– Eg vil gratulera heile spelargruppa og trenarteamet. Vi gjorde alle ein fantastisk jobb. Eg syns vi var det beste laget og skapte mest sjansar, men det var ein tøff kamp og Polen var gode, sa ein strålande nøgd Ronaldo til uefa.com, etter at plassen i semifinalen var sikra.
Men det var Polen som starta best og gjekk i føringa, før Portugal utlikna og til slutt stod att som vinnar etter straffesparkkonkurranse.
Tidlegare i EM har Ronaldo fått kritikk for måte han har oppført seg på, både under og etter kamp. Men for 31-åringen betyr det å vinna alt og når ting ikkje går hans veg viser han det klart og tydeleg, noko ein ser godt i albumet over.
For under straffesparkkonkurransen stod dei portugisiske spelarane samla på midtbana, medan Ronaldo heldt seg for seg sjølv og knapt torde å sjå på.
– Det kan visa egoisme, men han var nok nervøs, for han torde nesten ikkje å sjå på, men titta fram mellom knea til lagkameratane, seier fotballforskar og professor, Geir Jordet, ved Noregs idrettshøgskole, som har følgd Ronaldo nøye sidan EM i 2004.
– Han er ein stor spelar, men han er litt frustrert. Han kunne ha scora i dag (mot Polen) og han kunne ha scora førre kamp, seier Nani til VG.
- Les også: