinho til The Telegraph før møtet med ukrainske Zorya Luhansk.
Lenge var det fare for at Manchester United nok ein gang skulle gå av banen i Euorpa utan triumf - heilt til Wayne Rooney fekk tillit av Mourinho.
Kapteinen måtte igjen sitte på benken då kampen starta. I helga var han ikkje med då United knuste Leicester.
«Alle» vil ha Rooney ut av José Mourinhos stjernelag, men i Europaligaen torsdag kveld fekk han i alle fall vere med og utgjøre ein forskjell.
Rooney-opptur
I det 68. minutt stod innbyttar Rooney perfekt plassert i feltet, men fekk ikkje kontroll på innlegget. 30-åringen forsøkte å skyte, men i staden blei det ein kne-pasning til Zlatan Ibrahimovic, som scora kampens einaste mål.
Men i det 83. minutt ga Rooney skeptikarane igjen grunn til å stå fast på at Rooney bør ut av laget: Ein god overgangsmoglegheit stoppa hos Rooney, som var upresis i pasningsspelet. Då var United-spelarane i kraftig overtal framfor Zorya-målet.
United var elles ikkje spesielt farlege for gjestene frå Ukraina, men kunne ha tatt leiinga då Marcus Rashford avslutta i tverrliggar i første omgang.
Ibrahimovic ikkje fornøgd
Målscorar Zlatan Ibrahimovic var letta over å endeleg vinne i Europaligaen, men måten det skjedde på var han ikkje fornøgd med.
– Eg forventar meir av laget. Vi scora ikkje som vi gjorde mot Leicester, men bare det å vinne i dag er godt for sjølvtilliten. Om vi held fram og hever oss vil vi gjøre det bra, seier Ibrahimovic til BBC.
I starten av andre omgang var heimelaget i fare for å gå på ein smell då Zorya hadde sin beste overgang for dagen. Karavaev la inn og traff nesten foten til lagkamerat Ljubenovic, som akkurat ikkje nådde fram til ballen framfor mål..