NRK Meny
Normal

Rooney enda måltørka og sendte United til meisterligaen

Han hadde ikkje skåra i ein offisiell kamp for Manchester United sidan 4. april. I kveld blei Wayne Rooney hattrick-helten som sendte United tilbake til det gode selskap.

FBL-EUR-C1-CLUB BRUGGE-MANCHESTER UNITED

ETTERLENGTA: Endeleg fekk Wayne Rooney hol på målkontoen og då rann det inn. Tre mål skåra han i sigeren over Club Brügge.

Foto: KURT DESPLENTER / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var forferdeleg sist sesong utan meisterliga. No var det svært viktig at me kom inn, sa Wayne Rooney i intervju etter kampen vist på Viasat 4.

Meisterligahymnen er det nok fleire enn Rooney som har sakna på seine haustkveldar i den raude delen av Manchester det siste året.

I Belgia i kveld stod berre det siste hinderet att før Manchester United igjen kunne gyve laus på eit gruppespel, etter eit år utan spel mot dei beste i Europa. Med 3-1 frå heimemøtet var aldri det eit høgt hinder å stige over.

Spesielt ikkje med ein gamal storskårar tilbake i målform.

SOC/ Club Brugge v Manchester United - UEFA Champions League Qualifying Play-Off Second Leg

GOD HJELP: Både Memphis Depay og Juan Mata viste svært godt samarbeid med Wayne Rooney og hadde begge målgjevande pasningar.

Foto: Carl Recine / Reuters

Chicharito brann straffe

For etter at både Falcao og Robin Van Persie har forsvunne ut dørene på Old Trafford har presset berre blitt større på klubbens største stjerne. Louis Van Gaal har blitt pepra med spørsmål om det er ein ny toppspiss på veg.

Men kanskje viste Wayne Rooney i kveld at det ikkje er nødvending.

Etter 20 minutt set Memphis Depay opp farta, riv seg laus og spelar elegant vidare til Rooney. Chippen sitter rett i nettet og 1-0 til bortelaget. Den nederlandske ungguten viste gang på gang godt samarbeid med spissen framfor seg, og var også involvert på 2-0 målet då han nærmast opna forsvaret på eigehand. Klikk-klakk sa det, mellom Depay, Herrera og sjølvsagt Rooney og 2-0.

Enda meir lekkert gjer Juan Mata det når han finn, ja kven andre Wayne Rooney, med ein nydeleg stikkar etter 57 minutt. Og 29-åringen ser ut som han har hatt alt anna enn måltørke dei siste månadane og pirkar inn ballen gjennom Brügges tyrkiske keeper Bolat. Rooneys fyrste hattrick i Europa på 11 år, var eit faktum.

Etter kampen var det ein tydeleg glad Rooney som kom til intervjusona.

– For å være heilt ærleg: Om eg ikkje hadde hatt den karakterstyrken eg har, så kunne kritikken ha påverka meg. Men eg har aldri vore bekymra, og eg visste at eg kom til å skåre igjen, sa Rooney.

Ander Herrera fekk også vere med på målfesten etter nok ein perfekt gjennombrotspasning, denne gongen frå innbyttar Bastian Schweinsteiger. 4-0 kunne blitt til 5-0 når Chicharito stod klar på straffemerket

Men ballen skaut han utanfor, kampen ender 4-0 og 7-1 samanlagt til Manchester United som dermed igjen er klare for gruppespelet i Meisterligaen.

Siste nytt

  • Ronaldo nærmer seg 300-klubben

    Cristiano Ronaldo har for alvor funnet målformen i La Liga. Real Madrid-stjernen gjorde sitt åttende seriemål på under en måned i 5-3-seieren borte mot Betis. Ronaldo er nå tre mål unna å ha scoret 300. ganger i den spanske toppdivisjonen.

    Ronaldo
    Foto: Paul White / AP
  • Svendsen får gå mixed-stafett

    Laget som får gå mixed-stafetten i skiskyting ble klart søndag kveld norsk tid. Det er følger (i alfabetisk rekkefølge): Johannes Thingnes Bø, Tiril Kampenhaug Eckhoff, Marte Olsbu, Emil Hegle Svendsen.

    Morten og broren
    Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix
  • Ny seier for Team Ulsrud

    I natt slo de Danmark før Team Ulsrud i ettermiddag knuste USA i den niende omgangen, med 8-5. Den muligheten fikk de etter en amerikansk kjempeblemme i 5. omgang. Med tre seiere er nå Norge på en delt fjerdeplass. Det er de fire beste som når en semifinale.

    OLYMPICS-2018-CURL-M-RR-USA-NOR/
    Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL i Pyeongchang: Curling innledende runder
OL i Pyeongchang
OL i Pyeongchang: Skøyter 500 m menn
OL i Pyeongchang: Hopp, lagkonkurranse menn
OL-magasin
Høydepunkter fra dagen
OL-magasin
Henrik Kristoffersen - fra Marikollen til Pyeongchang