NRK Meny
Normal

Rooney kan miste resten av sesongen

Ifølgje fleire britiske medium vil Wayne Rooney sjå dei resterande Premier League-kampane frå sidelinja. Ei dårleg tå og fotball-VM skal vere grunnen.

Wayne Rooney

Manchester United-spelar Wayne Rooney i duell med Bayern München-spelar Mario Götze i kvartfinale i Champions League. Den tyske favoritten gjekk sigrande ut etter 3–1 på heimebane og 4–2 samanlagt.

Foto: Matthias Schrader / Ap

Manchester United-angriparen har slite med ein skade over tid, men blei friskmeldt før nederlaget mot Bayern München i Tyskland.

No vil derimot Wayne Rooney stå over dei resterande seriekampane, melder fleire britiske medium.

Det skal vere kjelder i Manchester-klubben som fortel at angriparen ikkje skal spele dei siste fem Premier League-kampane. The Telegraph, Daily Mirror, Metro og Daily Star er blant avisene som melder saka.

Dårleg tå må få ro

Det er ei svært dårleg, bresta tå som skal vere problemet for Rooney. Når Manchester United no er ute av Meisterligaen og er sjanselause på topp fire i Premier League, kan superspissen truleg bli kvilt.

– Det bresta beinet vil fikse seg sjølv, men det vil ikkje skje over natta, skal ei kjelde i klubben ha fortalt Daily Star.

Han gjekk på sterke smertestillande i München torsdag då laget trengde han, men han burde eigentleg ikkje spelt, seier kjelda vidare.

– Denne sesongen går mot enden og United har lite å spele for, så hovudprioriteringa hans er å vere sikker på at han er 100 prosent til VM-førebuingane.

Vil ikkje misse Brasil

Det er ikkje veldig vanleg at engelske spelarar blir kvilt for å vere klare for landslaget, men det kan United-manager David Moyes fort gjere no.

Moyes har allereie innrømma at det var Rooney sitt val om han ville spele mot Bayern München eller ikkje. No kan han truleg få kvile, slik at VM ikkje blir risikert.

England opnar fotball-VM i Brasil mot Italia om to månader. Då vil England-trenar Roy Hodgson gjere ha spissen i perfekt form, skriv engelske medium.

David Moyes

David Moyes kan fort spare Wayne Rooney i dei resterande fem Premier League-kampane.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

Siste nytt

  • Wolff Eikrem frigitt

    Magnus Wolff Eikrem er frigitt fra Seattle Sounders, etter kun en halv sesong i klubben. Det bekrefter klubben på sine hjemmesider.

    Det ble 17 kamper og to mål for midtbanespilleren i MLS, der kun seks av kampene var fra start.

    Magnus Wolff Eikrem
    Foto: Ted S. Warren / AP
  • Son signerte forlenget med Spurs

    Tottenhams sørkoreanske stjerne Son Heung-min har signert en ny kontrakt med London-klubben som gjelder til sommeren 2023.

    26-åringen har scoret 47 mål på 140 kamper for Tottenham siden han ble hentet fra tyske Leverkusen sommeren 2015.

    South Korea Heung-Min Son
    Foto: Lee Jin-man / AP
  • Løkberg til Brann

    Brann har sikret seg Ranheim-profilen Kristoffer Løkberg. Det melder bergensklubben på sin hjemmeside. 26-åringen har imponert på Ranheims midtbane så langt i eliteserien, og vært ønsket i Brann en stund. – Det er litt vemodig, sa han til brann.no

    Eliteserien i fotball 2018. Ranheim møter Sarpsborg.
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
X Games Minneapolis
X Games Minneapolis -- Menn BMX Street Finale | Dave Mirra's BMX Park beste triks
X Games Minneapolis -- Menn Motorcross Quaterpipe High Air Finale | Menn BMX Big Air Finale | Menn Motorcross Freestyle Finale